NB! Opn fila i nytt vindauge dersom du ynskjer å bruke heile skjermen.  Dette gjer du enklast ved å trykke på høgre musetast med peikar på linkteksten og deretter klikke på nytt vindauge.  Alternativet er  å ta opp dokumentet naturkultur frå underteikna si nettside http://www.hisf.no/anf/nfl/Leknes/kurs/index.htm ved å skrive inn eller ved å kopiere og lime inn nettsideadressen.

UNDERVISNINGSKOMPENDIUM ANF /2004

SKOGEN OG LIVET DER I NOTID OG FORTID

INGVAR LEIV LEKNES

AVDELING FOR NATURFAG

FORORD (Les forordet nøye)

Dette undervisingskompendiet inneheld ein del utvalte tema for faget Naturfag med miljølære for førskulelærarling, 1 klasse (1F), 2 studiepoeng, tverrfagleg opplegg i Blokk 2: Det leikande og skapande barnet,  Tema: Barn og kultur.  Det finst berre som nettutgave og er også meint som bakgrunnstoff ved ei utferd i nærmiljøet medio mai. månad 2004.   Stoffet er henta frå Notatet "Naturfag med miljølære for høgskular" av Ingvar Leiv Leknes, Avdeling for naturfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane, 1996 (720 sider). Når det gjeld aktuelle litteraturlister og opplegg for praktiske aktivitetar/øvingar, kan desse kopierast frå Notatet, som finst  på bibliotekavdelingane på Fosshaugane og i Fjøra og som også kan kjøpast på Avdeling for naturfag (pris kr. 100,-). Denne nettversjonen har figurar og figurtekst. Figurar vil etter planen også bli oppteikna under førelesingar, eventuelt delt ut i elevøingstimar.

Sogndal, 26. november 2003

Ingvar Leiv Leknes

 

Skogen

 

Oppbygnad og funksjon

Økosystemet skogen er mennesket sitt eige økosystem  dvs. dei nære forløparane til menneskearten vart utvikla i dette økosystemet.       Mennesket har også ei rekkje karakteristisk eigenskapar som er nedarva frå  skoglevande forløparar for arten, t.d. eit svært godt syn og veltilpassa gripehand.    Det er framfor alt økosystemet skog\kulturlandsskap som barn først lærer å kjenne og som dei har lettast for å forstå.  Det er derfor naturleg at ein i skulen legg meir vekt på økologi og artslære for skog\kulturlandskap enn for hav og innsjø,  i alle høve på dei nedre klassestega.  

 

Økologi er læra om samspelet i naturen. Økosystem er samling av ikkje-levande og levande delar som er knytte saman med krinsløp

 

Ikkje-levande delar (abiotiske delar):  Sollys, varme, luft  (nitr­ogen, oksygen, karbondioksid, vassdamp og edelgassar), fjell, stein, mineralpartiklar og vatn.

 

Levande delar (biotiske delar):  a) produsentar (t.d. bjørk, kvitkløver, etasjemose, reinlav),  b) forbrukarar (t.d. bladlus, mari­høne, lauvmeis, spurvehauk, hare, rev),  c) nedbrytarar (dekompositørar: t.d. bakteriar, sopp, rundmakk, springhalar, midd, skrukketroll, meitemakk).

Næringskjede er ei forenkla oversikt over kven som lever av kven i økosystemet.

 

Døme:  bjørk - bladlus - marihøne -  lauvmeis -  spurvehauk

      10 000 kg  1000 kg    100 kg       10 kg        1 kg  

F2r

 

Figur  24.  Figuren viser ein næringspyramide for næringskjeden sauesvingel-sau-menneske.  I gjennomsnitt blir berre 10% av tilført energi  lagra hos mottakaren.

 

Ein går her utfrå at det er like mykje energi per kg vev i alle organismane.  I røynda er skilnaden stor.

 

I gjennomsnitt reknar ein at berre 10%   av den energien som vert tilført eit ledd i nærin­gskjeden, blir lagra i organismen.  90% av energien blir i så fall brukt til oppvarming av kroppen og til indre og ytre arbeid eller er lagra i avfallstoffa.

Døme på energi i avfallstoff:  Menneske kan ikkje bryte ned cellulose til druesukker.    Cellulosefibrane i maten passerer derfor gjennom mage-tarmkanalen utan å bli nedbrotne, og mykje av energien i plantekosten blir  såleis ikkje utnytta av menneske.  

Energiforholda i næringskjeden ovanfor kan på ein  svært forenkla måte uttrykkast slik: For å pro­dusere l kg spurvehauk, trengst det 10 kg lauvmeis. Vidare trengst det 100 kg marihøne for å produsere 10 kg lauvmeis  osv.

 

I røynda er det svært stor variasjon i energiutnyttingsevna frå art til art.  Nokre vekselvarme  rovdyr kan såleis lagre opp til  35% av tilført energi, medan ein del små varmblodige planteetarar berre greier å lagre 0,1% av tilført energi.

 

Tal individ for artar langt til høgre i næringskjeden er alltid lågt.   Årsaka til dette er energimengda som er tilgjengeleg for desse artane er lita.  Dessutan er individa hos desse artane ofte store grunna at dei er rovdyr.   Slike dyr treng stor kropp for å greie å fange og drepe andre dyr.  Spesielt gjeld dette for rovdyr som lever av andre rovdyr.

Næringsnett er ei forholdsvis nøyaktig oversikt over kven som lever av kven i økosystemet.

Dei fleste soppane i barskogen lever i symbiose med trea.    Om lag 90% av symbiosesoppane i ein slik skog er slørsoppar.   Symbiosesoppane manglar enzym for nedbryting av cellulose og lignin.   Dei tek opp monosakkarid  t.d. druesukker frå røtene på treet.    Dei leverer ein del mineral, m.a. nitrogen- og fosforsambindingar til treet.    Ein del av soppartane i skogen lever i symbiose med berre ein art.    Ospeskrubb lever såleis berre i ospeskog og lerkesopp berre i lerkeskog.  

I ein tett lauvskog med fullt utvikla lauverk er lysmengda ved bakken berre 5% av lysmengda som treffer tretoppane.  Når slik skog har lauv, er det berre skuggetolande planter som kan vekse i skogbotnen.    Før skogen får lauv dvs. tidleg om våren,  kan imidlertid ei rekkje lyskrevjande vårplanter vekse og danne blomar i ein slik skog.  Døme på slike planter er kvitveis, vårkål, gullstjerne og liljekonvall.   I barskogen derimot, er det temmeleg mørkt ved bakken heile året.     I skogbotnen  veks det her skuggetolande planter som blåbær,  maiblom, skogstjerne,  gauksyre og små bregner.  Gauksyrer kan vekse på stader som berre får 1-2% av dagslyset.     I mørke granskogar veks det også skyggetålande moseartar, først og fremst etasjemose, fjørmose, sigdmose og furumose.    Slike mosar er ikkje vanlege i lauvskogen då dei her  ikkje får nok lys om hausten grunna lauvdekket på bakken.

 

Lufttemperaturen i skogen er gjennomgåande lågare om dagen og høgare om natta enn i ope terreng.   I løpet av eit døger varierer såleis temperaturen mindre i skogen enn på ei opa flate.  Når vinden treffer skogstrea,  blir den  betydeleg dempa og derfor langt svakare  inne i skogen enn  utanfor.  Dette er spesielt tydeleg i ein tett granskog.    Vassdampen frå  plantene og trea i skogen blir derfor gjerne verande i  lufta i skogen  i lang tid dvs. skogslufta er meir fuktig enn lufta i nærliggjande ope terreng.    Det faktum at skogstrea skjermar skogbotnen mot solstråling hindrar også at skogbotnen vert uttørka.

 

Nedbrytarkjedar

Gran -   sopp -  snegl -  svarttrast -  hønsehauk

Gran-  sopp - insektlarve-  hakkespett -  hønsehauk

 

Jordsmonnet er den delen av av jordlaget  som er blitt påverka av klima, vegetasjon og dyr. Tjukkleiken på jordsmonnet kan variere frå noke centimeter til over ein meter.  Strøsjiktet dannar øvste laget i jordsmonnet.   Det består av bar, blad, kvistar, bark, visne planter o.l.    Under strøsjiktet ligg humuslaget som består av omdanna strø.    I  næringsrik jord med rikt dyreliv i jorda,  er humusstoffa blanda med underliggjande mineraljord.    Slik jord med innblanda humus blir kalla mold.

 

Nedbrytingsprosessen i jord er svært komplisert og per i dag forstår ein berre delvis kva som skjer under nedbrytinga.    Ein liten del av nedbrytinga er fysisk dvs. uavhengig av levande organismar.   Ein del lettløyselege stoff i det rotnande materialet blir såleis vaska ut vha. regnvatn.    Materialet kan også bli oppdelt av vind eller grunna frysing og tining.   Den største delen av nedbrytinga skuldast imidlertid levande organismar.  Det er først og fremst sopp og bakteriar som gjer nedbrytingsarbeidet då desse organismane inneheld enzym som er i stand til å bryte ned store og kompliserte molekyl  av typen cellulose og lignin.   Dei viktigaste dyra i skogbotnen er spretthalar og midd.   I ein granskogbotn med blåbærlyng er det ofte nesten 100 000 spretthalar og 500 000  midd per kvadratmeter.    Imidlertid viser nyare forsking at desse dyra i liten grad et på det rotnande materiale,  men at dei beiter på sopp.    Soppen blir imidlertid stimulert av beitinga til rask vokster og til å blir effektiv nedbrytar av døde organismar.   Smådyra spreirer også sopp og bakteriar til alle delane av jordsmonnet.   Alt i alt er såleis både spretthalar og midd nødvendige og viktige for ein rask og effektiv nedbryting av strølaget i skogbotnen.

 

Generelt reknar ein at i godt jordsmonn med forholdsvis høg pH er bakteriane ei svært viktig nedbrytargruppe.  I dårlegare jordsmonn med lågare pH derimot, er sopp svært vanleg.  Aktiviteten til både bakteriar og sopp er sterkt nedsett i både tørr og vassmetta jord.  I  Norge er det såleis oftast størst mikrobiologisk aktivitet i jordsmonnet om våren og hausten.

Når surleiksgraden i jordsmonnet endrar seg , endrar også artssamansetninga hos dyra i jordsmonnet seg.   Mengda av hormidd går såleis opp i jordsmonnet dersom pH går ned.  På same tid vil mengda av prostigmate middar gå ned.   Tilsvarande aukar mengda av spretthalearten Mesaphorura yosii  når pH går ned, medan populasjonane av ein del andre spretthaleartar  blir reduserte.

 

Jordsmonnet i lauvskogen er ofte moldrikt med pH-verdi opp til 6,0.   Under molda finst eit sjokoladebrunt eller gråbrunt mineraljorlag.     Jordsmonn av denne typen blir kalla brunjord og dekkjer om lag 15% av den norske skogsmarka.

 

I barskogen er humuslaget surt  (pH 3,7-4,5) grunna sure nedbrytingsstoff frå barstrøet.    Dei sure stoffa vert frakta nedover i jordsmonnet med regnvatn.    Det skjer då kjemisk forvitring i øvre mineraljordsjikt  dvs.  salt av m.a. jern og  aluminium vert løyste opp og frakta  djupare ned i jorda med regnvatnet.    Til slutt er det praktisk talt berre kvartsmineral og feltspatmineral igjen i det øvre mineraljordlaget,  som derfor har ein lys farge og vert kalla bleikjord.    Dei  utvaske salta fell imidlertid ut  i eit lag under bleikjorda,  og ein får her danna   rødbrun jord,  rustjord.   Jordsmonnet i barskogen vert kalla podsoljord.

 

I mark som er vassmetta største delen av året, vert danninga av mold sterkt hemma grunna oksygenmangel,  særleg dersom vatnet er stilleståande.   Det veks gjerne torvmosar og starr på slik mark og det vert danna torv.    Slikt jordsmonn vert kalla sumpjord.   

 

Nakenfrøingar

Bartrea høyrer til gruppa nakenfrøingar.  Desse skil seg frå plantene nemde ovanfor ved at dei produserer frø. Frøblada hos nakenfrøingane ligg ikkje rundt frøa, dvs. frøa er nakne.  Pollenkorna er opphaveleg sporar, men desse utviklar seg til gametofyttar i sporehusa.  Desse har ei sædcelle.

Nakenfrøingane i Norge dvs. bartrea har vindbestøving.  Dei produserer enorme mengder med pollen dvs. blomsterstøv.  Praktisk talt alt blomsterstøvet går tapt, dvs. det treffer ikkje arret i hoblomane.  Pga. den enorme pollenmengda fungerer vindbestøvinga likevel i praksis, dvs. minst eitt pollenkorn treffer arret i hoblomsten og fester seg der.

Om våren kan ein ofte sjå eit gulaktig lag av bartrepollen på bakken eller på dammar og innsjøar.

I hoblomsten utviklar ein annan type sporar seg til gametofyt­tar som inneheld ei eggcelle.  Når pollenkorna kjem inn i hoblomsten, nærmar dei seg først eggcella ved å flyte opp gjennom ein væskedråpe, og deretter utviklar det seg ein pollenslange som veks bort til eggcella, som så blir befruk­ta.  Den befrukta eggcella utviklar seg til eit lite fo­ster, som er omgjeve av opplagsnæring.  Det er såleis blitt utvikla eit frø.

Hos nakenfrøingar av typen gran og furu sit frøet i enden av ei forholdsvis store venge.  Frøet roterer derfor under fallet mot bakken, dette aukar falltida slik at sjansen for at vindstrumar skal frakte frøet bortover aukar.  Hos einer derimot dannar kongleskala (3 stk.) ein kuleforma, lukka  struktur omkring frøet.   Kongleskala  er grøne i eit par år, men får så eit vokslag slik at dei ser blå ut.   Dermed kan fuglar, t.d. orrfugl og storfugl  lettare bli oppmerksame på denne matkjelda, og frøa kan bli spreidde langt avgarde. 

Gran, furu og einer inneheld mykje eteriske oljar, m.a. i harpiksen. Nålar og materialet frå slike treslag har derfor ei karakteristisk lukt.  Ved barksår vert sårflata dekt av seig væske frå harpikskanalane, når dei eteriske oljane fordampar frå sårflata stivnar væska og dannar ei skorpe på såret som vern mot sopp og andre mikroorganismar.   Slikt skorpemateriale vert ofte kalla kvae (fossil kvae vert kalla rav).   Einer inneheld såpass mykje harpiks og eteriske oljar  at gjerdestolpar  laga av dette treslaget kan vere motstandsdyktige mot  rotning i fleire år.  Her fungerer såleis desse stoffa som impregneringsmateriale.

 

Granfamilien

Vanleg furu (Pinus sylvestris):  Furu er lyskrevjande og står derfor etter måten glissent.  Er det for mykje skugge blir baret tynt.  Veks etter måten fort dei første åra.  Kan bli gammal, minst 600 år.  Er svært nøysam med omsyn til næringsinnhaldet i jorda.  Har stor tilpassings­evne.  Finst på heilt ulike stader, frå dei tørra­ste berglende til mosemyrar og til dei bese jordartane.  Furu har pelerot som kan gå 3-4 m djupt.  På grunn jord og myr har den nødven­digvis eit flatt rotsystem.  Den kraftige rota gjer at furu er både  stormsterk og turketolande.  Den er meir utsett for stammebrekk enn for rotvelt.   Furu er normalt sambu.  Hannblomstrane er hovudsakleg gule og sit nederst på årsskota.   Hoblomstrane er rødlege, kongleliknande med diameter om  lag 0,5 cm  og  sit i spissen av års­skota.  Dei har i utgangspunktet spissen oppover, men etter bestøvinga vender dei spissen nedover og utviklar seg til konglar. Furu har lange, blågrøne nåler som vanlegvis sit saman to og to.  I Norge finst furu over heile landet opptil 1400 m o.h.  Lever alltid i symbiose med sopp, t.d. smørsopp, risker, kremlar, sløresoppar, flugesoppar.  Furu kan truleg berre få  næringssalt frå sopp.  Blir brukt i brukt i cellulose– og papirproduksjonen og i  ein del typar møblar. 

 

Furu eignar seg godt som tuntre,  då den blir svært gamal og har djup pelrot som hindrar rotvelt.    I  hagar vert furu imidlertid ofte for stor.  Det er derfor innført ei rekkje utanlandske  furuartar,  som i stor grad vert planta i hagar og parkanlegg.   Japansk buskfuru  (Pinus pumila)  forgreinar seg sterkt og legg seg utover bakken og vert ofte berre 0,5 m høge.   Denne typen furu har blågrøne nåler.  Krypbuskfuru og dvergbuskfuru er to rasar av arten Pinus mugo.     Nålene hos denne arten er mørkare grøne enn hos vanleg furu, og barken er gråsvart.   Krypbuskfuru får om lag same høgd som japansk buskfuru,  medan dvergbuskfuru kan bli 2,5 m høg.  Austerriks svartfuru  (Pinus nigra) er mørk i både nåler og bark.   Denne arten veks vilt i Sentral-Europa opp til 1600 m o. h.  Utplanta svartfuru i Sør-Norge trivst berre i låglandet,  der den kan bli 15-20 m høg.  Hos  sembrafuru  (Pinus cembra  var.  sibirica)  er det 5 nåler i kvar nålebunt,  medan det hos artane ovanfor er 2 nåler i kvar bunt.   Denne typen furu  blir meir enn 20 m høg,  og har tett, blågrønt bar. Arten skil seg frå andre utanlandske artar i same gruppe, ved at den er motstandsdyktig mot filtrust  (Cronartium ribicola).    Her i  landet blir arten i dag brukt i parkar,  kyrkjegardar og i store hagar.

 

Gran ( Picea abies):  Gran er svært lite lyskrevjande og kan derfor utkonkurrere praktisk talt all anna skog.  Liknar såleis på bøk.  Gran krev næringsrik jord for å vekse godt.  Veks først seint, men byrjar med rask vekst når den har nådd knehøgd.  Kan bli opp til 400 år. Hobomstrane  sit  i enden av førre års sideskot, dei ser ut som små, rødlege konglar med spissen oppover.  Hannblom­stra­ne er noko mindre og  sit litt innanfor og nedanfor hoblomstrane; dei er først raude, seinare mest gule.  Under blomstringa sit hoblomstrane  opprette med sprikande kongleskal.  Etter bestøvinga lukkar kongleskala seg, og stilken bøyer seg slik at konglane blir hengande.  Rotsystemet hos gran er grunt og breier seg flatt utover. Gran er derfor utsett for rotvelt i storm og uvêr.   Den er mindre turketolande enn furua.  Barnålene hos gran er forholdsvis korte og sit enkeltvis.  Gran lever i symbiose med sopp t.d. ekte riske. Blir i stor grad brukt i brukt i cellulose– og papirproduksjonen og som byggmateriale i hus, spesielt som standarar og ytre bordkledning.  Vert også brukt som flis, strømateriale og ved,  t.d. spon- og  hunmaterialet frå sagbruka. 

 

På Vestlandet fins viltveksaande gran på Voss og i Romsdalen, elles berre enkeltståande tre innerst i nokre av fjordane.  Det er planta mykje gran på Vestlandet.

 

Sitkagran  (Picea sitchensis) har mørkegrøne, stive nåler med  sølvfarga underside.  Arten er blitt utplanta langs kysten der den trivst godt.    Trea veks fort og vert 20-30 m høge.    Vert i noko monn også brukt som hekkplante.   Sitkagran trivst sjelden i innlandet i Norge og  synest også å vere var for forureiningar.

 

Kvitgran og  kjegelgran  er rasar av Picea glauca.   Førstnemde rase vert brukt som leplante.   Denne grana blir mindre enn vanleg gran og toler godt kystklima.   Kjeglegran har som namnet viser, kjegleform.   Den vert sjeldan over 2 m høg.  Vert først og fremst brukt på kyrkjegardar.   Serbergran  (Picea omorika) vert mykje brukt i parkar og hagar i Norden.   Nålene hos denne arten har mørk overside og lys underside,  og baret har ein sølvaktig glans.    Blågran og sølvgran  er hardføre rasar av Picea pungens,  med stor evene til å tole luftforureining.

