Skjema for skulane -

satsingsområde i Sogn og Fjordane 2004 – 2005

Plan og rapport frå Naustdal barne- og ungdomsskule

Gi rom for lesing!

 

A: Plan

1. Tittel på satsingsområde:

LESELYST OG LESEGLEDE

 

2. Skular som er med:

Skule: Kontaktp. E-post Heimeside Telefon Telefaks
Naustdal barne- og ungdomsskule Marit Varpe Kaasen marit.kaasen@naustdal.kommune.no   57816301 57816310

 

3. Målformulering:

"Alle elevar skal bli gode og glade lesarar og gode skribentar."

Dette skal ein nå ved å:

  • sikre kontinuitet i lese- og skriveopplæringa
  • førebyggje lese- og skrivevanskar
  • sikre tilpassa opplæring
  • gjere biblioteket til ein viktig medspelar i leseopplæringa
  • skape leseglede og skriveglede
  • gjere foreldra til aktive medspelarar

Ein god og glad lesar har nøkkelen til all opplæring, får gode leseopplevingar gjennom litteratur og opplever eigenverd og god sjølvkjensle.

 

 

 

4. Omtale av tiltaka (ca ½ side.):

1. Skulen har utarbeidd "Plan for norsk skrive- og leseopplæring, bibliotek- og informasjonskunnskap". Planen er forpliktande for heile skulen og sikrar progresjon, heilskap og samanheng innafor lesing og skriving frå 1.-10. klasse, og opplæring i bibliotekdugleik, litteraturarbeid og informasjonskunnskap.

Planen har klåre elevretta tiltak og målformuleringar på kvart årssteg.

Faggruppa i norsk med deltakarar frå 1.-10.klasse, følgjer opp gjennomføringa av planen i kvar klasse.

  1. Auke kompetansen innan lese- og skriveopplæring med vekt på metode og strategiar i begynneropplæringa. Kommunalt prosjekt for alle skulane i kommunen og i samarbeid med PPT.
  2. Auke kompetansen innan aktuell og ny barne-og ungdomslitteratur. Samarbeid med skule- og folkebiblioteket med m.a. bokutstillingar, lese-for-kvarandre-økter, bokprat og forfattarbesøk.
  3. Skape skriveglede ved å legge til rette for skriveverkstad og skrivetevlingar og der tekstbase på Fronter vert nytta til publisering av tekstar.
  4. Skape leseglede ved å utvikle gode lesemiljø, bruke ressursar på bøker/utstillingar, arrangere lesedagar der vaksne og elevar inspirerer kvarandre.
  5. Ta i bruk/utvikle spesielle lesestimulerande tiltak for å auke motivasjonen for lesing, og utvikle gode læringsstrategiar. (eks. Grip boka, Leselyst, Txt-aksjonen, Les Noreg rundt)

 

5. Framdriftsplan:

a: Viktige datoar/milepelar:

Når Kva Ansvarleg
August-september Faggruppa i norsk - prioriterar felles tiltak på trinna Dagfrid Gulholm

Marit Varpe Kaasen

Oktober-november Gjennomfører ulike leseprosjekt Dagfrid Gulholm og

Eva Dale, norsklærarane

November -Deltaking på kurs om "Årets barne- og ungdomsbøker

-Deltaking Sunnfjordnett

Dagfrid Gulholm

Marit Varpe Kaasen

Desember -Forfattarbesøk 1.-4.kl

-Norskprosjektet,samling

Biblioteklærar

Rektor

Månadleg Faggruppa følgje opp framdrifta i "norskplanen" Dagfrid Gulholm

Eva Dale

IKT-ansvarleg

Februar/mars Forfattarbesøk 5.-7.

og 8.-10

-Norskprosjektet,samling

- Grip boka

Biblioteklærar

Rektor

Hallfrid Tefre

April Markering av Verdbokdagen Biblioteklærar,

bibliotekar

Mai Evaluering av arbeidet i klassane Dagfrid Gulholm, Eva Dale

Marit Varpe Kaasen

 

b: Vurdering undervegs og til slutt:

Når Korleis Ansvarleg
Februar 05 Evaluering i samband med utviklingsplanen Marit Varpe Kaasen
Mai Evaluering av planen, vidareføring Dagfrid Gulholm

Eva Dale

 

