"Songs and Rhymes for the Teaching of English"

 

Statens lærarkurs har gjeve midlar til innsamlinga gjennom nettverket i engelsk for etterutdanning, som er lokalisert til engelskavdelinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Difor vil du finna dette på heimesida til HSF under avdeling for økonomi og språk. Du kan skriva ut så mykje av stoffet du vil utan ekstra kostnader for deg eller du kan ta utdrag som du vil bruka til førebuing.

Arbeidet er utført av høgskulelektor Ragnhild Lund, avdeling for lærarutdanning, Høgskolen i Vestfold og førsteamanuensis Bjørn Sørheim, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Begge har i lang tid arbeidd med engelskopplæring i småskulen og på mellomtrinnet.

Det innsamla materialet er stort sett tradisjonelle songar, rim og reglar. Vi har ikkje lagt ut songar eller rim som vi veit er copyright på, men i nokre tilfelle har vi gitt opp tittelen på flotte tekstar og vist til lærebøker der dei finst.

Det er produsert ein CD med så godt som nesten alle songane på. Den er laga av profesjonelle musikarar saman med songarar , vaksne og born av forskjellig nasjonalitet. CD'en kostar kr 250 og kan bestillast frå Bjørn Sørheim, Høgskulen i Sogn og Fjordane, AØS, Pb, 133, 6851 Sogndal, e-mail bjorn.sorheim@hisf.no tlf 57 67 63 50, privat 57 67 24 04, eller Ragnhild Lund, Høgskolen i Vestfold, Pb 2243, 3103 Tønsberg e-mail Ragnhild.Lund@hive.no tlf 33 03 14 17.

Vi håpar at samlinga vil vera til hjelp i det daglege arbeidet med å finna fram til spennande aktivitetar i engelskundervisninga etter L97.

 

Klik her for å laste ned songheftet (Word format)

 

 Ragnhild Lund                                                                                                      Bjørn Sørheim