 

Lerketrea (Larix) har mjuke nåler som gulnar og fell av om hausten.  Treslaget forsvant frå Norge etter siste istid, men er i dag utplanta i mange område. Nålene sit enkeltvis på endeskota, medan dei elles er samla i grupper.  Konglar med frø  fell av trea.   Europeisk lerk er det vanlegaste lerkeslaget i Norge.  Ein stor del av Sibir er kledd med sibirsk lerk, materiale frå slik lerk blir i dag importert til Norge.  Dette treslaget inneheld svært mykje harpiks og oljar i kjerneveden, som derfor er meir motstandsdyktig mot rotning enn noko anna tremateriale.  Også europeisk lerk inneheld mykje harpiks og eteriske oljar.

 

Sypressfamilien

Einer er det mest utbreidde bartreslaget på jorda.  I Norge er einerarten Juniperus communis svært vanleg frå låglandet og til fjellet (1730 m over havet i Jotunheimen). Den har vanlegvis buskform, men søyleeiner med høgd på opp mot 15 m finst også somme stadar.  Karakteristisk kjenneteikn er forholdsvis korte, sylspisse nåler som sit saman 3 og 3.  Einer er særkjønna, dvs. det finst hannbusker og hobusker.  Fruktene på hobuskene ser ut som eit bær, men er ein kongle med 3 kongleskal som er grodd saman.  Bæra er eigentleg konglar; dei er grøne dei 2 første somrane, men blir så dekte av eit vokslag slik at dei ser blå ut.  Dei blir då etne av og bokstaveleg talt spreidde gjennom fuglar t.d. tiur, orrfugl, rype, og trast.

Einer inneheld forholdsvis mykje eteriske oljar og ein god del harpiks.  Den karakteristiske einerlukta skuldast desse stoffa.

Einer veks seint og det er hevda at den kan bli over 2000 år gammal.  Dei største einerane her i landet er likevel langt frå så gamle.  Veden er både sterk og bøyeleg, og held seg godt.  Einer har blitt mykje brukt til gjerde- og hesjestaur. Einerbær blir brukt til å sette smak på brennevin (gin, genever) og som krydder i sausar, viltrettar, silderettar og grønnsaker.  Dei har også blitt brukte som medisin m.a. som urindrivande middel, mot mageverk, tannverk og urein hud.  Avkok av einerbark vart kalla brisklåge eller einerlåge, og vart brukt som tilsettingsmiddel i øl, vaskemiddel og medisin mot feber og gikt.  Bast frå einerbark vart brukt til reip og matter.

Einer er det bartreet som veks lengst mot nord og  høgast til  fjells, og kan bli opp til 2000 år.   Veden er  seig, sterk og varig.  Einerstammar høver godt som gjerdestolpar.  Den er også eit godt brensel.  Nålene dannar kransar med 3 nåler i kvar krans.  Einer er særbu, blomane hos hannbuskene er gule, medan dei er grøne hos hobuskene.  

Einer har spela ein større rolle i folketrua enn noko anna treslag.  Store søyleeiner vart såleis i gamal tid ofte rekna for heilage.  Generelt vart einer brukt mot overnaturlege vesen av ymse slag.  Den vart også brukt mot naturlege vesen t.d. rødrev. Nokre stader fekk såleis lamma einerbær før dei vart sleppte på fjellet som vern mot rovdyr.

Ein har i dag avla fram fleire ulike rasar vanleg einer.      Ulikskapane går først og fremst på form,  særleg ymse typar søyleform.     Døme på slike rasar er:  Bukken Bruse frå Gaular i Sunnfjord  er ein slank einer med spiss søyleform,   Erik frå Kyrkjebø i Sogn har sigarform,   Oskeladden frå Kråkstad i Akershus har tett, slank søyle,     Smørbukk frå Hardangervidda   (1250 m o. h.) har ein eller fleire stammar og blågrøne nåler.

Krypeiner  (Juniperus horizontalis) har greiner som breier seg flatt utover jord, steinar og fjellknausar.    Den blir derfor ofte berre 20-30 cm høg.   Blåeiner  er ein av fleire rasar av arten Juniperus  squamata.    Denne rasen har blåfarga nåler og blir brukt som pyntebusk i  t.d. skrå, bergfylte hagar.    Virginiaeiner  (Juniperus virginiana) er ein austamerikansk art med blågrøne nåler.   Den er forholdsvis ny i Norge.

 

Dekkfrøingar

Hos desse plantane er frøet dekt av ei frukt. Karakteristisk kjenneteikn elles er meir eller mindre velutvikla blomar med støvveg (fruktknute, griffel og arr) og støvberarar med støvknapp.

Generelt har dekkfrøingblomen kronblad med dekkblad (begerblad) under.  Begerblada har som funksjon å verne kronblada, særleg når blomen er lukka.  I motsetnad til hos nakenfrøingar og karsporeplanter, skjer befruktinga her utan vatn.  Pollenslangen veks heilt frå arret og til eggcella.

Øverst går stengelen over i blomsterbotnen.     Denne  kan i meir eller mindre grad  danne ein krukkeforma struktur rundt fruktknute og arr.   Kronblada er festa  langs  kanten av denne strukturen.   Dersom blomsterbotnen er relativt flat, bøyer ein del oppover eller mykje oppover er blomen såleis høvesvis undersitjande,

kringsitjande eller oversitjande.   

 

Untitled-31 

 

Figur  25.    Skjematisk framstilling av ein gjennomskoren blome.   Dekkblada vernar blomen.    Støvknappane  inneheld pollenkorn og er festa til blomsterabotnen vha. støvtrådane  (st).   Støvvegen består av arr,  griffel  (gr) og fruktknute  (fk).    Hos  planter som vert bestøva av insekt, er kronblada til vanleg både store og fargerike for at insekta lett skal oppdage planta.

 

Det som først og fremst skil dekkfrøingane frå alle andre planter er at dei har vedrør og silrør i stilken eller stam­men.

Vedrøra leier vatn og næringssalt frå rota og til blada og blomane.   Dei består av døde, harde celleveggar som dennar rørforma strukturar.  Ribber og kammar på overflata av røra fungerer som forsterkningar.  Vedrøra som blir laga om våren, er vide og vårveden er derfor lys og lett.  Vedrøra som blir laga om hausten, er tynne, og haustveden er derfor mørk (årring).  I vedrøra er det ein tynn væskestreng, som blir dregen mot blada når det dampar vatn bort frå blada.  Væskestrengen er under strekk, og den raknar ikkje då vedrøra er svært trange og det er kraftige hydro­genbindingar mellom vassmolekyl og mellom vassmolekyla og molekyl i vedrørveggen.  I dei høgste trea på jorda er desse væskestrengane over 100 meter lange.  Dersom det kjem luft inni væskestrengen, raknar den og væsketransporten i røret stansar opp, kanskje for alltid. ( Det kan ikkje utøvast stre­kk-kraft på luft, berre trykk-kraft).  I store tre er det oftast berre dei nylaga vedrøra som fungerer.

 

Untitled-32 

      

Figur  26.   Venstre figur viser del av vedrør som er gjennomskore på langs. Rørveggen består av dødt, hardt material og har forsterkingslister  (fl) ytterst. Høgre figur viser del av silrør som er gjennomskore på langs.   Silrørholrommet  er  eigentleg saftrom i silrørceller,  og desse romma er skilte frå kvarandre vha. silliknande struktur  (si).    Silrørcellene er levande, men manglar cellekjerne.  Imidlertid er dei alltid omgjevene av følgeceller som har kjerne, og ein trur at sistnemde celletype utøver  kjernefunksjon for silrørcellene.

 

Silrøra leier sukkerløysning frå blada til rot og blomar. Silrøra består av levande celler som dannar lange rekker.  Det er mange porar (sil) mellom cellene, og rørsukkerløysning strøy­mer gjennom desse porane.  Mogne silceller manglar cellekjer­ne,  men det er mange følgeceller rundt silrøra, og ein trur at desse hjelper silcellene med viktige livsfunksjonar, m.a. kjernefunksjon og energiproduksjon.  Mekanismane ved rørsukkertransporten i silrøra er enno ikkje heilt utforska.  Ein viktig hypotese er som følgjer: Eit energikrevjande pumpesystem i blada, pumpar rørsukker inn i silrøra.  Vatn strøymer så passivt etter (osmose) frå vedrøra i området, og det oppstår dermed væsketrykk i silrøra i blada, og sukkerløysinga vert presse inn i silrøra i stengelen og vidare til rot og blomar/knoppar.  Her vert så rørsukkeret pumpa aktivt ut av silrøra.  Vatn følgjer passivt etter (osmose) og strøymer inn i vedrøra i området.  Hjå trea ligg silrøra i indre del av barken.  Ved ringbarking fjernar ein såleis silrør som går til rota, og rota dør pga. energimangel.

Nervane i blada inneheld både vedrør og silrør.  Silrøra ligg nederst.  Elles inneheld bladkjøttet palisadevev og svampvev med mykje klorofyll. Overhuda og underhuda dannar bladflatene. Dei er dekte med voks.  I underhuda er det mange lukkeceller. To og to celler er kopla saman i begge endar.  Når dei er væskefylte, er det luftopning mellom dei, og bladet tek opp karbondioksid gjennom desse opningane.  Samtidig misser bladet mykje vatn gjennom desse opningane.  Det er klorofyll i lukke­cellene, men ikkje i hudcellene.  Det ser ut til at lågt karbondioksidinnhald i lukkecellene, fører til at dei tek opp vatn, og at det dermed blir opning mellom dei. Lågt karbon­dioksidinnhald i desse celle oppstår kort tid etter at dei er byrja med fotosyntese.  Når det så blir opning mellom lukke­cellene, kan heile bladet drive med fotosyntese.

Hos einfrøblada dekkfrøingar er det berre eitt frøblad hos det spirande frøet. Liljer, siv, starr og gras høyrer til denne gruppa.   Hos einfrøblada planter er det ingen tydeleg skilnad mellom begerblad og kronblad.

Hos tofrøblada dekkfrøingar er det to frøblad hos det spirande frøet.  Dei fleste urter og alle lauvtre i Norge tilhøyrer denne gruppa.  Det er tydeleg skilnad mellom begerblad og kronblad hos tofrøblada urter.

 

Tilpassing planter

Dei ymse planteartar har høgst ulike miljøkrav.   Nokre artar er sterkt bundne til jord med høg og jamn markfuktigheit  t.d. bekkeblom  (Caltha palustris) og t.d. maigull (Chrysoplenium alternifolium),  skogstjerneblom  (Stellaria nemorum) mange myrplanter,  andre krev svart, næringsrik skogsjord med frisk fuktigheit og  springfrø  (Impatiens noli-tangere).  Nokre artar er i tillegg nitrogenkrevjande, særleg stornesle  (Urtica dioica) ,  bringbær (Rubus idaeus) og geitrams (Chamaenerion angustifolium).  Fleire artar er tilpasse å leve på skrinn jord på sørvendte berg t.d.  vanleg kattefot  (Antennaria dioica),  småsmelle (Silene rupestris) og bergknappartane  (Sedum sp.)  I tillegg veks t.d. torskemunn (Linaria vulgaris) og sølvmure (Potentilla argentea) på litt tjukkare jordlag på slike berg.   I  barskogbotnen veks ei rekkje artar som toler sur jord  t.d.  tyttebær  (Vaccinium vitis-idaea).

Store urter trivest best  i skrånande terreng med næringsrik, fuktig jord,  og gode lys- og temperaturtilhøve. I  slikt hellande terreng  er vatnet i jorda alltid i rørsle og derfor til ei kvar tid metta med oksygen.   Det er mange store urter som trivst i eit slikt område t.d. tyrihjelm  (Aconitum septentrionale),  kvitbladtistel  (Cirsium heterophyllum),  mjødurt (Filipendula ulmaria),  vanleg vendelrot  (Valeriane sambucifolia), og i fjellet også  kvitsoleie  (Ranunculus platanifolius)  og  turt  (Lactuca alpina).   Ofte veks det også store bregner t.d. strutseveng   (Matteuccia struthiopteris) i slike område.    Den store planteproduksjonen i eit slikt område fører til at jordsmonnet blir tjukt.    Både markfaunaen og insektlivet er rikt i ei slik eng av store urter.

 

Lauvtre

Bjørkefamilien

Bjørkeartane og oreartane er i slekt med kvarandre og er derfor plasserte i denne familien.   Dei har både hannblomar og hoblomar på same tre, dvs. dei er sambu, og produserer store mengder pollen som blir spreidd med vinden.  Det vert danna svært store mengder med frø, spesielt hos bjørk.   Frøa blir vanlegvis ikkje sleppte før langt ut på vinteren eller våren, og er viktig mat for standfuglar t.d. gråsisik gjennom vinterhalvåret.

Bjørk:  Bjørkeartane er lyskrevande, dvs. dei trivest ikkje i svært tett skog.   Dei er utprega pionerartar, dvs. dei er ofte det første treslaget som veks i eit område. Bjørk har lange, hengande hannraklar på endane av smågreinene. Kvar hannrakel er bygd opp av klasar av rakleskjel og støvberarar som er knytte til desse. Horaklane er lenger inne på greinene og peikar først oppover, men heng seinare nedover.  Horaklane er bygde opp av trelappa rakleskjel med 1 støvveg (fruktknute, griffel og arr) knytt til kvar lapp.  Vindbestøving.  Frukta er eit not med to venger. Bjørkene lever ofte i symbiose med sopp, t.d. rød flugesopp (Amanita muscaria).  Bjørkene leverer rørsukker til soppen, og får att vatn og næringssalt. "Heksekostar" på bjørk skuldast ein sopp (Taphrina betulina) som gjev unormal vekst i smågreinene. Bruksområde bjørk: Møblar, parkett, redskap, treforedlingsin­dustri.  Bjørkeveden er temmeleg sterk og elastisk og bra eigna for bøying. I gamle dagar vart det laga såkalla "bjørkeolje" av bjørkenever, og denne vart brukt mot sjukdom på husdyra. Nevra vart også brukt for å gjere torvtak vasstette.   Generelt var det vanleg å tru at bjørk hadde magisk verknad, og bjørkekjeppar vart brukt mot overnaturlege vesen.  Bjørkeris vart av denne grunn også brukt som avstraffingsreiskap.

Bjørk er eit lyst, vakkert tre som ofte er blitt planta i tun, parkanlegg osv. Bjørk kan ta opp store mengder vatn frå jordsmonnet i løpet av ein dag.  Bjørk som veks i myrlendt terreng, vil derfor kunne føre til merkbar opptørking av jordsmonnet slik at heile økosystemet kan bli endra. 

 

Låglandsbjørk, hengebjørk  (Betula verrucosa) har hengande greiner.  Blada  er dobbelt sagtanna, utan hår og trekantforma med uttrekt spiss.   Skota manglar dunhår, men har harpiksvorter.   Låglandsbjørk vert derfor stundom kalla vortebjørk. Sidevengene på rakleskala bøyer nedover dvs. dei er hengande. Frøet har breie venger (kvar venge er 2-3 ganger så brei som frøet).  Hengebjørk er vanleg i låglandet nord til Trøndelag.   Den tilhøyrer det sør-søraustlege floraelementet og er såleis varmkjær.  Den har 56 kromosom i cellene.

Vanleg bjørk, dunbjørk  (Betula pubescens) finst over heile landet.    Har også blitt kalla myrbjørk.   Blada er enkelt sagtanna med forholdsvis smale groper mellom bladtennene.   Blada har eggform og er hårete på undersida, ofte også på oversida.  Sidevengene på rakleskala er oppståande og frøvengene er 1,5 gonger breiare enn frøet.  Den har 28 kromosom i cellene.

Fjellbjørk er etter alt å dømme ein underart  av dunbjørk  med nemninga Betula pubescens tortuosa. Den særeigene forma hos fjellbjørk skuldast i noko monn miljøet.  Endeskota hos fjellbjørk er vanlegvis dunkledde så lenge dei er endeskot slik som hos vanleg bjørk (dunbjørk).  Fjellbjørk har imidlerid andre eigenskapar som skil den frå vanleg bjørk.  Blada hos fjellbjørk er stive og glatte, med breie groper mellom bladtennene.  Hos fjellbjørk er stammen ofte oppsprukken nedst med store, mørke barkparti mellom den lyse nevra.  Fjellbjørk er openbart  tilpassa låg temperatur og kort vekstsesong. Fjellbjørk går høgast til fjells av alle våre treslag, og dannar ofte skoggrensa.   Den  har til vanleg ein krokete stamme, og ofte har kvart tre fleire stammar. Denne forma skuldast i stor grad fjellmiljøet. Store snømengder trykkjer ned småbjørkene om vinteren, medan toppen på buskene veks og bøyer oppover (geotropisme).  Neste vinter skjer det ny nedpressing og ny bøying.  Sluttresultatet over tid blir såleis eit tre der nedre delen av stammen er bøygd, ofte i fleire retningar.  Slike greiner gjev mange gode reirplassar for småfuglar i fjellbjørkeskogen, t.d. heipiplerke, bjørkefink, gråsisik, gråtrast og  rødvengetrast. År om anna er  fjellbjørk utsett for kraftige åtak av larvar av fjellbjørkemålaren som kan drepe mange greiner på treet eventuelt også stammen. Nederst på stammen er det imidlertid knoppar, som veks ut til nye stammar dersom hovudstammen dør.  I eit slikt tilfelle vil såleis treet til slutt bli fleirstamma.

Dvergbjørk (Betula nana) er buskforma med krypande vekseform.  Frøvengene er svært  smale  dvs. dei dannar bordar med breidde opp til halvparten av frøet.  Blada er små (1 cm) og stive med taggete rand.   Dei får ein vakker rødfarge om hausten.   Dvergbjørk veks i dei fleste plantesamfunn i fjellet, men toler ikkje langvarig snødekke.  Dannar ofte hybrid med fjellbjørk.   Desse har ofte same bladform som dvergbjørk, men blada er langt større enn hos denne arten.  Om hausten får desse blada ein oransje farge, medan blada hos reinrasa fjellbjørk blir gule.  Dersom det gjennom fleire innkryssingar oppstår hybridar med mykje dominerande genmateriale frå dvergbjørk, kan desse mogelevis vekse høgare opp i fjellsidene enn vanleg fjellbjørk, og såleis gje høgare skoggrense mot fjellet i slike område.

Or: Oretrea lever i symbiose med ein kolonidannande soppart (Schinzia alni) som av typen actinomycetes.  Soppen lever inne i knollar på oretrerøttene og tek opp nitrogen (N2) frå lufta og produserer nitrogensambindingar.  Oretrea leverer druesukker til soppen og får att nitrogensambindingar frå soppen.  Oretrea feller grønne blad, dvs. blad som inneheld mykje klorofyll.  Klorofyll er eit nitrogenrikt stoff, men oretrea treng altså ikkje å spare på nitrogen.   Når orelauvet rotnar, vert nitrogensambindingane i lauvet frisette og omforma vha. bakteriar til nitrøse næringssalt (nitrat og ammonium) som plantane tek opp. Oretrea veks i frisk, fuktig mold- eller leirjord, t.d. langs elvar og vatn.  Rotsystemet toler å stå heilt under vatn ei stund dersom vatnet inneheld oksygen.  Mykje tyder på at luftingskanalane (lentikanalane) i borken kan bli ekstra store hos oretre som veks i spesielt funktig jordsmonn, dette for å sikre oksygentilgongen til stammen.  Unge tre veks svært raskt.  Or har lange, hengande hannraklar på enden av smågreiner.  Innanfor sit horaklane, som er kongleforma. Vindbestøving. Frøa er dekte med voks og har i tillegg ein kant med luftfylt vev som til saman gjer at dei flyt.  Ofte blir dei spreidde med smeltevatnet om våren. Ortrea blir for det meste brukt til brensel, men kan også brukast i trearbeid.

 

Gråor (Alnus incana)  er eit svært vanleg treslag i all lauvs­kog.  Veks langt opp etter fjellsidene.  Blada har 8-10 sidenervar og spiss. Stilken på frøkonglane er svært kort.  Gråor vart brukt som generatorknott  dvs. drivstoff i bilar her i landet under siste verdskrigen.  I gamle dagar la ein oreblad i skorne som middel mot såre føtter og fotsveitte.  I dag vert gråor  hovudsakleg brukt til brensel.  Nyhoggen gråorved får etter kvart ein rødleg farge, grunna danning av fargestoffet melanin i sårflata. Stoffet blir laga enzymatisk etter same prinsipp  som på nyskorne eple- og potetskiver, og har som funksjon å hindre at sopp og bakteriar trenger inn i vevet.

 

Svartor ( Alnus glutinosa) stiller større krav til fuktigheit  jord, og varme enn gråor.  Veks derfor berre nær elevar og vatn.  Kan også vekse i vatn. Blada har 5-6 sidenervar og manglar spiss.  Ofte har blada innbukta ende.  Frøkonglane har stilk.  Svartor vart tidlegare brukt m.a. til tresko og vassleidningar.

