Nemnda si grunngjeving Ved tildelinga av fou-prisen for 2003 har nemnda teke utgangspunkt i dei kriteria som er nemnde. Nemnda har i år valt å leggje særleg vekt på det statuttane seier om godt og aktivt arbeid med forskingsformidling og populærvitskapleg aktivitet. Sataøen er cand. polit. frå Universitet i Oslo med hovudfag i pedagogikk. Han vart tilsett ved Sogndal lærarhøgskule i 1980, og har sidan då vore i fou-systemet i Sogndal. Mesteparten av tida har han vore ved høgskulen, men han har og arbeidd ved Vestlandsforsking. Sataøen har vore førsteamanuensis ved HSF sidan 1992. I den tida han har vore tilsett i HSF, har han vore fagleg aktiv på mange ulike felt. Han har undervist i førskulelærarutdanninga, allmennlærarutdanninga, praktisk pedagogikk utdanning og på vidareutdanningar i faga pedagogikk og samfunnsfag, og har hatt rettleiingsansvar for hovudfagsstudentar ved Norsk Lærarakademi. Han var også fou-rettleiar ved Avdeling for lærarutdanning i perioden 1998-2001. Som del av det faglege arbeidet ved avdelinga har Sataøen vore sentral i planlegging og gjennomføring av førskulelærarutdanning med vekt på problembasert læring som arbeidsform og læringsstrategi. Han har òg vore aktiv i planlegging og gjennomføring av nettbasert desentralisert førskulelærarutdanning (D-nett). Sataøen har òg vore ein nøkkelmann i ulike evalueringsarbeid og komitear og utval knytt til førskulelærarutdanninga, både nasjonalt og internasjonalt. Han var leiar av Norgesnettrådet sin evalueringskomité for førskulelærarutdanning i 2001, medlem av Danmarks Evalueringsinstitutt si evalueringsgruppe for den danske pædagoguddannelsen i 2002/03, medlem i eit UFD-oppnemnt utval for å lage rammeplan for pedagogisk teori og praksis i dei ulike lærarutdanningane i Norge (2001) og medlem i BFD si arbeidsgruppe for menn i barnehage 1995-2000. Sataøen har òg gjennomført ei rekkje vitskaplege og prosjektretta arbeid knytt til barnehagesektoren og utviklingsarbeid i barnehagar. Pedagogane er den største faggruppa ved HSF. Sataøen er den pedagogen som mest har markert seg gjennom aktivt arbeid med forsking, utviklings- og formidlingsarbeid gjennom mange år. Ser vi på databasen forskpub, er Sataøen éin av dei fagtilsette ved HSF som dei siste åra har publisert aller mest. Han har ein brei og omfattande fagleg produksjon med hovudvekt på lærebøker for pedagogikk og samfunnsfag i førskulelærarutdanninga, populærvitskaplege artiklar i ulike tidsskrift og aviser, rapportar og ei rekkje foredrag både i Noreg og i utlandet. Sataøen har gjort ein viktig innsats gjennom sitt faglege engasjement kring spørsmåla om menn i førskulelæraryrket. Han har bidrege vesentleg til å setje søkjelys på dette emnet og til å utvikle faglege perspektiv og politiske føringar på utfordringar knytt til mannlege førskulelærarar. Elles er det grunn til å trekkje fram den rolla Sataøen har spelt innanfor satsinga på lokalt utviklingsarbeid i barnehagen, og oppbygging av høg kompetanse på dette feltet. Her har HSF også vorte ein sers nyttig regional utviklingsaktør markert mellom anna gjennom den årlege Barnehagekonferansen i Loen med 350 deltakarar. Eit føredøme for andre profesjonsutdanningar ved HSF! Sataøen har vore viktig for den faglege profilen til høgskulen. Gjennom Sataøens engasjement knytt til barnehagesektoren, særleg i Sogn og Fjordane, og hans store kontaktnett nasjonalt og nordisk, har Avdeling for lærarutdanning og idrett vorte ein viktig regional utviklingsaktør på barnehagesektoren. Profesjonsutdanningane ved HSF treng fleire fagfolk av Sataøens format. Og Høgskulen treng fleire fagfolk som kan vektleggje fagleg formidling, nettverksarbeid og popularisering like sterkt som Sataøen gjer det. Det er likevel grunn til å peike på at basisen for Sataøens varierte faglege verksemd er eit fagkritisk blikk kombinert med eit sterkt fagleg engasjement. I større grad enn dei fleste andre fagfolk ved HSF har Sataøen evna å byggje bruer mellom den vitskaplege og den populariserte kunnskapen. Dette er eit ansvar som mange forskarar ikkje tek på alvor. Det handlar om å byggje bruer over ein liten avgrunn. Sataøen er ein ypparleg fagleg brubyggjar. Han er også ein glimrande formidlar, rettleiar og både regional og nasjonal utviklingsaktør. Svein Ole Sataøen er ein verdig vinnar av HSF sin fou-pris for 2003! Prisen for godt FoU-arbeid er oppretta for å gi anerkjenning til fagpersonar eller fagmiljø ved HSF som har utført forskingsarbeid, utviklingsarbeid og/eller kunstnarleg utviklingsarbeid som held høge faglege mål. Ved tildeling av prisen skal det leggjast særleg vekt på høg kvalitet av det utførte FoU-arbeidet samt at FoU-arbeidet skal fremje den faglege profilen til høgskulen og utvikle fagmiljø knytt til høgskulen sitt studietilbod. Det kan òg leggjast vekt på godt og aktivt arbeid med forskingsformidling og på populærvitskapleg aktivitet. Prisen skal vere ei belønning som vert tildelt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein spore til vidare innsats. Prisen består av ein pengesum på kr 30 000, ein diplom og eit grafisk trykk med namnet på prisen, år for tildeling og grunngjeving for prisen. Nemnda som har tildelt prisen, har bestått av: Ole T. Kleiven, prorektor og leiar av nemnda, Leif Hauge, førsteamanuensis, Avdeling for ingeniør-og naturfag, Ingrid Fossøy, førstelektor, Avdeling for lærarutdanning og idrett og Jan Olav Fretland, førsteamanuensis, Avdeling for lærarutdanning og idrett. Sekretær for utvalet er fou-leiar Georg Arnestad. Fou-prisen ved HSF vart i år delt ut for femte gong. Ole T. Kleiven |
| Ansvarleg/teknisk tilrettelegging:
Berit
Amundsen
Sist oppdatert 16.01.2004 |