6. Samarbeidspartnarar (næringsliv og lokalsamfunn):

Namn på lag, organisasjon eller bedrift m.m. Type samarbeid
Naustdal Folkebibliotek Praktisk samarbeid om bøker, utstillingar, forfattarbesøk, leseprosjekt.
Fylkesbiblioteket Undervisningsopplegg, klassesett med bøker
Andre kommunar Forfattarbesøk

 

7. Finansiering/ressursar:

Ressursar Kr
Tilskot frå staten/regionen/fylkeskommunen/kommunen Kr. 9 000,-
Andre tilskot  
Eigne driftsmidlar Kr. 20 000,-
Bruk av eiga arbeidstid (1 time = kr 150.-) Timar:320x150 Kr. 48 000,-

 

8. Plan for formidling til andre:

I eigen kommune:


Rektormøte

Pedagogisk kafe

Lærarsamlingar

 

Utanfor eigen kommune:

Vi formidlar til dei som måtte vere interesserte i prosjektet og planen vår.

 

B: Sluttrapport

Sluttrapport eller rapport pr. 15.5. 2005

Vurdering av grad av måloppnåing og gjennomføring i høve til planen. Endra tiltaka/satsinga retning undervegs, eventuelt på kva slags måte? Gjer kort greie for korleis måloppnåinga blir vurdert.
Korleis er informasjon, resultat og erfaringar formidla vidare til andre?
Vurdering av og eventuelt framlegg til korleis tiltaka/satsinga kan førast vidare eller følgjast opp.

Før opp evt. gode idear, metodar, døme på læremiddel o.a. som kan vere av interesse for andre.

Gje rom for lesing:

  NBU sin ”Plan for norsk skrive- og leseopplæring, bibliotek- og informasjonskunnskap”  er ein fleirårig plan der ”Leselyst og leseglede” er ein av delane. For å nå målsetjingane  i planane er det såleis ein føresetnad at satsinga held fram.

Tiltaka som er skisserte i planen ”Gje rom for lesing” er  gjennomførte. Det er godt samsvar mellom ulike tiltak og milepelane som er sett.

Norsk faggruppe med deltakarar frå 1.-10. klasse har følgt opp gjennomføringa av planen. Informasjon, resultat og erfaringar har også vore tema på hovudstegsmøte og klassestegsmøte.

 Kommentar til nokre av tiltaka:

Tiltak 2:  Det kommunale prosjektet innan lese- og skriveopplæring har av ulike grunnar ikkje hatt den framdrifta ein tenkte seg. Samarbeidet bør halde fram og  plan for leseopplæring må ha fokus dei neste åra og der både det individuelle perspektivet og systemperspektivet skal takast i vare.

 Tiltak 3 og 5: Samlokalisering av Folkebiblioteket i Naustdal og skulebiblioteket har vore svært bra både for elevar og pedagogar.  Biblioteket har vore ein viktig medspelar i m.a. leseprosjekt og tverrfaglege arbeid. Har hatt mange ulike utstillingar knytt til både tema, sjanger, forfattarbesøk og konkrete prosjekt.

 Tiltak 4: Nokre av klassestega har arbeidd mykje med tekst. Har t.d hatt skriveverkstad som ein av aktivitetane ved markering av Verdas Bokdag. Inne verande år hadde vi tema 1905-2005.

 Som ein del av planen for ”Overgangane i skulen” har vi gjennomført eit eige skriveprosjekt for 7. klassane ved alle skulane i kommunen og med Fronter som plattform.

 Tiltak 6: Alle klassestega har gjennomført eitt større leseprosjekt dette året. Fleire av klassane har i tillegg hatt leseprosjekt med varierande lengde. Utlån av bøker har auka mykje. Testing av lesedugleik syner at elevane har ei klår positiv utvikling.

 Vidare arbeid:

Fleire av tiltaka må vidareførast og nokre nye må inn for å få ønska effekt:

-           ”Plan for norsk skrive- og leseopplæring, bibliotek- og informasjonskunnskap” må ”spissast” for å gjere leseopplæringa meir systematisk og vere i tråd med ny læreplan.

-           Bruke ressursar på å utvikle/ etablere eit eige leserom

-           Ha fokus på t.d  Verdens bokdag med ulike aktivitetar

-           Skolering av personar til ”Bokåpnarar”

-           Nytte bøker/forfattarar som utgangspunkt for tverrfagleg arbeid/prosjekt.