 

Pilefamilien

Trea og buskene i denne familien er lyskrevjande, men hard­føre. Til vanleg særbu, dvs. trea har ulikt kjønn.  Dei er pionerartar.     

Selje  (Salix caprea): Blada manglar tenner, men har svakt bølga kant. Det er kvite krusa hår på undersida av blada. Kravlaust treslag. Går nesten like høgt som bjørk i fjellet.   Hannraklane er gule, horaklane er grøne.  Begge vert kalla gåsungar.  Raklane er bygde opp av einskildblomar.   Hannblomane består av 2 støvberarar som sit på eit nedre feste,  medan hannblomen består av ein støvveg  på eit nedre feste.  I tillegg har både hann- og hoblomen ein honningkjertel og eit hårete dekkblad.  Bier og humler finn honning i seljeraklane og spreier pollenkorn frå hanntre til hotre.Dei hårete dekkblada fører til høgare gjennomsnittstemperatur i gåsungen og dermed redusert frostfare og raskar blomstermoging.   Fruktknuten utviklar seg til ein kapsel med mange frø.   På kvart frø sit mange, lange og kvite hår (frøull).   Når kapselen  opnar seg, vert frøa frakta langt av garde vha. vinden.

Blomsterknoppane er mykje tjukkare enn blad­knoppane.  Barken inneheld mykje salicylsyre. Seig, bøyeleg og hard ved som har blitt brukt i smørbuttar o.l. set smak på smøret.   I gamle dagar vart selje m.a. brukt til tresko og tollepinnar.  Om våren kan ein lage seljefløyte.  Det blir på den tida  laga nye og store celler i vektstlaget mellom borken og veden.  Ved å slå på borken på fløyteemnet, vert dette cellesjiktet knust og ein kan derfor lett trekke ut borkstykket frå emnet.

 

Vier: Det finst mange vierartar i Norge.  Ein del av desse liknar ein del på selje, men dei har til vanleg bladtenner.

Svartvier (Salix nigricans), opp til 4 m høg.  Vanleg i skog­kantar og på fuktige stader over heile landet.

Øyrevier (Salix aurita), opp til 2 m.  Har tynne ujamne blad med relativt store øyreblad.  Vanleg i kyst- og fjordstrøk til Nordland.

Grønvier  (Salix phylicifolia), opp til 1,8 m høg. Har  hårlause, blanke og markert grønfarga blad  og skil seg såleis frå dei andre vierartane.   Årsskota har blank, raudbrun stengel.

Ullvier  (Salix lanata) opp til 1,2 m høg.    Har kvitlodne blad utan tenner.  Bladundersida har tett, grovt nervenett.   Blada har ofte ulik storleik.

Sølvvier  (Salix glauca )  og lappvier (Salix lapponum) er forholdsvis like.  Begge blir noko over 1 m høge,  og har hårete blad av middels storleik.    Sølvvier har imidlertid flat bladkant,  medan lappvier har nedbøygd bladkant.

Krypvier (Salix repens), opp til 0,5 m.  Blada er berre 1,5 cm lange  og er kledde med silkefarga hår, særleg på undersida. Blada er utan eller mest utan tenner, og dei har nedbøygd kant.

Musøyre (Salix herbacea) er ein ca. 2 cm høg vierbusk.  Den har leraktige, glatte blad som er grøne på begge sider.  Fjellmo veks i store mengder høgt til fjells.

Pil høyrer til same familie som vier og selje og vert  brukt som prydtre i hagar.  Sølvpil har karakteristisk sølvfarge.   Vert ofte planta på parkeringsplassar.  Hengepil  har karakteristiske hengande greiner ,  medan gullpil har markerte oransjegule kvistar og stamme.   Sølvpil,  hengepil og gullpil er rasar av arten Salix alba.   Doggpil, derimot, er ein eigen art, Salix daphnoides.  Kvistane hos denne arten har raud bark med blåleg dogg.   Også rødpil  (Salix purpurea) har røde kvistar.  

 

Osp (Poplus tremula): Blada har lang, flattrykt stilk, og kjem lett i rørsle av vind.  Er ofte særbu.  Hannraklane er tjukkare enn horaklane, dessutan er dei rødlege grunna røde støvknappar.  Osp har lett for å spre seg på open mark, spesielt fordi den lett  dannar rotskot.  Slike nye planter kan vekse svært raskt (opp til 2 meter)  dei første åra.   Denne typen skot kan også bli danna i store mengder etter at treet er felt; men dersom treet vert ringbarka eit par år før felling vert skotmengda mykje redusert mykje grunna næringsmangel.  Veden hos osp er laus og vert derfor lett øydelagt av sopp.  Når soppskada greiner vert brotne av ved stammen, kan  hakkande fuglar, t.d. grønnspett lage reirplass i stammen.  Slike holrom kan seinare bli brukte av andre fuglar, t.d. ugler.   Barken hos osp er ofte oppsprukken og har forholdsvis høg pH.  Barksprekkene held på fuktigheita, og lavmengda på slik bark er ofte stor.   Det er gjerne spesielt mange sneglar under det  rotnande lauvsjiktet  i ospeskogen. Osp blir  brukt til panel og  finer. Veden har kort etterglødstid  og vert derfor brukt til fyrstikker.

 

Hasselfamilien

Hassel  (Corylus avellana): Blada er store, hjarteforma og dekte med hår.  Det er kjertelhår på bladstilken, og desse hindrar at smådyr kryp opp frå greinene og ut på blada.  Hassel er varmekjær og krev næringsrik jord der den kan danne tette buskkratt.  Arten tilhøyrer det sør-sørvestlege floraelementet.  Har lange, hengande hannraklar på enden av smågreiner. Tett innanfor sit horaklane, som liknar på bladknoppar, med unntak av at det stikk ein del mørkerøde blomstergriflar ut mellom knoppskala.  Vindbestøving. Hassel har store, næringsrike nøtter som er mat for ekorn, nøtteskriker, hakkespetter, skogmus, klatremus og menneske. Nøttene består i hovudsak av feit olje og vart i eldre tid hausta av menneske. Veden er seig og bøyeleg og vart mykje brukt til tønneband  og som materiale i fletta korger.  Generelt er veden hos hassel lite haldbar, men er godt høveleg som brensel når den er tørr.

 

Rognfamilien

Rogn (Sorbus aucuparia): Lyskrevjande og hardført treslag, som får treform, men blir sjeldan høgare enn  10 meter.  Blomstrane er rike på nektar og har ein  søtaktig, kvalmande  lukt.  Insektbestøving. Frukta er korallrød og inneheld som oftast 3 frø.   Rogn er i slekt med eple, og har som desse oversitjane blomar.  Desse utviklar seg til  såkalla  falske frukter, der den krukkeforma blomsterbotnen er blitt mjuk og saftrik og dannar mesteparten av frukta. Fruktkjøtet hos rogn er  rikt på eplesyre og såleis svært surt.   Er likevel god mat for t.d. gråtrost og sidensvans, som spreier frøa når dei ikkje finn anna høveleg mat, dvs. ut på seinhausten og tidleg vinter.  Inneheld også giftstoffet amygdalin i bæra og er giftig for menneske i større mengder.   Frøa kan også spire i fugleekskrement oppe i lindetre (flo­grogn).  Rogneveden blir brukt til brensel og finare snik­kararbeid. Veden er både seig og fast og har av den grunn blitt brukt m.a. til tollepinnar, båtkeipar, skaft på verktøy og redskap, kuler og anna finare snikkararbeid.  Veden er tung, men generelt lite haldbar.

I  hagar og parkar og langs vegar blir det ofte planta asalar av ymse slag.    Sølvasal  (Sorbus aria)  har blad med sølvglinsande underside.  Svenskeasal  (Sorbus intermedia) har karakteristiske skarlagensraude frukter som er større enn rognebær.  Vert ofte brukt som leplante.   Kvitrogn  (Sorbus koehneana) vert også kalla kinesisk fjellrogn og har karakteristiske kvite frukter.   Storasal  (Sorbus latifolia) liknar på svenskeasal, men har større blomar og frukter enn denne.

 

Rosefamilien

Hegg (Prunus padus): Har kvite, koppforma blomstrar i klasar med  sterk blomsterlukt i mai månad.  Insektbestøving. Oval fruktstein i svart steinfrukt.  Fruktkjøtet inneheld mykje garvesyre og er derfor surt.  Fruktene vert etne av fuglar  som merkar lite til garvesyresmaken og  såleis spreier steinane.  Fruktsafa blir brukt til rødfarging av vin og likørar.  Både barken, veden og fruktsteinane inneheld stoffet amygdalin, som har ei sterk og ubehageleg lukt. I fruktsteinen kan mengda av dette stoffet komme opp i  1-2%. Når dette stoffet vert nedbroten i  kroppen, vert det danna druesukker (glukose) og  blåsyre, HCN.   Amygdalin har sterk lukt og når vevet vert knust, vert stoffet enzymatisk omforma til blåsyre og druesukker   Førstnemde er særs giftig med lammande verknad på andingsorgana og nervesystemet, grunna enzymhemmande verknad i mitokondria. Amydalin i hegg vernar desse trea mot beitande og gnagande dyr.  Hegg har også blitt brukt som middel mot smågnagarar. Veden hos hegg er både mjuk, seig og elastisk, og vert derfor brukt i bogtre i hesteselar og rivetindar.   

 

Lønnfamilien

Platanlønn, tysk lønn  (Acer pseudoplatanus): Opphaveleg ikkje viltveksande i Norge.  I dag forvilla. Krev moldrik jord. Har 5 lappa blad, 8-16 cm breie. Blomane er rike på nektar. Kvart frø har ein stor frøvenge, og vert såleis lett spreidd med vinden. Spirer lett, og blir meir og meir vanleg på Vestlandet og Sørlandet.  Veden er hard og vert brukt til møblar og finare snikkararbeid (fiolinar). Platanlønn kjem eigentleg frå fjellskogane i Alpane.    Den trivst svært godt i Norge og det faktum at den  opphaveleg ikkje vaks her i landet kan såleis ikkje skuldast klima,  men kanskje manglande evene til å spreie frø over fysiske barrierar som sjø og fjell.

Spisslønn (Acer platanoides): Naturleg viltveksande i Norge.  Blada er 5-lappa, ca. 15 cm breie, og har tilspissa lappar og rundbotna innskjeringar.

Spisslønn er ein viltveksande art i Norge.   Den får kraftig raudfarge om hausten og er då kanskje det vakraste treet i kulturlandskapet.

Sibirlønn  (Acer ginnala)  og Japanblodlønn (Acer palamatum)  er utanlandske lønnartar som blir brukte i norske hagar.   Sistnemde art har mørkerøde blad

 

Kaprifoliumfamilien

Raudhyll (Sambucus racemosa):  Opp til 4 m høg busk.  Blomstrane er gulgrønne eller gulkvite med sterk lukt.  Insektbestøving.  Bæra har sterk skarlagensrød farge og ubehageleg lukt.  God mat for fuglar som såleis spreier frøa.  Bæra er svakt giftige for menneske.  Både blomane og bæra dannar kuleforma klasar.  Margen hos rødhyll er rød.  Opphaveleg ikkje viltveksande i Norge, men er i dag i stor grad forvilla frå hagar og parkar.

Svarthyll  (Sambucus nigra) liknar i noko monn på rødhyll, men den har kvit marg, svarte bær og flate blome- og bærklasar.    Arten trivest godt ved kysten,  og vert mykje brukt i hageanlegg.

Vanleg krossved  (Viburnum opulus)  er ei opp til 4 m høg, viltveksande busk.  Ytre del av blomeklasane består av store,  kvite og sterile blomar som gjer klasen synleg for insekt.   Frukta er  ei  glinsande rød steinfrukt.     Krossved toler godt skugge,  men  er avhengig av sol for rik blomstring.    Finst over heile landet under 500 m.o.h.,  særleg langs elevar,  i skråningar og i open skog.

 

Oljetrefamilien

Ask (Fraxinus excelsior): Krev næringsrik jord med frisk fuktigheit (dvs. oksygenrikt vatn).  Krev også mykje lys og er svært ømfintleg for frost. Sein lauvsprett og tidleg lauvfall.  Frøet har ein lang venge slik at frukta følgjer ei spiralbane når det fell.  Dette aukar falltida og dermed sjansen for at vindstraumar skal treffe frukta og føre den bortover.. Trematerialet er hardt og vert brukt til møblar og mange slags redskap.  Varmekjær art som tilhøyrer det sør-sørvestlege floraelementet.

 

Bøkefamilien

Både eikeartane og bøk er varmekjære treslag. Eik føretrekker dei lunaste og varmaste vekseplasssane, t.d. sørvendte hellingar  med urer og skredjord.  Toler vind godt, blåser nesten aldri over ende,  då den har djupt rotsystem. Eik er eit verdifullt treslag som blir brukt til møblar, golv, dørtersklar, trapper, tønner og vinfat.  Tidlegare bygde ein store båtar av eik, og eikeskogane på Sørlandet vart derfor nesten utrydda. Veks i Norge hovudsakleg i Vestfold.  Det er også ein eikeskog i Alversund nord for Bergen (men denne er truleg planta). Frittståande eiketre får som regel svært tjukk og knudrete stamme og vid krone.  Slike tre kan bli svært gamle.  Oftast er dei rotne innvendig.  "Kongeegen" ved Jægerspris i Danmark er såleis ca. 1800 år gammal.  Ein del eiker i Norge har ein omkrins ved bakken på over 10 meter.  Desse eikene er likevel neppe eldre enn 400 -600 år.

Eiketrea har sein lauvsprett slik som ask.  Eit gammalt ordtak er:

            Sprett eik før ask, blir det plask.

            Sprett ask før eik, blir det steik.

Sommareik (Quercus robur): Blada har karakteristisk form med kort, grøn bladstilk.  Blomstring samtidig med lauvsprett.  Eikenøt­tene vert spreidde av mange slags dyr (ekorn, nøtteskrike, skogmus, klatremus).

Vintereik (Quercus petraea): Blada liknar på blada hos sommareik, men dei har lang, gul bladstilk.  Blada visnar og gulnar om hausten slik som hos sommareik, men dei sit på treet det meste av vinteren. 

       

Bøk (Fagus sylvatica):  Bøk skil seg frå dei andre treslaga i Norge ved at den er særs lite lyskrevjande.  Den er også eit utprega skyggegjevande treslag, dvs. det er lite lys som når ned til bakken i ein tett bøkeskog.  Dette hemmar annan vegetasjon i å vekse i bøkeskogen, med unntak for nye bø­ketre. Liten plantevekst i denne typen skogbotn, kan også skuldast at bøk har mange rotgreiner nær overflata som tek  næring, slik at nesten alle urteaktige planter for­svinner.  Bøkenøttene sit 2 og 2 saman i eit mjukt, piggete beger.  Etter eit godt frøår er marka i bøkeskogen ofte full av små bøketre.  Bøkeveden er hard og tung og vert brukt til møblar, redskap m.m. Veden er lukt- og smaksfri og vert derfor brukt i kjøkkenredskap, ispinnar o.l. Det er lite lavvekst på bøkestammar grunna sur bark med lite oppsprekking.  Som planta tre, trivest bøk godt på Vestlandet  (t.d. i parka­ne i Bergen).  

Blodbøk (Fagus purpurea) har lyse til mørkebrune eller rød­fiolette blad, og fins som planta hagetre i Norge.

 

Almefamilien

Alm (Ulmus glabra):  Trivest best på djup, næringsrik moldjord.  Tilhøyrer det sør-sørvestlege floraelementet, men toler meir frost enn våre andre edle lauvtre. Blada er  avlange, med tydeleg spiss.  Dei er skeive i den andre enden. I nødsår brukte ein tidlegare barkemjøl i staden for eller saman med anna mjøl til brødbaking.  Bark frå alm var best til dette formålet.  Slik bark vart også i stor utstrekning brukt til dyrefor. Veden er hard  og eignar seg godt til møblar, reiskapar osv. Fruktene hos alm er mogne og blir spreidde allereie i juni månad, vha. vinden.   Frøet ligg midt i ei stor skiveforma venge.

 

Lindefamilien

Lind (Tilia cordata):  Lind er eit varmekjært treslag som hos oss berre veks på spesielt lune og solvarme stader.  Det tilhøyrer det sør-søraustlege floraelementet og er eit viktig park- og allétre og har karakteristiske blomar i klasar og  insektpollinering.  Blada har hjarteform med tydeleg spiss i enden. Under barken ligg seig bast, som ligg i tynne lag rundt stam­men.  Denne basten vart tidlegare brukt i stor stil til fram­stilling av reip, matter, sekker o.l.  Veden er blaut og kastar seg lite, og vert  derfor brukt som treskjeringsma­teriale.  Veden er spesielt lett og har derfor blitt  brukt i protesar.

Karakteristisk for lind er at eit høgblad fungerer som propell og fallskjerm ved fruktspreiinga (nøtter).   Lind toler mykje luftforureining og kan derfor overleve som  vegrabatt-tre langs  sterkt trafikkerte vegar. 

 

Generelt om fruktspreing

Mange tre og planter spreier frøa vha. vinden. Delar av frukta  er her utforma til sveveorgan.  Hos skiveflygarane har frukta venger med tyngdepunktet i sentrum t.d. alm og torskemunn.  Hos seglflygarane derimot er tyngdepunktet eksentrisk plassert. t.d.  bjørkeartane.  Hos gran, furu og lønn er frøet slik plassert på venga at det skjer ein rotasjon av frukta når den fell nedover.   Dette aukar falltida og dermed spreiingsevna.  Slike frukter vert kalla skrueflygarar.  Også fruktene hos ask roterer under fallet mot bakken, men pga. vengeforma og frøet sin plassering følgjer frukta her ei spiralforma bane mot bakken.  Slike frukter vert kalla skruedreieflygarar.  Hos mange urter er sveveorgane på fruktene utforma som trådar (geiterams, tistel, myrull), fjører (vendelrot)  eller skjermstruktur (løvetann, føllblom, svever). Slike frukter vert kalla sveveflygarar.                                                                       

Store mengder frø frå gran, furu og bjørk vert sleppte ned på snøen på ettervinteren, og vert derfor spreidd vidare vha. smeltevatnet.  Også oretrea slepper frøa ned på snøen.  Fruktene hos oretrea har imidlertid ingen sveveorgan, men  inneheld luftfylt vev og er dekte med voks.  Dette gjer at dei flyt godt på smeltevatnet om våren og vert spreidd langt av garde med dette. Også fruktkonglane hos oretre er dekte av voks, slik at heile konglen kan stundom bli spreidd med smeltevatnet.  Andre kjente vasspreiarar er t.d. bekkeblom, tjørnaks, flaskestarr og piggknopp. 

Sidan både gran, furu, bjørkeartane og oreartane ofte beheld frøa over vinteren, vert desse spesielt viktige som matkjelde for både ekorn og fuglar, t.d. sisik og meiser gjennom vinterhalvåret.

 

Pollinering og frøspreiing hos skogstrea

Dei fleste trea i skogen har vindpollinering.   Slik tilfeldig pollenspreing krev at at det blir produsert enorme mengder pollen slik at minst eitt av desse når fram til kvart arr på hobomane.   I pollensesongen er det derfor svært store mengder pollen i lufta, noko som også kan gje allergiproblem hos mange menneske på den årstida.  Både bartrea (gran, furu, einer) bjørkeartane, oreartane, hassel, osp, ask, alm, eik og bøk  har denne typen pollenspreiing.   Dei aller fleste av desse er sambu, dvs. kvart tre er både hann- og hotre, med unntak for einer og stundom også osp.

Hos selje og vierartane derimot vert pollen spreidd vha. insekt.  Desse trea og buskene er særbu, dvs. dei har hannindivid og hoindivid, med eigen nektarkjertel ved basis av kvar blome i blomstersamlingane (gåsungane).  Også lønneartane og lind har insektpollinering, hos lønnane  ligg det ei nektarkake i botnen av kvar blome, hos lind er dekkblada dekta av eit tynt nektarsjikt.

