Høgskulen i Sogn og Fjordane har delt ut Pris for godt fou-arbeid til:

Oddbjørn Bukve

for år 2001


Prisen er på totalt kr. 30.000 i tillegg til eit diplom laga av kunstnaren Magne Vangsnes

Nemnda si grunngjeving:
Fou-prisen ved HSF vert i år delt ut for tredje gong. I punkt seks i statuttane heiter det at prisen berre skal delast ut dei åra det føreligg godt kvalifiserte kandidatar. Dette punktet har hittil ikkje skapt hovudbry for utvalsmedlemmane. Tvert i mot har det vore slik at vi har hatt for mange kandidatar.

Prisen for godt FoU-arbeid er oppretta for å gi anerkjenning til fagpersonar eller fagmiljø ved HSF som har utført forskingsarbeid, utviklingsarbeid og/eller kunstnarleg utviklingsarbeid som held høge faglege mål i ein nasjonal og internasjonal målestokk. Ved tildeling av prisen skal det leggjast særleg vekt på høg kvalitet av det utførte FoU-arbeidet samt at FoU-arbeidet skal fremje den faglege profilen til høgskulen og utvikle fagmiljø knytt til høgskulen sitt studietilbod. 

Prisen er ei belønning som vert tildelt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein spore til vidare innsats. Prisen består av ein pengesum på kr 30 000, ein diplom/grafisk trykk med namnet på prisen, år for tildeling og grunngjeving for prisen. 

Ved tildelinga av prisen har nemnda teke utgangspunkt i følgjande kriterium: internasjonale og nasjonale publikasjonar, invitert forskingsverksemd, utvikling av fagmiljø, rettleiing av doktorgrads- og hovudfagsstudentar, og deltaking i komitear for utvikling og/eller evaluering av forskingsområde.

Prisvinnar
Årets prisvinnar skåra høgt på dei fleste av desse kriteria. Han er samstundes ein av dei mest markerte og effektive forskarane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er ein dyktig forskingsentreprenør med høg tillit i det nasjonale forskingssystemet. Han har vore prosjektleiar for ei rekkje store og viktige NFR-finansierte forskingsprosjekt. Og han har skrive og publisert mykje. Eg nemner mellom anna: artiklar i internasjonale tidskrift med refereeordning, lærebøker, rapportar, mange konferansebidrag og papers, og ei rekkje foredrag av både fagleg og populærvitskapleg karakter. 

Årets prisvinnar heiter Oddbjørn Bukve.

Bukve er førsteamanuensis ved studiet i organisasjons- og administrasjonsvitskap ved AØS. Her har han vore tilsett sidan september 1997. Han har elles vore forskar og forskingsleiar ved Vestlandsforsking, høgskuledosent II ved HSF, førsteamanuensis ved SFdh og vidare arbeidd ved NIBR og ved Finnmark distriktshøgskule. 

Ved HSF har Bukve utmerka seg som ei drivkraft i forskingsarbeidet både ved avdelinga og ved høgskulen generelt og som ein talsmann for å betre forskingsvilkåra, bl.a. som leiar av utvalet som laga fou-innstillinga i 1999. Bukve har teke initiativ til danning av fleire forskarnettverk ved høgskulen. Han utmerkar seg også som ein forskar som tek seg tid til å hjelpe og drøfte fou-arbeid med kollegaer. Spesielt har han vore ei støtte for nytilsette som ønskjer å kome i gang med forskingsarbeid. 

Bukve sine forskingsområde er regionalpolitikk, næringsutvikling og lokal/regional styring. Det er det lokale og regionale, kommunane og regionane som dannar empirisk basis for forskinga hans. Men Bukve er så langt frå provinsiell. Forskinga hans på alle desse felta held høge faglege mål både i ein nasjonal og internasjonal målestokk.

Bukve har uvanleg god kunnskap om næringsutvikling i norske distriktskommunar. I dei siste arbeida sine har han vore spesielt oppteken av korleis lokale aktørar kan påverke lokalsamfunna si utvikling, og kva for rolle lokale utviklingsnettverk betyr for prosessane i lokalsamfunna. Dette er også tema for doktorgardsarbeidet hans, som har tittelen: ”Lokale utviklingsnettverk: ein komparativ analyse av næringsutvikling i norske kommunar.” Ei dr.philos-avhandling han på ein framifrå måte forsvarte under disputasen ved Universitetet i Bergen i juni 2001. Som ein av dei som var tilstades der, lurte eg stundom på kven som hadde mest innsikt og kunnskap; doktoranden eller opponentane. 

Når det gjeld publisering, har Bukve også ei imponerande liste. I dei to siste åra har han vore aktiv på alle områda vi i utvalet har kunna liste opp. Dette gjeld alt frå artiklar i internasjonale vitskapelige tidsskrift med referee, via bøker, bokkapitel og fagartiklar i dagspressa, til foredrag på fagkonferansar og populærvitskapelige foredrag. I 2002 og 2001 har han i alt 18 slike publikasjonar. 

Samtidig med ferdiggjeringa av det omfattande doktorgradsarbeidet har Bukve teke på seg å leie to større forskingsrådsprosjekt. Begge prosjekta er knytt til forskingsrådets program for regional utvikling. Det eine dreier seg om ein studie av regionalpolitikken på regionnivået. Det andre er eit nasjonalt forskarnettverk om regional politikk og planlegging. På begge desse prosjekta har han også fått med seg andre fagtilsette ved avdelinga.  Samtidig er Oddbjørn Bukve leiar for eit anna NFR-prosjekt om Kommunalpolitikk, administrasjon og ansvar, finansiert av NFR sitt Kommunelovprogram. I dette prosjektet er han også rettleiar for doktorgrads- og hovudfagskandidatar. Som ein ser, legg han slett ikkje inn årene sjølv om han nett har teke doktorgraden. 

Vi treng fleire forskarar av Oddbjørns format ved HSF. Som kan kombinere fagleg dugleik og kompetanse, som kan publisere mykje og skrive godt, som kan vere aktiv deltakar i viktige forskingsnettverk, sentral premissleverandør til den aktuelle samfunnsdebatten med basis i solid fagleg kunnskap, vere rettleiar for yngre forskarar, og samtidig vere ein dyktig forskingsentreprenør.

Denne gjennomgangen av Oddbjørn Bukve sin aktivitet som forskar og forskingsentreprenør etterlet ingen tvil om at han er ein verdig mottakar av prisen. 

Ole T. Kleiven
medlem av tildelingsnemnda
 

Nemnda som har tildelt prisen, har bestått av:
Ole T. Kleiven, prorektor,
Leif Hauge, dekanus, 
Berit Bringedal, førsteamanuensis (leiar), 
Jan Olav Fretland, førsteamanuensis. 
Sekretær: fou-leiar Georg Arnestad.

 
Ansvarleg: fou-leiar Georg Arnestad
Teknisk tilrettelagt 11.01.2002 av  Petter Stenstadvold