Rogn og hegg har klasar med kvite blomar med sterk lukt.  Hos rogn er blomsterlukta kvalmande for menneske, men den  svekkes raskt med avstanden frå blomen som hovudsakleg blir besøkt av fluger, t.d. blomsterfluger.  Blomsterlukta hos hegg vert ofte oppfatta som behageleg av menneske; blomane  vert hovudsakleg besøkt av fluger og bier.  Den kvite blomsterfargen hos desse treslaga gjer at blomane er godt synlege for insekta også om natta. Generelt produserer insektpollinerande treslag lite pollen, då spreiinga av dette er svært mykje sikrare enn ved vindpollinering.  Slike treslag er sjeldan allergiutløysande, i alle høve ikkje utandørs.  Men luktstoffa kan stundom gje ubehagreaksjonar, t.d. dersom ein tek heggekvistar med blomar inn i eit rom på ein varm dag.

Også frøa dvs. fostera og nærinsstoffet rundt desse og vert spreidde med vind eller dyr hos skogstrea.   Hos bartrea ligg frøa i utgangspunktet i ein kongle.   Hos gran og furu er ein vengeforma del av konglen festa til frøet, som elles er nakent (nakenfrøingar), dvs. det manglar frukt. Når frøet losnar frå konglen,  roterer det i lufta grunna vengen, noko som aukar falltida slik at sjansen for av vindar skal frakte frøet bort frå mortreet aukar.  Hos hoplantene hos einer dannar kongleskala (3 stk.) eit skal rundt frøet, dette er først grønt, men får eit vokslag andre året slik at det ser blått ut.  Dermed vert det lett synleg for fuglar, t.d. orrfugl slik at dei kan bruke slike konglar som mat.  Frøa ligg i fugleekskrementa og kan spire i desse, langt borte frå morplanta. 

Dei andre skogstrea har imidlertid frukter, dvs. fruktsekken ligg rundt frøa, ofte i ein sterkt omforma tilstand; slike tre tilhøyrer dekkfrøingane.  Hos hegg er indre delen av fruktsekkveggen blitt hard, medan ytre delen er blitt mjuk, saftig og svart; slike frukter vert kalla steinfrukter.   Fruktene hos hegg vert spreia vha. fugl, t.d. gråtrost.  Hos hassel, eik og bøk derimot er heile fruktknuteveggen blitt hard og dannar eit skal rundt frøet, slike frukter vert kalla nøtter.  Dei blir spreidde vha. mus, ekorn og nokre fugleartar t.d. nøtteskrike.  Ekorn kan hamstre t.d. hasselnøtter og grave dei ned; dei kan i så fall få gode spireforhold. Nøttene hos lind dannar ein klase, denne blir spreidd vha. vinden; eit høgblad på klasestilken har her fått  vengefunksjon.  Også hos bjørkeartane, lønneartane, alm og ask har nøttene venger og blir spreia vha. vinden.  Hos bjørkeartane ligg frøet litt framfor sentrum i vengesystemet, slik at det dalar ned gjennom lufta som eit seglfly, hos lønn roterer frøet under fallet, hos alm ligg frøet i sentrum av venga slik at det flyt på luftstrauma (skiveflygar), medan frøet fell i ei spiralforma bane hos ask.  Det er imidlertid ytterst  få av desse frøa som spirer då dei ikkje kjem i kontakt med jordsmonn slik at røtene kan utvikle seg.  Dersom t.d. eit bjørkefrø fell ned i fotsporet etter ein hjort i fuktig jord, vil det truleg kunne spire, men det kan ikkje spire på steingrunn, tørre grasmatter o.l.  Store mengder slike frø kan også hamne i innsjøar, elvar og i fjordar og til slutt rotne.   Nøttene hos oretrea er dekte med voks, og har ein borde fylt med luftrom.  Dei kan derfor flyte i vatn, og blir ofte sleppte på snøflater og spreidde med smeltevatnet langt avgarde om våren.  Hos rogn er ytre delen av den krukkeforma blomsterbotnen blitt rød, mjuk og saftig om hausten, medan fruktsekkveggen danna eit tynt sjikt rundt frøa.  Tilsvarande fruktutvikling finn ein hos epler, nyper og jordbær; slike frukter vert kalla falske frukter.  Rogn er eigentleg ein nær slektning av eple, og har som denne eplesyre i fruktene.  Hos rogn vert eplesyra verande i fruktene langt utover hausten, slik at dei heile tida er svært sure. Dei vert spreidde effektivt vha. fugl, spesielt gråtrost, men først seint på hausten, tidleg vinter når slike fuglar ikkje finn annan og betre mat.  Hos selje, vierartane og osp vert det utvikla mange tynne trådar i eine enden av frukta, som såleis blir så spreidd med vinden ved at trådane fungerer som sveveorgan.

Insekt er såleis viktig for pollinering hos treslaga, men ikkje for frøspreiinga.  Imidlertid finst det mange urter t.d. marimjeller, lerkespore osv. der frøa har eit oljeaktig vedheng som er mat for maur.  Hos slike urter der derfor insekt viktige både for pollinering og frøspreiing.

 

Generelle merknader om treslaga

Mange treslag inneheld harpiksar.  Dette er ei blanding av organiske sambindingar med middels til stor molekylmasse.  I hovudsak består harpiks av aromatiske syrer, alkoholar og fenolar.  I tillegg er det ymse typar esterar som er blitt danna med utgangspunkt i dei aromatiske syrene og alkoholane.  Harpiks vernar trea både mot skadeorganismar og uttørking.  Eigenvekta på veden hos dei ymse treslaga varierer mykje.  På neste side er gjeve ei oversikt over vekta i kg per liter ved for ei rekkje treslag når det er 15% fuktigheit i veden:

    Gran................0,47

    Osp.................0,49

    Lind................0,50

    Furu................0,52

    Gråor...............0,52

    Selje...............0,53

    Svartor.............0,55

    Hegg................0,62

    Bjørk...............0,63

    Lønn................0,63

    Rogn................0,64

    Einer...............0,64

    Hassel..............0,65

    Alm.................0,68

    Ask.................0,69 

    Eik.................0,69

    Bøk.................0,70

Osp og bøk er såleis høvesvis det lettaste og tyngste lauvtreslaget på denne lista.  Både gran og furu har lett ved.

Furu og gran har harpiksproduserande celler.  Harpiksstoffet blir lagra i kanalar i alle delar av treet, og er då relativt tyntflytande.  Når treet blir skada i overflata, dampar terpentin (eterisk olje) bort frå harepiksen i området, og den resterande delen blir derfor hard og dannar skorpe på såret.   Størkna harepiks blir ofte kalla kvae.  Hos bjørk finst det harpiks m.a. i nevra.

Vekstlaget hos trea ligg mellom borken og veden.  Om våren er det stor celledelingsaktivitet i dette laget, som då etter kvart får mange unge, tynnvegga celler. Desse cellene er svake, og ein kan derfor i denne perioden lett rive barken av trea.  Når ein lagar seljefløyte, bankar ein på emnet slik at desse cellene blir knuste.  Borken losnar dermed frå veden.  Bjørk har også eit tilsvarande vekstlag mellom nerva og borken.  Nerva kan derfor lett trekkast av i denne perioden.

Når trea har nådd ein viss alder, vil den sentrale delen av stammen hos mange treslag slutte å vekse.  Denne delen tørkar så gradvis ut og vert då kalla kjerneved.  Den har ofte mørkare farge enn veden utanfor pga. mørke fargestoff.  Hos m.a. furu hindrar desse stoffa sopp- og insektåtak.  Kjerneveden hos furu vert kalla malme eller al. Kjerneveden hos gran er fargelaus.  Nokre få treslag m.a. bjørk manglar kjerneved.

Generelt er veden utanfor kjerneveden aktiv og fører vatn frå rota til krona på treet.  Denne veden vert kalla yteved.  Hos furu vert den dessutan kalla splintved eller geite.

Utanfor yteveden ligg borken som innanfrå og utover består av følgjande komponentar: Kambium (vekstlag), silrørlag, primærbark og korklag.  Det sistnemnde laget hindrar uttørking.

 

Karakteristiske planter i nærmiljøet

Reinfann (Chrysanthemum vulgare) er ei opp til 1 m høg plante med gul, karakteristisk blomster.  Blomsterkurvane har gule skivekroner og manglar randkroner.  Den veks oftast langs vegar, og skogkantar.  Er truleg innført til Norge.

Har vore brukt i folkemedisinen, oftast som avkok eller te mot fordøyingsvanskar og innvollsormar hjå både folk og fe. Planta har god lukt, og har vore brukt som parfyme.

I dag er planta mest kjent som fargeplante.  Rota gjev vakker grøn farge, blada gulgrøne fargar og blomstrane gyllengul eller oransjegul fargetone.

Prestekrage (Chrysanthemum leucanthemum) er opp til 0,4 m høg og slektning til reinfann.  Blomsterkurvane har oransjefarga skivekroner og store, kvite tungeforma randkroner.  Kvar skivekrone består av ei røyrforma, organsje krone som omgjev oransje  støvberarar og støvveg.  Den organsje, midre delen av blomen hos prestekrage består av  mange skivekroner.  Randkronene har eit nedre rørforma del som omgjev støvberarar og støvveg. Øvre del av randkronene består av ein stor, kvit  tungeforma del.

Kurvane vert brukt av born i  ymse leikar.  Prestekrage er komen frå Austlandet til Vestlandet i såfrø.

Kvitveis  (Anemone nemorosa) har ein kraftig, næringsrik  jordstengel og kan derfor blomstre tidleg om våren.   Frå jordstengelen går det vanlege røter nedover i jorda.

Gullstjerne  ( Gagea lutea) har lauk med opplagsnæring og kan derfor blomstre tidleg om våren.   Ein lauk er eigentleg ein kort og tjukk stilk med mange tjukke, saftige blad.   Gullstjerne veks først og fremst på våtlendte stadar.

Geiterams (Chamaenerion angustifolium) er ei opp til 1 m høg plante med store, rødlege blomstrar.  Veks langs vegkantar, på hogstflater og branntomter. Når forholda ligg til rette for det, spreier den seg  lett då den har særs stor frøproduksjon (opp til 80 000 frø per sesong).   Frøa har høg spiredugleik. Geiterams har kraftige, greinete rotstokkar, som gjer at planta veks i tette bestandar der andre artar har vanskeleg for å klare seg.  I alle høve har andre artar store vanskar med å etablere seg i høge, tette geiteramsbestandar.  Arten krev god næringstilgang og toler godt overgjødsling.

Burot (Artemisia vulgaris) er opp til 1 m høg, og  veks ofte i vegkantar.  Den har kraftig lukt og har vore brukt som medisinplante.  Stenglane blir til slutt harde og forveda og kan stå opprette gjennom heile vinteren.  Frøa bli stundom spreidde på snøen.  Burotpollen kan vere kraftig allergiframkallande.

Mjødurt (Filipendula ulmaria) er ei opp til 1 m høg plante med gulkvite, små blomstrar med sterk lukt.    Har vore brukt som teplante og som sveittedrivande middel. Plantedelar har også blitt brukt som smaksmiddel i øl og vin.  Mjødurt produserer spiralvridde nøtter som inneheld luft.  Desse kan flyte og kan derfor bli spreidde med vatn. Mjødurt har sterk, karakteristisk lukt og mange insekttypar oppsøkjer derfor denne planten. Det er imidlertid ikkje nektar i mjødurtblomane. Den sterke lukta skuldast eteriske oljar i kronblada. Insektene blir såleis på sett og vis lurte til å tru at det er nektar i blomane.  Dei eteriske oljane hos mjødurt inneheld heliotropin, vanilin og ymse salicylsyresambindingar.  Nest etter selje inneheld mjødurt mest salicylsyre av norske tre og planter..  Karakteristisk for mjødurt er at blada stort sett inneheld dei same stoffa som blomane.  Dette kjenner ein lettast dersom ein knuser eit mjødurtblad mellom fingrane.

Vendelrot (Valeriana sambucifolia) er ei opp til 1 m høg plante, med kraftig, karakteristisk blomsterlukt.   Veks helst på fuktige stadar, t.d. langs dammar og innsjøar og i fuktige veggrøfter.  Heile planta har ei sterk, stram lukt som har tiltrekkande verknad på kattar.  Vendelrot har vore brukt som medisinplante, særleg mot hysteri, tungsinn og psykose, og var såleis ein forløpar til psykofarmaka. Elles har det vore knytt mykje trolldom og mystikk til vendelrot fram gjennom tidene.  M.a. var det trudd at rota vende seg og vart til stengel, og omvendt.

Sløke (Angelica sylvestris) er ei opp til 2 m høg plante som veks på fuktig jord i skogen.  Planta har store, halvkuleforma skjermar.  Greinstilkane har djup grop på oversida.  Hovudstammen har vore bruk i ymse barneleikar, t.d. sprøyter, pusterør og blåseinstrument.

Ryllik (Achillea millefolium) er ei opp til 0,5 m høg plante, med karakteristisk kvit blomstersamling.  Heile planta har sterk aromatisk lukt.  Blada har vore brukt som krydder i t.d pølse og blodmat.  Tørka blad har vore brukt som te og som tobakk.  Medisinplante mot dei fleste sjukdommar.  Har bitter smak pga. stoffest achillein.Ryllik blomstrar heile sommaren og langt utover hausten.  Ryllik inneheld ei rekkje stoff som kvar for seg har medisinsk verdi.  Bitterstoff i planta kan ha ein stimulerande effekt dvs. krydderverknad, medan eteriske oljar er betennelsesdempande og hindrar kramper i mage-tarmkanalen.  Garvestoff og stoffet cham-azulen gjev planten sårlekjande eigenskapar.  Kamfer og eugenol i ryllik har smertedempande verknad, og ryllik har derfor blitt brukt mot tannpine.  Eugenolrik olje vert også brukt i dag til same føremål på tannlækjarkontora.

Firkantperikum (Hypericum maculatum) er opp til 0,4 m høg, og har, slik som vendelrot, vore knytt til mykje trolldom og mystikk i folketrua.   Både firkantperikum  og prikkperikum (Hypericum perforatum) tilhøyrer perikumfamilien og er vanlege i Norge, spesielt firkantperikum.   Sistnemnde art har firkanta stengel og forholdsvis store blad, medan prikkperikum har tokanta stengel og noko mindre blad.  Dersom ein held eit perikumblad opp mot lyset, ser ein ei mengde med lyse prikkar.  Det er fargelaus harpiks dvs. esteriske oljer.  Vidare kan ein sjå svart prikkar på blad og stilk.  Stoffa i sistnemnde prikkar kan løysast ut i alkohol, og ein får då ei djupraud løysning (perikum=manneblod).  Stoffa heiter hypericin og pseudohypericin og ein kan få det fram ved å gni blomane eller skota mellom fingrane. Ei rekkje gamle sagn og medisinske  bruksområde for perikumplanter har tilknyting til dei djupraude fargestoffa i desse plantene.  Perikumartane manglar nektar i blomane, men vert likevel besøkte forholdsvis ofte av insekt som samlar blomsterstøv og som dermed bestøver plantene. Perikumplantene inneheld fleire medisinsk viktige stoff, m.a. bakteriedrepande eteriske oljar og garvestoff.   Det røde fargestoffet dvs. hypericin liknar på hematoporfyrin, eit stoff som vert danna i kroppen og som har ein klart antidepressiv effekt.  Også hypericin gjev eit betre stemningsleie hos personar med lettare depresjonar.

Gulmaure (Galium verum) og kvitmaure (Galium boreale) inneheld 2 røde fargestoff i røttene.  Røter frå desse artane har derfor blitt brukte til å farge garn rødt.

Stornesle (Urtica dioeca) er ei opp til 1,5 m høg plante som veks på næringsrik jord, t.d. ved stølsfjøs.  Nesleplanta er då også sjølv kjent for å vere svært næringsrik.  Den vert ofte rekna for å vere dobbelt så næringsrik som gulrot.  Den inneheld store mengder A og C vitamin, og ingen nordisk plante er så rik på mineralsalt t.d. fosfor, kalsium, kalium, kisel og jern.

 

På Austlandet har nesleplanta i stor grad blitt brukt til dyrefor, særleg til gris.  Elles har den over heile landet blitt brukt som medisinplante, m.a.  mot gikt og luftvegssjukdomar.  Nesle har også blitt brukt som tekstilplante.  Stilken inneheld tynne, sterke bastfibrar. Bastfibrane i neslestilkane har vore brukte til å veve tøy av, og planta vart dyrka for dette formålet. Allereie i steinalderen vart det laga fiskegarn av neslebasttrådar.   Nesle er kjent for å stikke eller brenne hud.  Over heile planta er det små, harde kiselnåler som endar innerst i ei blæreliknande celle fylt med etsande, proteinrik væske. Denne inneheld mellom anna maursyre, eddiksyre, acetylcholin og histamin.  Det er først og fremst histaminstoffet som fører til at det vert danna røde blemmer på menneskehud når den har vore i kontakt med neslehår.  Nåla har kuleforma spiss, og ved lett berøring brekker denne av og nåla går inn i huda.  Den etsande væska vert så ført inn i huda. Brennhåra vernar planten mot beitande dyr.   Hos stornesle finst hann- og hoblomar på forskjellige planter, dvs. stornesle er særbu.  Frøa inneheld store mengder olje.

Høymol (Rumex longifolius) er ei opp til 1,2 m høg plante som veks på kulturmark og langs vegar.  Planta er eit ugras med djup, kraftig pelerot.  Fram gjennom tidene har det vore vanleg å rykkje planta opp med rota, og det vart utvikla mange teoriar om korleis dette skulle gjerast og til kva tid. Folk ville helst ikkje ha høymol i foret fordi høyet rundt høymolplanta ofte mugna (derfor namnet høymol).  Dessutan likte ikkje kyrne høymol.  Ein del høymol vart brukt som grisefor.  Skrelte høymolstilkar vart også brukt som menneskeføde.

Generelt inneheld plantene i syrefamilien t.d. engsyre mykje C-vitamin og ein god del oksalsyre. Sistnemde bind seg kraftig til kalsiumion (Ca2+) og det vert danna eit kvitt, krystallinsk stoff, kalsiumoksalat.  Sidan kalsiumion er nødvendige for finreguleringa av muskulatur- og nervesystem, kan inntak av større mengder friske syreblad føre til dysfunksjon i desse systema. I tillegg kan det bli utfelt kalsiumoksalatkrystallar i nyrene og desse kan gje nyreskade.

Gjetartaske  (Capsella bursa-pastoris) skil seg frå dei fleste planter ved at den inneheld biogene amin, særleg acetylcholin, thymin og histamin.  Førstnemde stoff finst også i nerveendar i skjelettmuskulatur og glatt muskulatur hos pattedyr og menneske, og drogen frå gjetartaske vert derfor brukt som livmormuskelkontraherande middel.

Kvitbladtistel (Cirsium helenioides) er ei opp til 1,2 m høg plante, med stor, kostforma blomsterkorger i toppen.  Desse  består av røyrkroner. Undersida av blada er dekte av små, lyse trådar. Blada har vore mykje brukte på sår og svullar.  Kvitbladtistel manglar tornar.

Myrtistel (Cirsium palustre) er opp til 2 m høg, og er vanleg i fuktige skogsområde.  Den har mange, men forholdsvis små blomsterkorger i toppen.  Desse består av røyrkroner.  Tornar både på stilk og blad.

Blåklokke (Campanula rotundifolia) er ei velkjent plante i nærmiljøet.   Den tilhøyrer klokkefamilien og er svært vanleg i heile landet.   Somme planter har berre 1 klokke andre har fleire.  Klokka har blå farge og består av store samanvoksne kronblad med begerblad ved stengelfestet.  I blomsten er det 1 støvveg og denne er i utgangspunktet dekt av lange støvberarar.  Desse blir mogne før det blir utvikla arr på griffelen.  Blomsterstøvet vert til vanleg frakta ut frå blomen og til andre blåklokkeplanter vha. insekt t.d. humle, som finn nektar i blomsterbotnen.  I dårleg ver vert klokka også brukt som opphaldsstad av insekt.  Frukta er ein hengande kapsel med 3 rom. Det oppstår eit holrom i veggen øverst i kvart rom.  Ved sterk vind vert frøa kasta ut av kapselen og spreidde forholdsvis langt avgarde med vinden.

Engsoleie (Ranunculus acris) har store, gule blomar og er svært vanleg både i låglandet og i fjellet. Den tilhøyrer soleiefamilien. Kronblada hos engsoleie og nærståande artar, har karakteristisk skinnande gulfarge.  Det skuldast at cellene i overhuda på kronblada er fylte med gul olje, og at det under dette laget ligg kvite celler.  Dei sistnemnde celler er kvite fordi dei er stappfulle med stivekorn.  Laget med kvite celler fungerer som eit lysreflekterande lag som gjev kronblada sterk og særeigen glans.  Blomen har parabolantenneform og midtpartiet med griflar og støvberar vert av den grunn kanskje meir varm enn andre område, noko som igjen kan ha tiltrekkjande verknad på insekt.  I all høve vert insekta tiltrekte av pollenstøv og honning i blomen.  Engsoleie har nøttefrukt med karakteristisk bøygd nebb.  Nøttene hekter seg derfor lett fast i pelsen på dyr som går forbi.  Fruktene kan såleis bli spreidde langt avgarde.

Ugrasløvetann (Taraxacum vulgare) er ei svært vanleg og velkjent plante i Norge, og tilhøyrer korgplantefamilien. Sjølve blomsterkorga består eigentleg av mange einskildblomar.  Kronblada i kvar einskildblom er vaksne saman til ein tungeforma struktur (tungekrone).  Støvveg og støvberarar er festa i den nedre, traktforma delen av tungekrona.  Støvknappane er vaksne saman til eir rør rundt griffelen. Oppå fruktknuten sit ein krans av fine hår (føyken)  Desse håra er eigentleg omdanna begerblad. Insekt t.d. humler, bier og blomsterfluger er flittige gjestar hos løvetann.  Einskildblomane dannar frukt utan forutgåande bestøving\befrukting.  Frukta er ei not og  føyken utviklar seg til ein fallskjermliknande struktur.  Ved hjelp av denne vert frukta frakta langt avgarde med vinden.

Tepperot (Potentilla erecta) er ein av dei aller mest vanlege planten i Norge.  Den er ei lita plante og vert av den grunnen ikkje lagt så nøye merke til.  Men den veks praktisk talt over alt når den får nok lys, heilt frå fjøre til fjell.  Tepperot tilhøyrer rosefamilien, men har berre 4 kronblad (planter i denne familien har oftast 5 kronblad)  Frå gammalt av er det rotstokken til tepperot som er mest kjent.  Den er nærmast blodrød inni og har blitt brukt mot mage og tarmsjukdomar.  I dag veit vi at rota inneheld opp til 30% garvestoff, og at desse stoffa har desinfiserande verknad i tarmkanalaen.

Bergmynte  eller kung (Origanum vulgare) har ei kraftig lukt grunna eteriske oljar.  Det dominerande stoffet er thymol, som både er desinfiserande, krampeløysande og hostedempande.   Stoffet synest også å ha drepande verknad på innvollsorm.  Thymol til medisinsk bruk blir i dag utvunne frå timian som har eit langt høgar innhald av dette stoffet enn bergmynte.

Nyperose er eit samlenamn på fleire artar.   Frukta  (nypa) hos desse artane er ein krukkeforma, kjøtrik del av blomsterbotnen  (stengeldel).   Dei eigentlege fruktene er nøtter og ligg inne i nypa.    Nypene inneheld  5-18 mg  C-vitamin per gram, og dette er 4-6 gonger meir enn for solbær og opp mot 18 gonger meir enn for appelsin.

Skogstorkenebb (Geranium sylvaticum) er ei vanleg plante med store blåfiolette blomar.  Den høyrer til storkenebbfamilien. Den er mest kjent pga. at den har markerte striper på kronblada og det vart i si tid utvikla teoriar om at desse stripene hos skogstorkenebb viser insekta vegen til nektaren i blomen.  Mykje tyder på at denne teorien er rett. (Liknande striper er særs tydelege hos stemorsblomst).  Blomen har  10 støvberarar, men berre 1 støvveg. Denne er i utgangspunktet stor, og etter befruktinga veks den ytterlegare kraftig og får nebbform.  Den inneheld då 15 frø fordelt på 5 avlange rom.  Når frøa er mogne sprekk kapselveggen opp i 5 flikar som krøllar seg raskt saman, slik at frøa vert kasta ut.

Stankstorkenebb  (Geranium lucidum) også kalla urdakatt, er mykje mindre enn skogstorkenebb.  Den har rød, gjennomskinleg stengel og bleikraude kronblad.    Stankstorkenebb har som namnet viser,  sterk og karakteristisk lukt.   Arten er særs skuggetolande.   I  bergholer er det såleis denne arten som går lengst inn av blomsterplantene.    Stankstorkenebb trivst imidlertid også godt i fullt dagslys.

Gauksyre  (Oxalis acetosella) har karakteristiske trekopla blad,  og kvite og relativt store kronblad.   Arten er  svært skuggetolande.   På den andre sida toler den ikkje sterkt lys,  og veks derfor berre på  mørke stadar t.d i skogbotnen under store graner.  Gauksyre er kjent for at den kan bevege blada.  Bladstilkane har oppsvulma ledd og planten kan regulere saftspenninga i vevet på oversida og undersida av ledda,  og kan dermed brette blada ut eller bøye dei ned.    Sistnemde bøying skjer om kvelden og i sterkt lys.   Blada hos denne arten overvintrar stort sett  som grøne blad.  Tidleg om våren tiner blada ut friske og lysegrøne og startar opp med fotosyntesen.  Gauksyrer forplantar seg i stor grad vegetativt,  og ein koloni av slike planter i skogbotnen kan ofte bestå av berre eitt individ.    Arten har også to blometypar.    I  dei ordinære blomane kan det skje kryssbefrukting,  medan det i knoppliknande blomar skjer sjølvbefrukting.

Raud og kvit jonsokblom (Silene dioica og Silene pratensis) har forholdsvis store og karakteristiske blomar.  Jonsokblomane høyrer til nellikfamilien.  Den røde typen er vanleg og naturleg i norsk flora, den kvite er eit ugras som er innført til landet.  Hos begge artar er blomen djup, og bier og humler når ikkje ned til nektaren i blomsterbotnen.  Det er berre sommarfuglar som har så lang sugesnabel at dei kan ta nektar frå jonsokblom.  Det er dagsommarfuglar som tek nektar og dermed bestøvar raud jonsokblom.  Kvit jonsokblom er derimot tilpassa å bli bestøva av tussmørkesvermarar. Denne arten har derfor halvvisne blomar om dagen, men om kvelden opnar dei seg og sender ut kraftig nelliklukt for å trekkje til seg tussmøreesvermarar. Hos jonsokblom ligg frøa i ein krukkeforma, tannete kapsel.  Kapselopning vender oppover og det skal forholdsvis kraftig vind til før frøa vert kasta ut av kapselen.  Til gjengjeld vert dei då frakta forholdsvis langt avgarde med vinden.

Tjæreblom  (Lychnis viscaria) liknar ved første augekast på raud jonsokblom.  Den høyrer til nellikfamilien og har eit karakteristisk tjærefarge klisterlag på stengelen eit stykke under blomane.  Dette hindrar m.a. maur i å krype opp til dei nektarrike blomane.  Ofte sit også mange bladlus fast i klisteret.

Groblad (Plantago major) er  ei gamal  medisinplante i kjempefamilien.  Den er svært vanleg på gardstun og i vegkantar.  Planta har vindbestøving og blomane er derfor små og utan sterke fargar.  Dei består først og fremst av lang støvveg og svært lange støvberarar.  Den produserer store mengder blomsterstøv.  Den set også mange frø, opp til 20 000.  Desse sit i små kapslar.  Når frøa er mogne, fell toppen av kapselen av som eit lokk.  I fuktiv ver vert frøa svært klæbrige pga. forsliming av det ytre frølaget.  Dei fester seg då til menneske, dyr, reiskapar osv. og vert spreidde langt av garde.  Slik vart groblad også spreidd til Amerika og vart der kalla "Bleikansikta sine fotspor" av indianarane.

Vanleg marikåpe (Alchemilla vulgaris) har også vindbestøving og blomane er derfor til dels svært små og utan sterke fargar.   Arten manglar kronblad, og begerblada (4 stk.) er små og uanselege.  I praksis skjer forplantinga utan befrukting, og det finst derfor svært mange underartar vanleg marikåpe. Karakteristisk kjenneteikn er store, tannforma blad som likar på ei kåpe når dei vert snudde opp ned.  På kvar bladtann sit ein kjertel som skil ut vatn.  Om natta renn kjertelvatnet ofte inn mot sentrum av bladet slik at det om morgonen ligg ein stor, sølvskinande vassdråpe her.  Bladet er håret og vert ikkje fukta av dråpen, som dermed blir høg og rund.

Skogstjerne  (Trientalis europaea) veks både i låglandet og i fjellet, og i tett skog og på opne parti.  Arten har såleis ei uvanleg stor tilpassingsevne.  Planter som veks i tett skog, har blada samla i ein krans høgt oppe på stilken, og spreidde frå kvarandre.   Dette sikrar at blada ikkje blir dekte av mose o.l. dvs. at dei får lystilgang.  Det at dei  veks i same planet, hindrar at dei ikkje skygger for kvarandre.

Engkallartar (Rhinanthus sp.), myrkleggartar (Pedicularis sp.) og augnetrøst (Euprasia stricta) er ofte vanlege i skog og mark.  Dei tilhøyrer alle maskeblomstfamilien, og skil seg frå artane nemnde ovanfor ved at dei er snylteplanter (parasittplanter).  Dei har eit dårleg utvikla rotsystem, men har utvikla karakteristiske sugeorgan på røttene som dei let vekse inn i leiingsvevet i røttene hos planter frå andre artar.  Engkall og øyentrøst snyltar først og fremst på ymse grasartar, medan myrkleggartane snyltar på lyng- og treartar.  

 

Miljøtilpassingar

Planter tilpassa fuktige miljø, t.d. lyssiv, molte og bukkeblad har luftfylt leiingsvev såkalla aerenkym i stengel og røter.  Den kvite, svampaktige vevet inne i stenglane hos lyssiv og knappsiv er aernkym, og vart i si tid brukt som veikar i lamper (derfor namnet lyssiv).  Det vassrike jordsmonnet inneheld lite oksygen i slike miljø.   Hos planter med aerenkym når oksygen frå lufta ned til røtene, slik at andinga i desse kan fungere som normalt.  I tillegg vert potensielle giftige toverdige jernion i jordsmonnet rundt røtene oksydert til treverdig jernion som ikkje skadar rothåra.  I tillegg kan slike røter vekse svært djupt ned i jorda og dermed få fatt i djuptliggande næringssalt, t.d. har moletplanter vanlegvis svært djupe røter.   Mange av artane i slike miljø har høge plantar, t.d. sløke og mjødurt, noko som reflekterer den gode tilgangen på næringssalt som vanlegvis finst i slikt jordsmonn.  Slike artar tiltrekker seg mange nektarsugande insekt, t.d. humler og blomsterfluger.   Dermed kan også kvefs og augestikkarar også vere vanlege i slike miljø, då dei lever av insekt.  Også  spindelvevbyggande edderkoppar kan opphalde seg i denne typen vegetasjon.  Dei fleste soppartane er knytt til skog, men nokre kan også vekse i slike miljø.  Av treslaga er det først og fremst oretrea, spesielt svartor, som toler mykje fuktig jordsmonn.  Slike treslag kan etter alt å dømme også tilpasse seg situasjonen, slik at det aktuelle treet som har slått rot i svært fuktig miljø kan utvikle ekstra store porar i korklaget i stammen.  Dette vil i seg sjølv fremje oksygentilførsla frå lufta og inn i stamme og røter.  Denne typen tre har stor verdi for denne typen habitat, då dei gjev nitrogenrik jord grunna sympiose med strålesopp i rotknollar og djupe trerøter sikrar effektivt opptrekk av næring som er blitt vaska djupt nedover.  Dei representerer også ein god tilhaldsplass for fugl, og kan også vere reirplass for fleire artar.

Planter på tørre og skrinne jordsmonn t.d. bergrabbar er først og fremst tilpassa vassmangelen. Blada kan vere tjukke med tjukt vokslag slik som hos tyttebær, og i tillegg meir eller mindre  nålforma slik som hos krekling.   Ofte er plantene på slike stadar små  t.d. er småsmelle og småsyre typiske planter på slike rabbar i låglandet.  Dei nære slektningane til desse to artane, høvesvis endsmelle og engsyre, er langt større og veks som namna indikerer på engar med langt betre tilgang på både vatn og næringssalt.   Jordsmonnet er for tynt og for tørt til at store og næringskrevjande planter kan slå seg ned her.   Grasarten smyle kan ofte vekse på slike plassar den har nålforma dvs. smale (smyle) blad med lite vasstap, men individa er ofte små på slike plassar.  Gråmose er elles svært vanleg på slike stader, den toler både svært lange turkeperiodar og store temperaturvariasjonar som kan vere på slike stader.  Blada har ein lang, kvit spiss som består av døde celler; i turkeperiodar ser derfor slike mosetepper grå ut, men etter litt regn er dei igjen blitt lysegrønne.  Elles er mange lavartar lyskrevjande og  svært turketolande og derfor vanlege i slike miljø både i låglandet og i fjellet (t.d. lys reinlav).   Nektaretande insekt finst det imidlertid  ikkje særleg mykje mat i slike miljø, med unntak for t.d. sommarfuglar som sit og varmar seg i sola på slike stader.  Men i  jordsmonnet og mose- og lavsjiktet er det både spretthalar, midd og andre smådyr.  Ofte spring det ulveedderkoppar med stor fart på jakt etter smådyr rundt om på moseteppet på solrike dagar. 

 

Forsvaret hos tre og planter

Tre og planter forsvarer seg mot fiendar både vha. fysiske og kjemiske metodar.  Den mest synlege metoden finn ein hos busker og urter som har utvikla tornar, t.d. nålforma bladspissar slik som hos tistel og kristorn, eller greintornar slik som hos nyper eller barktornar slik som hos bringebærplanten.   Mykje av vegetasjonen i landa rundt Middelhavet har utvikla eit slikt forsvar.  Hos oss er elles nesleplantene kjente for sitt forsvar med syltynne nåler som avgjev histamin og acetylkolin, slik at det utviklar seg betennelsesreaksjonar med blemmer og smerte  i og rundt stikksåra.  Andre artar t.d. sølvbunke og finnskjegg inneheld mykje silisium dvs. det same stoffet som i stein og fjell, og er såleis harde, stundom med knivskarpe blad.  Husdyra vel derfor vekk slike vokstrar.  Sølvbunke vert derfor ståande att på kulturbeita, og på fjellbeita kan finnskjegg dekke svære areal, som i så fall ikkje lenger er eigneleg som beite.

Når det gjeld vern mot insekt, sopp og bakteriar brukar dei fleste planter eit omfattande biokjemisk apparat, som per i dag langt frå er utforska.  Her er mange stoffgrupper involverte, for ei av gruppene kjenner ein til ca. 10 000 slike stoff, for ei anna gruppe har ein hittil registert ca. 22 000 ulike biokjemiske stoff.                                                                 

Nokre slike stoff gjev også effektiv vern mot beitedyr, t.d. hos soleier, revebjelle o.l.  Mange av desse stoffa kan truleg bli brukte i medisinske samanhengar i framtida, enten direkte eller indirekte. Harpiks hos t.d. gran inneheld svært mange stoff, med funksjon å drepe eller hemme sopp, bakteriar og insekt i t.d. eit barksår på stammen.  Nokre av desse er eteriske oljar som etterkvart fordampar i såroverflata, slik at harpiksen størknar og blir seig og såleis blir liggande lenge over såret og vernar dette.                                    

Den sterke lukta frå hegg skuldast stoffet amydalin; knusar ei heggblad vert dette stoffet spalta enzymatisk og det blir frisett blåsyre (HCN) som er ein særs giftig gass.  Det blir også danna benzoaldehyd og druesukker under denne prosessen.  Koffein i kaffibønnene og nikotinet i tobakkblada er eit særs effektiv middel mot insekt for slike planter. Mange planter og busker t.d. svarthyll produserer giftige glykoprotein som reagerer med ribosoma i cellene slik at proteindanninga blir hemma.  Generelt finst det i planteverda ca. 400 ulike aminosyrer som er kroppsframande for dyr og menneske og som kan gje giftverknad dersom  dei vert brukte under proteindanninga i celler hos dyr og menneske.  Også dei svovelhaldige aminosyrerne kan bli gjort gifige i planteverda, ved at svovelet i desse stoffa vert erstatta med den nære slektningen til svovel, selen.  Planter kan også produsere  stoff som hemmar proteinnedbrytane fordøyingsenzym hos dyra som har ete på plantene.  Dette svekkar dyra over tid slik at plantesamfunnet lettare kan overleve.

Sjølv om dei fleste insekt vert sterkt hemma av den omfattande og vedvarande kjemiske krigføringa frå vegetasjonen, er det likevel nokre som har tilpassa seg tilhøva gjennom ein periode på kanskje fram mot 100 millionar år.  Nokre slike insekt har  fått  direkte fordelar av desse stoffa, t.d. ved at dei akkumulerer giftstoff slik at dei sjølve blir giftige og lite attraktive som mat.  Mange andre insekt kan bruke slike stoff som fargestoff eller som kjemiske signalstoff.  Dei fleste planter brukar også slike stoff for å tillokke seg insekt slik at plantene kan pollinere planter, eventuelt for å tiltrekke seg insekt og andre dyr for å få spreie fruktene.  

 

Lav

Lav er bygd opp av sopp og eincella algar, som lever i symbi­ose.  Saman kan dei overleve  nokre av dei vanskelegaste forholda på jorda.  Algen er av typen

blågrønalge (cyanobakterie)  eller grø­nalge.  Blågrønalgane i lav  kan ta opp nitrogen frå lufta.  Begge algetypane gjev druesukker til soppen, og får at vatn og næringssalt frå soppen.  Dessutan får dei "husrom" hos soppen.  Blågrønalgar gjev også nitrogensambindingar til soppen.

Lav veks svært seint.  Dei finst i alle typar habitat, t.d. trebark, open jord og nakent fjell.  Dei produserer lavsyrer, som løyser opp litt av steingrunnen slik at næringssalt i steinen vert frisette.  Lavsyrene kan ha sterke fargar og har blitt brukte som fargestoff. Når lav rotnar, vert det produsert jord der t.d. mose kan vekse.

Lav forplantar seg ukjønna ved oppbrekking eller ved sorediar,  som er ørsmå klumpar av algeceller og sopptrådar. Soppen i lav er av typen sekksporesopp, og kan forplante seg kjønna og i neste omgang produsere soppsporar.  Desse blir spreidde utan algar.  Om hausten har lav ofte farge flekkar på oversida.  Kvar flekk er eit apothecium som består av svært mange sporesekkar.

Både soppdelen og algane i lav kan lett vekse aleine.  Symbi­osen er altså ikkje livsviktig for nokon av partane.

 

Untitled-5

 

Figur   31.    Skjematisk framstilling av oppbygnaden hos lav.     Algane i laven er konsentrert i den øvre  delen av lavlekamen pga. at lysstyrken her er størst.    Algane og soppen lever i symbiose.

 

Lav tek opp vatn frå lufta og er derfor svært ømfintleg for luftforureining.  Normalt veks det derfor ikkje lav i byområde og på stadar med forureinande industri.

Dei ymse lavartane er tilpassa spesielle vekstmiljø.    Surleiksgraden og tilgangen på vatn er spesielt viktige miljøfaktorar for lav.   På basiske steinslag veks såleis lav som er tilpassa høg pH, medan lavane på sure steinslag, t.d. gneis er tilpassa låg pH.  Kalk-kantlav (Lecanora calcarea) veks såleis på basiske klipper t.d. kalkklipper, medan t.d. grå kantlav ( Lecanora cinerea) veks på sure klipper.    Svært mange lavartar veks på tre dvs. dei er epifyttar.   Generelt gjeld at bark med høg pH har ein rikare lavflora enn bark med låg pH.   Dei fleste lauvtre har såleis ein rikare lavpåvekst enn bartrea.   Rikast blir lavpåveksten dersom barken har både høg pH og ein porøs struktur.     Sistnemde eigenskap fører til at barken held lenge på fuktigheita og laven er såleis sikra tilgang på vatn.   Osp har ofte ein rik lavvekst på barken grunna høg pH og fuktig bark.    Hos bøk derimot, er lavpåveksten på barken liten grunna låg pH og uporøs bark.  

 

Busklav

Grå reinlav (Cladonia rangiferina) er vanleg i heile landet i skog og mark og på høgfjellet. Viktig mat for reinen. Denne laven har i stor utstrekning vore brukt som husdyrefor.  På sume gardar sanka ein 5-6 lass reinlav per ku. Grå reinlav inneheld fumarprotocetrarsyre og antranorin.

Kvitkrull (Cladonia stellaris) liknar små einerbusker, og dannar tette matter.  Den gule fargen skuldast usninsyre.  Dette stoffet har antibiotisk verknad, dvs. stoffet er bakteriehemmande.  Kvitkrull har derfor blitt brukt som medisinplante.  Denne laven er viktig føde for reinen. Den blir brukt i kransar og dekorasjonar, og det vert seldt om lag 200 jernbanevogener med kvitkrull frå Norge til Danmark og Tyskland kvart år.

Skogsyl (Cladonia cornuta) består av opptil 12 cm høge nålforma strukturar utan greiner.  Er vanleg på moserik skogsmark og på lyngheiar.

Islandslav (Cetraria islandica) er vanleg i Sør-Norge blant mose og andre lav på tørre rabbar eller på nesten nakent berg.  Denne laven inneheld ei rekkje karbohydrat m.a. opp til 70% lichenin.  Sistnemde løysest lett i kokande vatn og stivnar til gele når det så blir avkjølt.  Denne gelen er lettfordøyeleg.  Pga. det høge lichenininnhaldet, har islandslav blitt brukt mykje til dyrefor, særleg til grisar.  I tidlegare tider vart den også brukt til folkemat ved uår, krig og andre ulykker. Islandslav innheld også  2 lavsyrer: cetrarsyre og protolichestrinsyre.

Bleiktjafs (Evernia prunastri) er festa til underlaget med ei festeskive.  Veks m.a. på stamme og greiner av lauvtre.  Var tidlegare ein verdfull fargelav.  Inneheld lavsyra atranorin i barken.

Vanleg saltlav (Stereocaulon paschale) har mange greiner med fingerliknande skal mot enden.  Desse inneheld grønalgar og sopptrådar.  Lenger nede på laven er det små mørke svullar på greinene.  I desse strukturane er det blågrønalgar (cyanobakteriar) som tek opp nitrogen direkte frå lufta.  Vanleg saltlav inneheld atranorin og lobarsyre.

Gullskinn (Cetraria nivalis) har bleikgule, flate greiner. Fargen skuldast usninsyre.  Mot basis er greinene gulbrune då desse partia består av dødt vev.  Gulskinn er mykje vanleg på rabbar og lyngmark i fjellet.  Laven kan her gje landskapet ein gulkvit farge.  Den er viktig føde for reinen.  Gulskinn inneheld protolichesterinsyre i margen.

 

Strylav

Hengestry (Usnea filipendula)  har grågul til grøngrå farge med kvit, seig midtstreng.  Veks på stammar og greiner av både lauvtre og bartre.  Vanleg, bortsett frå i Nord-Norge.

 

Skjegglav

Mørkskjegg (Bryoria fuscescens) har tynne olivenbrune eller brunsvarte greiner.  Den er vanleg på tre, særleg bartre.

 

Bladlav

Kvistlav (Hypogymnia physodes) har sterkt oppflika blad.  Bladflikane har svart underside, og heile undersida er festa til underlaget, som er stammar og greiner på t.d. furu, gran, or og selje.  Kvistlav har physodessyre og physodalsyre i margen.

 

Papirlav (Platismatia glauca) har forholdsvis sterkt oppflika blad.  Bladflikane har brunleg underside, og berre ein mindre del av kvar flik er festa til underlaget, som er stammar og greiner på t.d.  furu, gran og bjørk.  Bladflikane er krølla oppover og kan likne litt på krusa papir, derfor namnet.

Bikkjenever (Peltigera canina) er ein stor bladlav med kvit underside med årenett og rotliknande hår som fester laven til underlaget.  Apothecia er rødbrune.  Laven vart tidlegare brukt som medisin mot hundegalskap, derfor namnet.  Mykje vanleg i heile landet.

Lungenever (Lobaria pulmonaria) har blad med groper og utståande nettmønster, som liknar på lungeblærer, derfor namnet.  Veks på stammar og greiner på gamle lauvtre, særleg osp, ask og selje.  Veks også på gran.  Lungenever har blitt brukt mot brystsjukdomar, truleg lungesjukdomar i samsvar med teorien om at likt lækjer likt.  Denne laven inneheld stictinsyre og norstictinsyre i margen.

Kystnavlelav (Umbilicaria spodochroa) er festa på midten til underlaget.  Den har brunaktig overside med karakteristiske svarte apotheciar.  Undersida er kledd med ein pels av svarte festetrådar.

Storvrenge (Nephroma articum) er ein stor bladlav, ofte fleire diameter brei.  Den er festa laust til underlaget med mørke hyfar. Oversida er gulgrøn ved vanleg fuktigheit.  Apothecia sit på undersida av bladflikane, nær spissen.  Det ser ut som dei er vrengt nedover, derfor namnet.  Vanleg i fjellet og i Nord-Norge.  I Sør-Norge veks den i nordvendte, skyggefulle bergveggar.  Storvrenge inneheld nephroarctin og zeorin i margen.

Grønnever (Peltigera aphtosa) har djupt grøn overside når den er fuktig.  Den har karakteristiskke små, brune vorter (cephaloidar) på oversida.  Desse inneheld blågrønalgar, medan det er grønalgar som gjev laven den sterke grønfargen.  Arten er vanleg på marka blant mose, særleg i open barskog.     Vart tidlegare brukt som  lækjemiddel mot sår i munnen.

Safranlav (Solorina crocea) er vanleg i høgfjellet, særleg på kalkfattige snøleier der jorda er fuktig heile sommaren.  Den har karakteristiske orangerød underside med rødbrune årar.  Oversida er mørkegrøn når den er fuktig og gråbrun når den er tørr.  Kastanjebrune, skiveforma apothecier på oversida.

 

Skorpelav

Fokklav (Haematomma ventosum) veks først og fremst på sterkt vindutsette knausar i fjellet.  Den er tjukk og kan rivast av berget.  Fokklav har gulgrøn farge i fjellet.  Karakteristisk kjenneteikn er blodfarga apothecier på oversida.

Vanleg kartlav (Rhizocarpon geographicum) dannar lyst grønngule, glatte flekkar på stein og fjell frå havnivå til dei høgaste fjelltoppane.  Lavpartia har svart rand, og på berg med mange lavparti dannar dei svarte rendene eit kartliknande mønster.

 

Begerlav

Mjølbeger ( Cladonia fimbriata):  Begerforma lav, med fint, mjølaktig lag av sorediar på begeret.  Sorediane kan strykast bort med ein pensel når laven er tørr.  Apothecia er brune og sit på korte stilkar på kanten av begeret.  Veks på mosekledde rabbar og på roten ved.

 

Mosar

Mosane har ikkje leiingskar for vatn eller druesukker korkje i blad eller stengel.  Dei kan derfor aldri bli store. Dei veks stort sett berre på plassar der blomsterplantar ikkje veks.  Til vanleg toler mosane fullstendig uttørring, og dei kan derfor trivast på plassar der det er umogeleg for nesten alle frøplantar å leve.

Fullt utvikla mosar består av ein nedre grøn, bladkledd del som forplantar seg kjønna.  Denne delen vert derfor kalla gametofytt (gamet=kjønnscelle).  På gametofytten er ddet ein lang, elastisk stilk som endar i ein sporekapsel med lok og hette øverst. Denne plantedelen forplantar seg vha. sporar dvs. ukjønna og vert derfor kalla sporofytt.  Ved lokopningen er det tenner eller perforert membran og ring.

Når kapselen er mogen fell hetta av, og lokket sprett opp pga. spenning i ringen.  Tennene har hygroskopiske rørsler idet dei er utstrakte i tørt ver, og samankrulla i fuktig ver.  Sporane kan dermed bli spreidde i tørt ver, og kan då bli spreidde langt vha. vind. Stilken under kapselen er noko elastisk, og dette fører til at sporane lett blir kasta ut av kapselen når det er vind.

Sporane veks opp til gametofyttar, som er den grøne delen av mosen.  Øverst i gametofytten er det enten samlingar av store mengder sædceller, eller der er nokre få eggceller.  Befruk­tin­ga krev vatn.  Den befrukta eggcella veks opp til ein ny sporofytt

 

Figur   32.   Skjematisk framstilling av oppbygnaden hos ein bladmose.   Den nedre delen av mosen  har  blad og  produserer kjønnsceller  (gametar).   Denne delen av mosen vert derfor kalla gametofytt.  Den øvre bladlause delen med kapsel er sporeproduserande og vert kalla sporofytt.    Sporane vert produserte  i kapselen og ligg lagra der til dei er mogne.

 

Etasjemose (Hylocomium splendens) er truleg den vanlegaste mosen i Norge.  Karakteristisk eigenskap er at greinene danna etasjar i moseplanta.   Stengelen er såleis ofte bukta med greiner på dei vassrett avsnitta og oftast utan greiner på dei loddrette avsnitta.  Greinene er fjørforma og blada har glans dvs. dei er blanke.  Stengelen er rødleg, særleg i spissen.  Har blitt brukt til tetting av lafta tømmerveggar i uminnelege tider.

Stor tujamose  (Thoidium tamariscinum) liknar mykje på etasjemose, men er som det latinske namnet viser,  ikkje i slekt med denne.   Stor tujamose har grøn eller nærmast svart stengel og matte blad dvs. blad utan glans.  Arten er nokså vanleg i låglandet langs kysten frå Akershus til Nordland.

Vanlege bjørnemose (Polytrichum commune) veks i heile landet og er ein av Norges vanlegaste mosar.  Har til vanleg 10-30 cm høg, ugreina stengel.  Blada har ein glinsande sølvblank nedre del som går omkring stengelen og dannar bladslire.  Mogne kapslar er firkanta og 1,5-2 ganger så lange som breie.  Namnet bjørnemose kjem av at bjørnen ofte brukar slike moseartar som liggjeunderlag i hiet.  Bjørnemose  har  blitt brukt i sopelimer og kostar.  Då sporane er proteinrike, har bjørnemose med sporekapslar blitt brukt til dyrefor.

Einermose (Polytrichum juniperinum) er ein middels stor bjørnemose som sjeldan blir høgare enn 6 cm.  blada har innbøygde kantar med rødleg spiss og liknar litt på ei einernål.    Einermose er vanleg  i heile landet.

Furumose (Pleurozium schreberi) er vanleg i barskog, særleg furuskog og i  bjørkeskog og på lyngheier.   Karakteristisk kjenneteikn er rødfarga stengel og kraftig kumma blad.  Blada manglar praktisk talt nerve (kan ha ein kort og ubetydeleg dobbeltnerve). Blir kalla både husmose og veggmose då den i tidlegare tider vart brukt som tettingsmiddel i tømmervegger.   Furumose er ein av dei vanlegaste mosane i Norge.

Narrefurumose (Scleropodium purum) liknar som namnet indikerer, mykje på furumose,  men er som det latinske namnet viser, ikkje i slekt med  denne arten.   Den skil seg frå fururmose først og fremst ved at øvre del av stengelen alltid er grøn, og at blada har nerve.   Narrefurumose er nokså vanleg langs kysten frå Oslofjorden til Trøndelag.

Vanleg sigdmose (Dicranum scoparium) har karakteristiske sigdforma blad (4-8 mm lange).  Kapselen er også sigdforma og er til vanleg rødbrun.  Kvar individ har berre  kapselstilk, og denne har karakteristisk rødleg farge.  Vanleg sigdmose dannar 2-10 cm høge tuer på stein, i skogbotnen eller på marka og er  ein av dei vanlegaste mosane i Norge.    I tillegg finst det ei rekkje andre typar sigdmosar.

Blank sigdmose  (Dicranum majus) liknar på vanleg sigdmose, men er større (5-15 cm høg) med lange blad (10-14 mm).    Den skil seg også frå vanleg sigdmose ved at kapselstilken er gulaktig og ved at kvart individ ofte har meir enn 1 kapselstilk.  Arten er mykje vanleg i store delar av landet.

Flettemose (Hypnum cupressiforme) veks som regel i tett samanfiltra matter.  Blada har karakteristisk lang spiss som bøyer mot underlaget slik at skota liknar på ei flette.  Finst i fleire former og er ein av dei vanlegaste mosane her i landet.

Engmose (Rhytidiadelphus squarrosus) har bleikgrøne farge og er vanleg i enger og plenar.    Stengelen er rød og 5-12 cm lang, og blada er utsperra og utoverbøygde.  Det utoverbøygde bladpartiet er rettlina.   Sett ovanfrå liknar skottoppen på ei stjerne.   Kråkefotmose  (Rhytidiadelphus loreus) har ofte grågrøn farge  og 15-20 cm lang krypande stengel.   Den liknar litt på ei kråkefotplante, derfor namnet.  Bladet har eit svakt sigdforma utoverbøygd parti og langsgåande folder ved basis.  Arten er vanleg i eit breitt belte langs kysten frå Akershus til Finnmark.    Den finst også i innlandet.

Kransemose  (Rytidiadelphus triquatras) har bleik gulgrøn farge, med greiner i fleire retningar slik at mosen blir buskliknande.   Blada har trekantform slik som indikert i det latinske namnet.   Kransemose har blitt brukt i kransar og er vanleg over heile landet.

Palmemose (Climacium dendroides) skil seg frå dei andre norske mosane ved at den har palmeform, dvs. den har greiner berre i den øverste delen av stengelen.  Arten er vanleg over heile landet.

Fjørmose (Ptilium crista-castrensis), har karakteristisk førliknande form, og gulgrøn farge.  Veks først og fremst i skogbotnen, særleg i granskog.  Vanleg over heile landet, men veks sjeldan over skoggrensa.

Gråmose (Racomitrium lanuginosum) veks ofte på steinar og i skogsheier. Bladspissane hos denne mosen er lange og kvite, og den har derfor ein gråaktig farge.  Har blitt mykje brukt som strø i fjøs, særleg for gris og sau.

Blåmose  (Leucobryum glaucum) har karakteristisk blåleg kvitgrøn farge.  Blåfargen skuldast ikkje fargestoff, men at dei grøne klorofyllcellene ligg midt i bladet omgjevne av store, fargelause celler på begge sider.  Nokså vanleg langs kysten frå Austfold til  Nordland.

Kystjamnemose (Plagiothecium undulatum)  har karakteristisk flattrykt form bleikgrøn\kvitgrøn farge. Den er svært vanleg i kystfylka, og dannar der flate, kvitgrøne tuer eller veks spreidt mellom annan mose.

Vegmose (Cetratodon purpureus) er ein av dei vanlegaste mosane i Norge.   Den dannar 1-3 cm høge tuer m.a. på tørre, sandige vegkantar.   Den synest å følgje menneskekulturen og er t.d. svært vanleg på brent mark.   Har intenst rødfarga kapselstilkar og rødbrun, blank kapsel.    Forsøk har vist at sporar hos denne arten kan spire sjølv etter  16 år i tørt miljø.

Vanleg sotmose (Andreaea rupestris)  dannar 1-2 cm høge, svarte tuer på tørt berg.  Blada er smalt eggforma  og  kapselstilken er kort.   Når kapselen er mogen, oppstår det 4 langsgåande holrom i kapselveggen og sporane blir spreidde ut gjennom desse.

Torvmosane skil seg frå mosane ovanfor ved at dei har spesielle celler, såkalla hyalinceller, for lagring av vatn.    Desse cellene er store med forsterkingslister  og sirkulære hol i celleveggen.   Vatn kan sive fritt inn og ut gjennom desse hola,  og ein fuktig torvmose inneheld 20 ganger meir vatn enn ein tørr  torvmose.

Torvmosane i Acutifolia-gruppa er ofte finbygde og veks på relativt tørre stadar.  Blanktorvmose (Sphagnum subnitens) høyerer til denne gruppa og veks på middels fuktige stadar i myr og hei eller også i meir eller mindre tett skog.   Torvmosane i Cymbifolia-gruppa er grovbygde artar med tjukke greiner.  Greinblada har hetteform med avrunda bladspissar og skil seg frå dei spissenda greinblada hos artar i Acutifolia-gruppa.   Cymbifolia-artane veks ofte på middels fuktige myrområde og i myrkantar.  Skogtorvmose  (Sphagnum palustre) høyrer til denne gruppa.  Fleire av artane i Cuspidata-gruppa t.d. vasstorvmose (Sphagnum cuspidata) veks i svært våte område, ofte i myrhol og tjørn.   Hos nemde art er både greiner og breinblad svært smale.

 

Virvellause dyr i skogen

I øvre jordlag er det mange eincella dyr (amøbar, flagellatar og ciliatar), som i hovudsak lever av bakteriar.  Dessutan er der opp til 20 millionar ørsmå rundormar (nematodar) per kvadratmeter jord.  Dei fleste jordlevande nemadodeartar lever av bakteriar, men nokre artar er planteetarar, planteparasittar eller rovdyr. I tillegg er der store mengder spretthalar og midd i skogbotnen.  Desse blir nøyare omtala seinare.

 

Skrukketroll

Luftpustande landkrepsdyr som lever på fuktige stader.  Mursk­rukketrollet (Oniscus asellus) har mørk rygg, medan sidene nærmast er beige, med innslag av mørke prikkar.  Finst der det er tilstrekkeleg fuktig i skogen og i og utanfor eldre hus.  Kutikulalaget hos skrukketroll  manglar ytre vokslag, dyra kan derfor ikkje leve på tørre stadar.  Beina på bakkroppen er plateliknande og ligg mot buksida.  Dei har lungefunksjon.  Skrukketroll et både friske og rotne plantedelar.  Det finst mange skruk­ketroll under barken på nedblåste tre, f.eks. gran og furu.  Skrukketroll har vist seg å vere usedvanleg veleigna til undervisningsformål.  Dei er robuste og det er enkelt å obser­vere korleis dei reagerer på ulike miljøfaktorar.  Oppbevaring:  Dekk botnen i terrariet med ca. 5 cm skogmold, og ein del halvroten kvistar.  Legg også  nokre barkbitar (helst av furu) opp i terrariet.  Desse kan skrukketrolla krype inn under og dessutan ete.  Dei et også gjerne kvitmose, bjørnemose, eplebitar, salt, gulrøtter, poteter og fiskefor. Dei trivst best når det er fuktig og litt kjølig (kjellar).

Murskrukketrollet (Oniscus asellus) er vanleg under steinar og stubbar i skog og hage.  Den har mørke flekkar på ryggsidene, og antennespissen består av 3 ledd. 

Kjellarskrukketrollet (Porcellio scaber) er truleg det mest vanlege skrukketrollet i Norge.  Liknar svært mykje på murskrukketrollet, men manglar ofte tydelege flekkar på ryggsidene.  Det viktigaste skilleteiknet er likevel at antennespissen hos dette skrukketrollet berre består av 2 ledd.

 

Tusenbein

Dei fleste kroppsledd har 2 par bein per kroppsledd.  Nokre artar har 100 par bein i alt. Lever av planter og rotnande plan­terestar.  Er aktive om natta.  Beveger seg forholdsvis seint.

 

Skolopendar

Har eit par bein på kvart kroppsledd.  Flattrykt kropp.  Brun eller gulbrun farge.  Lange antenner på hovudet .  Det fremste beinpartet er omforma til klør, som peikar framover og som har samband til giftkjertlar.  Byttedyra vert lamma.  Fangar m.a.  midd og små insekt.  Aktive om natta.  Rask bevegelse (rør­sle).  25 artar i Norge.

Brun steinkrypar (Lithobius forficatus) er den mest vanlege skolopendaren.  Den har 15 par gangbein.  Artar frå andre slekter har fleire gangbein.  Geophilus longicornis har såleis 49-55 par.  Artar av slekta Geophilus er forholdsvis vanlege.  Dei har oftast gulaktige fargar.

 

Insekt

Kroppen hos insekt er tredelt: hovud, bryststykke og bakkropp og dei har 3 par bein. Dei aller fleste artar har venger, og dei som manglar venger har  mist desse i løpet av utviklinga.  Over 1 million artar.  Svært mange insektartar er enno ikkje oppdaga.

 

F3r

 

Figur 33.    Skjematisk skisse av eit insekt.    Kroppen er delt inn i hovud, bryststykke og bakkropp.    Både beina og vengene er festa til bryststykket. Fasettauga er ofte store og består av mange, ofte fleire tusen, enkeltauge.

 

Grashopper

Har kraftige bakbein som er spesialiserte til hopping.  Framvengene er litt leraktige og dei er tjukkare enn bakvengene.  Flygeevna er forholdsvis dårleg. Generelt har hopper grønaktig farge og er derfor vanskeleg å oppdage i gras og lauv.

Larvane hos hopper gjennomgår 4-6 hudskifte.  Dei er svært like dei vaksne insekta både når det gjeld utsjånad og levemåte.  Det finst 30 artar hopper i Norge.

Mark­grashoppene lever nede på bakken og et hovudsakleg gras. Dei lagar lyd ved å gni baklåra mot kanten av fram­vengene. På framre del av bakkroppen har dei trommehinneliknade høyreorgan. Antennene er korte hos denne typen hopper.

Lauv­grashoppene lever oppe i trea der dei ofte fangar og et smådyr.  Dei lagar lydar ved å gni ei av dekkvengene over den andre.  Høyreorgana sit på leggen på frambeina.  Antennene er lange hos denne typen hopper. 

 

Sommarfugl

Kropp og venger er dekte av små skal, som eigentleg er omdanna hår.  Skala ligg taklagt og har ofte forskjellige fargar med kompliserte mønster.  Skalfargen skuldast enten at det er fargepigment i skala, eller at dei har ei knudrete overflate som reflekterer lys av forskjellig farge dvs. såkalla strukturfarge.  Kroppen er også dekt av meir eller mindre lange hår. Underkjevane dannar sugesnabel, som blir brukt til å suge ut honning frå blomster.  Snabelen kan krøllast opp vha. innvendige skjelettmusklar.   Når den skal brukast blir den strakt ut ved hjelp av blod. Nokre grupper har eige høyreorgan. Sommarfuglane har fullstendig forvandling.  Larvane har 3 gangbein på bryststykket og til vanleg 5 par vorteføtter på bakkroppen, med bakerste par på siste ledd.  2000 artar i Norge (100 000 artar i heile verda).

Møll er svært små sommarfuglar med smale venger med lange hår langs kanten, særleg langs bakkanten på bakvengene. Rognebærmøll (Argyresthia conjugella) legg egg i rognebær.  Dersom det er lite rognebær, legg den egg i epler.   Larvane et fine, snirklete kanalar i fruktkjøttet på eple.   

Viklarane er litt større enn møllane.  Generelt viklar larvane i denne gruppa saman lauv vha. silketrådar, derfor namnet viklar.  Epleviklaren (Laspeyresia pomonella) legg egg i eple.  Larvane et opp kjernen i epla og grev ein forholdsvis grov kanal ut mot overflata.   Denne er fylt av eit brunt stoff som er larveekskrement.     Raud furuskotviklar  (Evetrica buoliana)  har larvar som et bar, knoppar og skot på bartre. 

Målarane (familie Geometridae) har larvar med karakteristisk rørslemåte: det ser ut som dei måler opp lengda på underlaget som dei kryp på, derfor namnet målar.   Har trommehinneliknande høyreorgan på fremre del av bakkroppen. Frostmålarane er aktive det meste av året.  Dei har larvar på lauvtre, m.a. frukttre.   250 målarartar i Norge.  Mest kjent er liten frostmålar (Operophthera brumata), som ofte svermar etter at frosten er kommen.  Det er eit kvitgrå fivreld med karakteristiske striper på tvers av vengene. Larvane lever på lauvtre m.a. frukttre.  På Vestlandet har larven til liten frostmålar stundom gjort stor skade i frukttrehagane.  Stor frostmålar (Erannis defoliaria) har ofte gulrosa farge. Også den har karakteristiske tverrstiper på vengene.  Larvane lever m.a. på frukttre.  Larvar hos Cosmorhoe ocellata lever på maureartar, hos Xanthorhoe montanata på maure, syre og kjempe, hos Scotopteryx chenopodiata på erteplanter m.a. kløver, hos syremålaren (Timandra griseata) på løvetann, syre og hønsegras,  hos Lomaspilis marginata på selje, bjørk, osp og hassel, hos Ophisthograptis luteolata på hagtorn, slåpetorn, selje og fruktre, hos Geometra papilionaria på bjørk, bøk, or, hassel og selje, hos stor bjørkemålar (Biston betularia) på diverse lauvtre og busker,  hos stikkelsbærmålar (Abraxa grossulariata) på stikkelsbær og rips  og  hos furumålar  (Bupalus piniarius) på furubar.

Nattfly (familie Noctuidae) er middels store insekt med tjukk, hårete kropp og store auge.  Framvengene har nyreforma teikning.  Har trommehinneliknande høyreorgan på bakre del av bryststykket.  Sugesnabelen er lang og oppkrølla. Nattfly  flyg om kvelden og natta og dei kan høyre flaggermusskrik vha. høyreorganet.  Ofte samlar dei seg ved lysande lamper om natta.  300 artar nattfly i Norge.  Larvar hos  ipsilonfly (Agrotis ipsilon) lever  ofte på sukkerbete og korn,  hos vanleg bandfly  (Noctua pronuba) på forskjellege urter, korn, vindruer og  betar, hos Anarta myrtilli av blomar og unge skot på lyng,  hos kålfly (Mamestra brassicae) på grønsaker,  hos mørkhovda vengefly (Xanthia togata)  av raklar på selje og bjørk, hos metallfly (Diachrysia chrysitis) på brennesle og leppeblomster,  hos vanleg nebbfly (Polypogon tentacularia) på forskjellige urter og hos stort nebbfly (Hypena proboscidalis) på brennesle og humle.

Kålfly (Mamestra brassicae)  finst i Sør-Norge sør for Dovre og har larvar på kålplanter. Larvane gneg først på blada, men gneg seg til slutt inn i kålhovudet.  Overalt på planta ligg store mengder grøne larveekskrement.   Kålflylarvane er større og meir grådige enn alle andre larvar på kålplanter.

Spinnarane (overfamilie Bombycoidea) er store sommerfuglar med tjukk og hårete kropp, som flyg til vanleg om kvelden og natta. Dei manglar nyreforma teikning på framvengene.  Vaksne spinnarar manglar ofte sugesnabel og tek ikkje til seg næring.  Hannane har ofte store, fjørforma antenner.  Spinnarlarvane er til vanleg hårete.  Ein bør unngå å ta i spinnarlarvar då håra gjev irritasjon og kløe på menneskehud.  Larvane har håra for å verne seg mot fiendar. Larvar hos eikespinnar (Lasiocampa quercus) lever på eik, bøk, bjørk, slåpetorn, bjørnebær og bringebær, hos nattpåfuglauge  (Saturnia pavonia)  på slåpetorn, bjørk, bringebær, selje , rogn og blåbær  og hos furuspinnar  (Dendrolimus pini) på furubar.

Tussmørkesvermarane  (familie Sphingidae) er store sommarfuglar med spoleforma kropp og lange, smale framvenger. Dei flyg til vanleg om kvelden og natta. Sugesnabelen er spesielt lang og tynn. Den er oppkrølla når den ikkje er i bruk.  Vha. snabelen kan svermarane nå ned til nektaren i planter med spesielt djupe og trange kronrør, t.d. vivendel og kvit jonsokblom.  Svermarane  har også evna til å stå stille i lufta.  Dei treng derfor ikkje nokon landingsplass på blomen.  Planter som er tilpassa svermarbestøving, har derfor meir eller mindre oppsplitta kronblad slik at insekt som krev landingsplass, t.d. humle, ikkje kan lande der.  Den mest kjente og karakteristiske svermaren er dødninghovud, med opp til 15 cm lang larve.  Svermarlarvane skil seg frå andre sommarfugllarvar ved at dei har eit horn eller ein pigg bakerst på kroppen på ryggsida.    Larvar hos ligustersvermar (Sphinx ligustri) lever på liguster, syrin, snøbær og ask,  hos furusvermar (Hyloicus pinastri)) på bartre, særleg furu og hos mauresvermar (Hyles gallii)  på maure- og mjølkeartar.

Dagsommarfuglane er dei mest fargerike  sommarfuglane.  Dei flyg om dagen.  Mest kjent er kanskje neslesommarfugl (Aglais urticae) med vakker orangerød og gul overside med svart og mørkebrune teikningar.  Overvintrar som vaksen, og flyg derfor svært tidleg om våren t.d. i solskinnsver i byrjinga av april.  Larvane lever på nesleplanter.  Neslesommarfugl tilhøyrer familien flikvenger (Nymphalidae).  Andre karakteristiske artar i denne familien er dagpåfuglauge (Inachis io)  og tistelsommarfugl  (Vanessa cardui),  som også har larvar på nesleplanter.  Sistnemde art har også larvar på tistel slik som namnet indikerer.   Artane Fabriciana adippe og Mellicta athalia  er flikvenger med larvar høvesvis på marsfiol\stemorsblomst og marimjelle\kronblom\kjempe.    Perlemorssommarfuglane  er flikvenger som ofte har larvar på fiolar,  t.d. keisarkåpe (Argynnis paphia) med larvar på fiolar og bringebær. Flikvengen gul myrsommarfugl  (Colias palaeno)  har larvar på blokkebær.

I familien kvitvenger (Pieridae) er det fleire velkjente sommarfuglar. Sitronsommarfugl (Gonopteryx rhamni) overvintrar som vaksen, og flyg tidleg om våren.  Har karakteristisk sitrongul farge, med ein liten, rød flekk i midre del av kvar venge.  Larven lever på trollhegg og geitved.  Neslesommarfugl og sitronsommarfugle er dei einaste norske dagsommarfuglar som overvintrar som vaksne. Kålsommarfuglane er kvite eller gråkvite, og larvane lever på planter frå korsblomstfamilien, t.d. kål og nepe.  Stor kålsommarfugl (Pieris brussicae) har karakteristisk svart parti langs endekanten av framvengene, medan nepesommarfugl (Pieris napi) langt på veg manglar svarte teikningar.  Larvane lever på forskjellige kålartar, nepe og andre korsblomster og kan gjere stor skade på nytteplantene. Aurorasommarfugl (Anthocharis cardamines) har lys farge, men hos hannane er fremre halvpart av framvengene røde på undersida.  Larvane lever på planter frå korsblomstfamilien, spesielt engkarse og vegsennep.  Blåvengene er til vanleg blå, i alle fall hannindivida.  Det finst mange artar, men alle manglar norsk namn, sjølv om nokre av artane er svært vanlege i Norge.  Polyommatus icarus er utbreidd og vanleg over heile landet.  Larvane lever på undersida av blada på ertebomstplanter, særleg tiriltunge.  Argussommarfugl (Plebejus argus) er ein vanleg blåvenge på tørr grasmark og lynghei.  Larvane lever på erteplanter m.a. kløver, vikker og tiriltunge og på lyng m.a. røsslyng og blåbær.  Lycaeides idas er også vanleg.  Larven lever først på erteplanter i nærleiken av maurbustadar, m.a. bola til svart jordmaur (Lasius niger).  Larven til L. idas skil ut eit næringsstoff for maur vha. ein ryggkjertel, og vert derfor før eller seinare frakta av maurar til maurbustaden.  Her lever den av maurlarvar til den forpuppar seg.  Samlivet er såleis symbiotisk. Grønnvengen Callophrys rubi er mykje vanleg.  Den har mørkebrun overside og grøn underside.  Larvane lever først og fremst på lyng t.d. blåbær, blokkebær og tyttebær.  Gullvenger er også vanlege.  Dei har karakteristisk gyllenraud farge.  Arten Heodes phlaes finst i heile landet.  Den har svarte flekker på vengene, og larvane lever på syreplanter, særleg småsyre (Rumex acetosella).   Grassommarfuglen Erebia ligea er vanleg i skogen.  Har mørk brun overside med rødbrunt felt.  I dette feltet er det 3-4 svarte ringar, oftast med kvit kjerne.  Larvane lever på gras m.a. myskegras (Milium effusum) og hirseplanter (Digitaria).  Det finst mange artar med liknade ringar på vengene t.d. Hipparchia semele, Maniolla jurtina, Coenonympha pamphilus og Pararge aegeria.   Denne typen sommarfuglar vert også kalla ringsommarfuglar og  larvane lever på ymse grasartar. I alt er det 90 dagsommarfuglartar i Norge.

Som vist ovanfor er både dei vaksne sommarfuglane og larvane spesialiserte til å leve av spesielle vertsplanter,  og gruppa består av viktige forbrukarar i økosystemet skogen.   

Nokre plante- og treartar ser ut til å vere meir attraktive for sommarfuglar enn andre.  Som vist ovanfor er det mange norske artar som har valt furu som vertstre:  Raud furuskotviklar,  furumålar,  furusvermar  og   furuspinnar.    Det er imidlertid svært sjeldan at ein finn desse 4 larvetypane samtidig på samme furutre.

 

Biller

Hos billene er  framvengene tjukke og harde og vert kalla dekkvenger.  Dei ligg over og verner bakvengene, som er flygevenger.  Også resten av kroppsoverflata hos biller er hard.  Generelt har dei bitane overkjevar.  Mange biller er rovdyr og lever av andre insekt, medan andre et levande eller døde plantedelar.  Den største billa i Norge er nasehornbilla (Oryctes nasicornis) med lengde opp til 3 cm.  Imidlertid finst det mange biller her i landet som er under 1 mm lange.

Biller finst i praktisk talt alle habitat på jorda, og utnyttar alle typar næring.  Årsaka til denne biologiske suksessen, er først og fremst dekkvengene og den harde kroppsoverflata.  Billene er den mest artsrike organismeorden på jorda.  Hittil er det registrert og gjeve namn til 350 000 artar.  3000-4000 artar i Norge.

Karakteristisk for billelarvane er at dei til vanleg har normalt tal gangbein på bryststykket, men manglar vorteføtter på bakkroppen.  Imidlertid finst det billelarvar som lever i maten, t.d. larvar av snutebiller og barkbiller, og desse manglar gangbein då dei ikkje treng å bevege seg nemneverdig.  Alle biller har fullstendig forvandling.

Skarabidane er store biller.  Antennene er knebøgde og endar i ein klump, som eigentleg består av mange antenneblad.  60 artar i Norge.  Tordivel og gullbasse tilhøyrer denne familien.   Tordivel (Geotrupes stercorosus) er ein mykje vanleg skogsart.    Den  er  1,2-1,9  cm lang og lever av møkk, rotnande dyr og gamal sopp.  Egga vert lagde i klumpar av møkk i spesielle gangsystem som den lagar i jorda.   Tordivel finst i heile Norge, med unntak av Finnmark.   Gullbasse  (Cetonia aurata)  er 1,4-2,0 cm lang  med gyllengrøn overside og gyllenraud underside.     Lever av pollen, nektar og plantesaft og kan observerast i blomane på t.d. steinnype, hyll, rogn, kurvplanter og skjermplanter.   Gullbassen  flyr med lukka dekkvenger.   Den er vanleg  i Sør-Norge nord til Sør-Trøndelag.   Humlebille  (Trichius fasciatus)  er 0,9-1,2 cm lang og har gule dekkvenger med 3 svarte tverrband med opning på midten.  Den vert også kalla bandtordivel og lever av nektar,  pollen og blomstersaft av  t.d. skjermplanter, mjødurt, hagtorn, bringebær og steinnype.   Arten er temmeleg vanleg i heile Norge.

Løpebillene er slanke, mørke biller med rask rørsle.  Antennene er lange, rette. og manglar endeklump.  Dekkvengene har lengdefurer.  250  artar i Norge.    Fiolett jordløpar (Carabus violaceus) er 2,2-3,2 cm lang med  svakt kornete overflate og med svake lengdestriper.    Lever av snegl,  sopp og åtsel  og finst i heile landet.   Carabus granulatus er 1,7-2,3  cm lang og har karakteristiske lenkeliknande ribber på dekkvengene.   Mellom desse ribbene er det glatte,  samanhengande ribber.  Lever av snegl,   meitemakk  og insekt i ulike stadium (larvar, pupper og vaksne insekt).  I fleire land blir C. granulatus brukt som biologisk vern mot koloradobilla, som er eit  skadedyr på potetplanter.      C. granulatus er vanleg i Sør-Norge  nord til Trøndelag.  Vanleg jordløpar (Carabus nemoralis ) er 1,8-2,8 cm lang  og har tynne ribber og markerte groper på dekkvengene.  Lever av ulike insekt, snegl og makk.    Den er mykje vanleg i Sør-Norge.   Hageløpar (Carabus hortensis) er 2,2-2,0 cm lang  og har 3 rekkjer av tydelege groper på dekkvengene.  Det er også makerte lengdestriper på dekkvengene hos denne arten.   Den lever av både små og store insekt og insektlarvar  og er vanleg i Norge nord til polarsirkelen.    Cychrus caraboides er 1,2.2,0 cm lang og har tydeleg kornete dekkvenger utan lengdestriper.   Den skil seg frå andre løpebiller ved at  hovudet er spesielt langt, noko som  gjer det mogeleg for denne arten å  nå heilt inn i botnen på snegleskal  slik at den kan utnytte heile sneglen.    Arten er forholdsvis vanleg  over heile landet.    Agonum assimile er ei forholdsvis lita løpebille (1,0-1,2 cm)  med tydeleg stripete dekkvenger.   Om dagen kan ein finne den gøymd under laus bark, i lauv og mose eller under steinar og rotne trebitar.    Den er vanleg i  Norge nord til polarsirkelen.   

Dei fleste løpebiller er nattaktive rovdyr som lever av makk,  sneglar og insekt.   Fordøyinga skjer i stor grad utanfor kroppen,  ved at billene gulpar opp og dekker maten med fordøyingsvæske.   Denne væska er svartbrun og blir også brukt som forsvar.   Dersom ein held ei levande løpebille i handa kan den såleis gulpe opp svartbrun væske.   Den vil då også gjerne skille ut ei blanding av organiske syrer frå kjertlar under bakkroppsspissen.   Denne væska har ei syrleg, sterk lukt og har forsvarsfunksjon. Generelt reknar ein at i norske åkrar finst 5-10 løpebiller per kvadratmeter overflate.  Både larvar og vaksne hos fleire artar et her m.a. bladlus og egg av skadeinsekt og er såleis nyttedyr.

Marihønene har sterkt kvelva overside, og nesten flat underside.  Dekkvengene har oftast rødleg farge med runde prikkar.  Antennene har tydeleg klump på enden.  54 artar i Norge.  Føtene består av 3 tydelege leddstykke.  Sjuprikka marihøne  (Coccinella septempunctata) er vanleg i heile Norge.  Den er 6-8 mm lang og både  larvane og dei vaksne lever av  bladlus.    Kvar larve kan ete opp til 400 bladlus.   Dekkvengene er røde og til saman er det 7 mørke prikkar på dei to vengene.  Toprikka marihøne (Adalia bipunctata) har som namnet seier i alt 2 prikkar på vengene.   Den er 3,5-5,5 mm lang og lever av bladlus.    Den finst i Norge nord til Nordland.     Svært mange av marihøneartane lever av bladlus.   Nokre artar har imidlertid spesialtisert seg på å fange og leve av midd.     Alle marihøneartar er nyttedyr.  Marihønearten  fjorten-prikka marihøne (Calvia  quatuordecimguttata)  har 14 kvite prikkar på  rødlege dekkvenger.  Den lever i lauvskog og er betydeleg mindre vanleg enn dei to andre artane nemde ovanfor.  Som desse lever den av bladlus,  men fangar i tillegg bladhopparar.

Bladbillene liknar på marihøner både når det gjeld storleik og form,  men dei manglar både prikkar på dekkvengene og endeklump på antennene.  Dessutan består føtene av 4 leddstykke.  200 artar i Norge.   Reinfannbille (Galeruca tanaceti) er ei svart bladbille som er vanleg i Norge nord til Nord-Trøndelag.   Den er 6,5-11 mm lang  og lever på ei rekkje planteartar.   Når eggleggingsperioden nærmar seg,  har hoa sterkt oppsvulma bakkropp som stikk til dels langt bakom dekkvengene. Lyngbladbilla  (Lochmaea  suturalis) lever på rørrslyng.   Den er monofag dvs. den lever berre på denne lyngtypen.   Både larvar og vaksne biller gneg på blad, skotspissar og bork. I sume år kan denne billa skade sterkt røsslyngen over store område.   Det er først og fremst gamal lyng som dør etter eit lyngbladbilleåtak.

Snutebillene har karakteristisk lang snute med munndelane i spissen.  Antennere er knebøgde og har endeklump.  Lever av plantekost, og mange artar er skadedyr.  300 artar i Norge.  Mange av snutebillene er skadedyr.  Gransnutebille (Hylobius abietis)  kan gjere stor skade på skogen.   Dei vaksne insekta lagar traktforma groper i barken på bartre og lever av den ytre,  friske veden.  Eplesnutebille (Anthonomus pomorum)  legg egg i blomsterknoppar på epletre.   Hoa bit først hol i knoppen vha.  snuten, snur seg så rundt og plasserer eit egg i opningen.   Etterpå  forseglar ho opningen vha. ekskrement.   Knoppen utviklar seg ikkje til blome, men til ein rustbrun, klubbeforma struktur.   Rødkløversnutebille (Apion apricans) og kvitkløversnutebille (Apion dichorum) har larvar som lever i blomen på høvesvis rødkløver og kvitkløver.  Larvane et på frøanlegga i desse blomane.   Ertesnutebille  (Sitona lineatus)  lever på  planter i erteblomstfamilien,  særleg erteplanta.   Larvane hos denne billa lever på røttene og gneg m.a. på bakterieknollane.   Dei vaksne billene dannar halvmåneforma gnag i bladkantane.

Smellarane er kjente for sine karakteristiske smell-lydar.  Desse billene har eit svært bevegeleg ledd mellom 1. og 2. brystledd.  På brystsida i midtlinja rett bak frambeina, er det utvikla ein kraftig tapp, som normalt vender rett bakover.  Over tappen er det ei tilsvarande grop i kroppsoverflata.  Opninga til gropa er så trang at til vanleg står tappen fastkila i opninga.  Når dyret fell på ryggen, bøyer det framparten oppover i det bøyelege leddet mellom 1. og 2. brystledd.  Dermed sprett brått tappen inn i sjølve gropa med eit smell.  Totalverknaden av dette er at dyret sprett høgt opp i lufta.  Det snur seg så i lufta og landar på beina.  Døme på smellar:  Stripet kornsmellar (Agriotes lineatus).

Larvane til smellarar bit av planterøter og kan gjere stor skade både på eng og i åker og hage.

Blautbillene har forholdsvis tynne og mjuke dekkvenger, derfor namnet.  Ein ser dei ofte på blomstrar, særleg skjermplanter, der dei fangar andre blomsterinsekt.   Nyare forsking har vist at desse billene fangar skadeinsekt i hagen og dei er såleis nyttedyr.

Oljebiller manglar flygevenger, og dekkvengene er korte dvs. betydeleg reduserte.  Dei  er heller ikkje flinke til å springe, men vernar seg mot fiendar ved at dei skil ut ut blod frå beinledda når dei blir skremte.  Dei smakar vondt og  inneheld giftstoffet kantaridin, slik at fugle og andre fiendar fort lærer at oljebiller ikkje er god mat.  Ein bør heller ikkje ta oljebiller opp i handa, då den giftige blodvæska som dei då skil ut vil kunne gje sår og blemmer på huda.  Familien som oljebillene tilhøyrer, vert av denne grunnen kalla plasterbiller. Oljebillene legg uvanleg mange egg, opp til 10 000.   Desse vert lagte porsjonsvis  i groper i jorda nær planter med utsprungne blomar.  Det kan vere opp til 1000 egg i kvar grop.   Årsaka til det store eggtalet hos oljebiller er at larvane har ei komplisert utvikling, der sjansen for å lykkast  er svært liten. Larven  som kjem ut av egget, er berre nokre få millimeter lang og har hard og sterk hud.  Den er slank og livleg med  velutvikla bein med 3 kraftige klør på kvar fot og vert derfor kalla triungulinlarve. Den klatrar umiddelbart  opp på krona på på vårplanter,  særleg korgplanter t.d. løvetann.  Larven  prøver instinktivt  å hoppe opp på  alle objekt som kjem nær den. Når eit insekt landar på blomen, hoppar triungulinlarven såleis opp på dette og blir så frakta av garde.    For at triungulinlarvar hos norske artar skal overleve, må dei komme over i  bolet til ei villbie dvs. einsleg bie.  I praksis  skjer transporten til eit slikt bol ved hjelp av denne typen bier.   Larvar som har hoppa opp på t.d. blomsterfluger, humler, tambie osv. kjem såleis  ikkje over i eit slikt bol, og  bukkar dermed  fort under. Larven er nemleg avhengig av å få ete villbiegg for å kunne utvikle seg vidare.  Dei ytterst få triungulinlarvane som hamnar i bolet til ei slik bie,  skifter hud etter eggmåltidet, og vert forvandla til ein  tjukk, mjukhuda, roleg larve (maddik) med korte, svake  bein. Denne larvetypen lever av honning og pollen i biebolet.  Ei slik endring av larvetype med omsyn til utsjånad og levemåte vert kalla hypermetamorfose. Denne larvetypen utviklar seg  så gjennom 3 stadium.  I tillegg inngår det ein kvilefase (skinnpuppestadium) om sommaren før siste larvestadium.  Til slutt vert det danna vanleg puppe som overvintrar.  Når puppestadiet er ferdig neste vår, kryp den fullt utvikla oljebilla ut av puppa, og ein ny  syklus kan starte opp.  Total sett er larveutviklinga hos oljebiller   langt meir  sjanseprega og komplisert enn hos dei fleste andre insekt her i landet.

Kortvengene eller rovbillene  har karakteristiske korte dekkvenger.    Dyra er nattaktive  og gøymer seg om dagen.   Ein reknar at i norske åkrar er det 10-80 rovbilleindivid per kvadratmeter overflate.    Rovbillene lever i stor grad av andre insekt,  m.a. skadeinsekt og er såleis nyttedyr.

Bukkane har karakteristiske lange antenner som oftast er bøygde bakover.  Desse billene er ofte store med særeigne fargemønster.  Dei lever på og av planter og tre.  Blåbukk (Callidium violoceum) lever i skogen. Larveutviklinga tek eitt eller to år.   Larven lever mellom barken og veden i tørt trevirke av gran og furu.  Når den er ferdig utvikla, gneg den ein 3-5 cm lang og skrå tunnel inn i sjølve veden der den lager eit puppekammer.   Ferdig utvikla blåbukk gneg seg ut gjennom eit ovalt flygehol i barken.   Blåbukk kan gå til åtak på materialar i hus dersom det er barkrestar igjen på materialane.      Dette gjeld også  materialar med barkrestar bak t.d. kledning og panel.  I sistnemde tilfelle vil  eventuelle flyghol bli danna i kledningen eller panelen.   Lauvtrebarkbukk  (Phymatodes testaceus) har liknande levevis som blåbukk, men larvane lever i eik og bjørk.    Dei vaksne lauvtrebarkbukkane har varierande farge, frå gulbrunt til blåleg. Rød blomsterbukk  (Leptura rubra) har larvar i fuktig trevirke av gran og furu.   Larvane lever i  splintveden og brukar minst 2 år på utviklinga.   Dei vaksne hannane er mindre enn hoene og har svart halsskjold og okergule dekkvenger.  Dei sit ofte på blomster,  særleg på skjermplanter.   Hoene er større og har raudt halsskjold og dekkvenger.   Rød blomsterbukk er normalt ikkje skadedyr i hus då denne arten ikkje legg egg i tørt trevirke.  Husbukk  (Hylotrupes bajulus) er det mest skadeleg insektet i trevirke i Norge.   Larvane kan t.d. gnage heilt sund  bjelkar og standarverk i eit hus.   Til vanleg gneg larvane ikkje heilt ut til overflata av materialet,  og det kan såleis ta lang tid før åtaket vert oppdaga.  Arten  finst først og fremst i kystområda frå Larvik til Kristiansand og i einskilde indre fjordstrøk på Vestlandet,  t.d.  rundt indre Sognefjorden og indre fjordstrøk på Møre.

Barkbiller: I Norge finst det 65 artar barkbiller, medan det totale artstalet i verda er 6200.   Dei aller fleste artar fungerer som nedbrytarar av døde tre,  men nokre få promiller av artane kan gå til åtak på friske tre og drepe desse på kort tid.   Stor granbarkbille (Ips typographus) er eit døme på ein tredrepande art.    Slike artar kan berre drepe tre når dei har svært høgt individtal.   Det kan imidlertid oppstå svært store populasjonar av slike artar i vindfelt tømmmer.   På friske tre kan dei så gjere skade på følgjande to måtar:  1) larvane gneg sund innerbarken på trea,  som såleis blir ringbarka.   Rota får dermed ikkje lenger tilført sukkerstoff og vil på sikt dø.   2) dei vaksne billene infiserer veden i treet med sopp, særleg blåvedsopp,  som veks inn gjennom veden og øydelegg vedrøra.   Vasstransporten frå rot til krone stansar dermed opp og treet tørkar ut i løpet av nokre veker.   Til vanleg er det stansen i vasstilførsla som er den direkte årsaka til at treet dør.    Høgt individtal fører såleis hos desse billene til auka mattilgang,  og dette er kanskje forklaringa på den eksplosive populajonsveksten hos desse artane.    Trea forsvarar seg imidlertid mot billeåtak, ved å ha kvae lagra i tynne kanalar i barken og ved at celler rundt skadestadane produserer store mengder kvae så snart skaden oppstår.    Både vaksne biller og larvar kan blir innesperra  eller drukne i  kvae.

Borebiller:  Stripa borebille  (Anobium punctatum)  finst over heile landet, men er i særleg grad utbreidd i  kyststrøka på Vestlandet der den blir kalla mått.    Larvane trivst best i materialar av mjuk ved t.d. gran og furu,  men trivest og godt i bjørk.   Dei kan gnage både i splintved og kjerneved og trivst særleg godt i fuktige rom som kjøkken og kjellar.  Larveutviklinga tek 3-4 år,  medan dei vaksne billen berre lever i eit par veker.  Larvane kan gjere betydeleg  skade både på huskonstruksjonar, møblar, pyntegjenstandar og utstyr.  Vaksne individ av A. punctatum er 2,5-4 mm lange.  Stripa borebiller trivst best ved temperatur 22-23  oC,  men kan også utvikle seg sterkt ved langt lågare temperaturar.    Langs kysten av  Vestlandet kan såleis denne billa også gjere betydeleg skade utandørs.   Det finst i dag middel som kan smørjast over t.d. møblar o.l for å gjere dei måttfrie.    Slike middel tek også sikte på å hindre reinfeksjon.

 

Virveldyr i skogen

Pattedyr

Gnagarar

Gnagarane tilhøyrer ordenen Rodentia.   Om lag 40 prosent av alle pattedyr er gnagarar.  Individa hos dei fleste artar er små og søkjer vern mot rovdyr i holer og tynne gangar i jorda.  Dei er kjente for å vere intelligente og tilpassingsdyktige dyr.  Fortennene i begge kjevar er store og spesialiserte for gnaging. Framsida av kvar fortann er dekt av slitesterk emalje, medan det ikkje er emalje på baksida. Dei får dermed ved bruk ein svært skarp egg.  Fortennene veks stadig, men tannslitasjen hindrar ein reell lengdeauke.  Hos rotte veks fortennene 2,7 mm per veke.

Ekorn (Sciurus vulgaris) finst i heile Norge, med unntak av på nokre øyar.  Held seg mest i barskog eller blandingsskog, der det lever oppe i trea.  Klatrar raskt opp og ned trestammane, alltid med hovudet først.  Hoppar ofte mellom trea (3-4 m).  Lagar stort, kuleforma kvistbol høgt oppe i trea. Dette har 1-2 inngangar og er kledd innvendig med gras, bast, mose og hår. Ekorn er eit typisk dagdyr, og det søv i bolet om natta. Det går ikkje i dvale om vinteren, men oppheld seg i reiret i uversperiodar.  Føder ungar i reiret både i februar-april og om sommaren.  3-4 ungar i kvart kull. Viktigaste maten for ekorn er frø og blomsterknoppar frå bartre.   Om hausten et den også mykje hasselnøtter, og ein del bær og sopp.  Ekorn kan også ta fugleegg og fugleungar.  Sjølv kan den bli teken av mår og hønsehauk.  Den tilhøyrer ekornfamilien, Sciuridae.  Stor skogmus (Apodemus flavicollis) har store øyre og lang hale og liknar mykje på husmus.  Ofte er halen lengre enn kropp+hovud.  Stor skogmus er aktiv om natta og  et frø av nåletre, hasselnøtter og andre frø, knoppar, bær, insekt og edderkoppdyr.   Den er flink til å klatre og symje.  Kan søke inn i hus om vinteren. Stor skogmus tilhøyrer musefamilien, Muridae.  Markmus (Microtus agrestis) finst over heile Norge, med unntak av nokre øyar.  Øyra hos markmus er nesten skjulte i pelsen, og halen har lengd lik ein tredjedel av kroppen eller noko mindre.  Den likar seg best i høg grasvegetasjon og er også aktiv om dagen.  Lagar gangar i vegetasjonen og i jorda og et gras, frø og bark.  Kan vere svært talrik, og spelar ei avgjerande rolle som næring for praktisk talt alle rovdyr, haukar og ugler i skogen. Markmus tilhøyrer våndfamilien, Arvicolidae.   Hos klatremus (Clethrionomys glareolus) er øyre godt synlege.  Karakteristisk kjenneteikn er elles halen som er om lag halvparten så lang som kroppen.  Som namnet viser er den flink til å klatre og den lever m.a. av hasselnøtter.  Klatremus tilhøyrer våndfamilien. Lemenarten  Lemmus lemmus  lever berre i Skandinavia, men det finst andre lemenartar i Sibir og nordlege delen av Sovjetunionen.  Lemmus lemmus er det einaste pattedyret som har hovudutbreiingsområdet i Norge.  Det vert derfor kalla "Norwegian lemming" på engelsk. Det har karakteristisk gulaktig farge med svarte teikningar på ryggen og hovudet.  Lemena oppheld seg først og fremst over over tregrensa og i øvre delen av fjellbjørkeskogen.  Dei et små planter, særleg mose (furumose, bjørnemose, sigdmose og etasjemose) og overvintrar i gangsystem under snøen.  Lemena er kjente for at dei er svært talrike somme år (lemenår).  Den kraftige populasjonsveksten skuldast m.a.  gunstig klima og god tilgang på mat.  Eit lemenår blir ofte innleia med at lemena formeirer seg kraftig om vinteren under snøen.  I tillegg produserer dei 4-5 ungekull i det etterfølgjande sommarhalvåret.  I alt kan ei lemenhoe produsere 100-200 ungar per år, og i tillegg får dei fleste av ungane sjølv ungar osv. i løpet av same året.   Lemenpopulasjonen på Hardangervidda kan i gode lemenår komme opp i 100 millionar individ, med samla kroppsvekt 10 ganger større enn for reinstammen på vidda.   Etter eit slikt toppår skjer det ein svært kraftig reduksjon i individtalet.  Årsaka til dette er truleg matmangel og sosialt stress.  Sistnemde faktor er truleg den viktigaste og fører m.a. til at mange dyr legg ut på lange vandringar med etappar på opp mot 50 km per dag. Etter populasjonssamanbrotet kan individtalet vere kome ned i 30 000 på Hardangervidda.  Generelt er lemen viktig mat for både rovdyr og rovfugl i høglandet.  Lemen tilhøyrer våndfamilien.

 

Dyra i harefamilien, Leporidae, skil seg frå gnagarane først og fremst ved at dei har to små framtenner, såkalla stifttenner, rett bak dei ordinære framtennene.  Nordisk hare (Lepus timidus) har til vanleg kvit vinterdrakt, medan den er brun med kvit underside i sommarhalvåret.  I område med lite snø, t.d. på Jæren, lever det ein harevariant med blågrå vinterpels.  Den gråblå fargen skuldast eit vikande (recessivt) gen som er oppstått ved mutasjon.  Generelt beiter hare i skyminga og om natta.  Om vinteren lever den for det meste av kvistar og bark.  Den bit av smågreiner og et dei frå tjukkenden og utover, medan sjølve spissen på greinene ligg ofte igjen på matplassen.  Hare likar best seljekvistar og ospebark, men hovudføda vinterstid er likevel bjørkekvistar då bjørk er eit svært vanleg lauvtre.  Den unngår i lengste laget å ete knoppane på bjørkekvistane då desse inneheld mykje harpiks.  Om sommaren et den mange typar planter på bakken.  Karakteristisk for haredyra er at dei har ein svært stor blindtarm, som kan romme mange gonger meir mat enn magesekken.  Væske og små næringspartiklar går frå tynntarmen og inn i blindtarmen, og vert her omforma og nedbrote av ein stor bakterieflora.  Dei frisette næringsstoffa vert imidlertid ikkje tekne opp av blindtarmen.  Om lag ein gong per døgn vert innhaldet i blindtarmen ført over i tjukktarmen og ut av kroppen som blaute, grønsvarte og slimdekte ekskrement.  Desse vert etne av haren med ein gong.  Den svel ekskrementa utan å tygge dei.  Når dei passerer gjennom tynntarmen, vert dei frisette næringsstoffa sogne opp og førte over i blodet.  Restproduktet saman med grovkorna matpartiklar, vert så direkte transportert ut av kroppen som faste, runde ekskrementperler.  Grovkorna matpartiklar vert til vanleg ikkje førte inn i blindtarmen i det heile.  Det er mange dyr som jaktar på hare  t.d. rødrev og hønsehauk.  Haren kan imidlertid springe svært fort, kanskje opp mot 80 km\t, og den gjer lengdesprang på opp til 3 m.  Det er først og fremst dei kraftige bakbeina som set haren i stand til å springe så fort.  Den plasserer bakbeina framfor frambeina når den spring.  Harar i låglandet kan få opp til 3 ungekull, med 3-6 ungar i kullet, i løpet av sommarhalvåret.  Den lagar ikkje bol og har lite omsorg for avkommet, og mange hareungar vert tekne av t.d. rev, hauk, røyskatt og kråke.  Det er den høge ungeproduksjonen som gjer slik åtferd biologisk mogeleg. Generelt er hare utsett for ei rekkje sjukdomar og parasittar.   Mest kjent er harepest (tularemi) som skuldast ein liten bakterie som også gjev sjukdom hos menneske. Sjukdomen reduserer harepopulasjonane betydeleg somme tider.  Generelt skal ein unngå å ta i sjølvdøde harar.   L. timidus er også mellomvert for ein bendelormart som har hund og rev som sluttvert.

 

Hjortedyr

Hjortefamilien (Cervidae) omfattar  36 artar i heile verda.  Hanndyra hos dei aller fleste artane har gevir.  Dette består i byrjinga av brusk, og er kledd med hårdekt hud.  Gevirbrusken vert gradvis omdanna til bein, og når denne prosessen er avslutta, dør gevirhuda fordi blodtilførsla til huda blir stansa.  Den døde og inntørka huda vert fjerna ved at dyret feiar geviret mot busker og tre.  Hannen brukar så det hårlause geviret i revirforsvaret om hausten i samband med forplantinga.  Seinare på hausten dvs. når det ikkje lenger er bruk for geviret, vert vevet i gevirrota brote ned, og det blir til vanleg felt i løpet av vinteren. Dei fleste hjortedyra har luktkjertlar m.a. framfor auga, i panna og ved klauvene.  Sekretet frå desse kjertlane vert brukt til å merke av revirgrensene.  Dyra manglar sveittekjertlar, men brukar tunga som avkjølingsorgan.  I dag er populasjonstorleiken på hjortedyra i Norge langt større enn i førre århundre.  Årsaka til dette er m.a mangel på ulv og bjørn og ved at det er innført avskytingsopplegg som fremjar populasjonsvekst.  Hjort (Cervus elaphus) finst over det meste av Europa og mot aust gjennom Asia til Nord-Amerika.  I Skandinavia finst det først og fremst i Vest-Norge. Dessutan finst det spreidde førekomstar i Skåne.  Hjorten er eit rasktspringande og uthaldane hjortedyr, som lett kan hoppe over 2 meter høge hinder t.d. gjerde.  Karakteristisk kjenneteikn er eit lyst, hjarteforma parti bak, det såkalla speilet.  Hannen har gevir som den feller kvart år i april-mai månad.  Geviret er først dekt av hårkledd hud, og veks svært fort, i gjennomsnitt 1,5 cm per døgn.  Hjå eittåringar består geviret berre av ei hornliknande stang, og desse hjortane vert kalla spisshjort.  Seinare får geviret taggar og hjå 2 toåringar kan det vere 3 taggar på kvar gevirstang, men her er det store variasjonar.  Hos eldre dyr kan tal taggar på kvar stang komme opp i 9, men det er sjeldan større enn 7.  Dei tre nederst taggane vert kalla augetagg, issetagg og mellomtagg rekna nedanfrå.  Dei andre taggane går ut frå endeområdet av gevirstanga og vert kalla kronetaggar.  Hjortane brukar geviret som våpen mot andre hjortar i samband med forplantinga.  Dessutan vert det brukt i som forsvarsvåpen mot rovdyr.  Hjort har små klauver og  likar seg derfor best i snøfattige område, t.d. kystområde, brattlendt terreng og i skogen.  Om vinteren et den m.a. ulike lyngartar, spesielt blåbærlyng.  Den et også ein god del lav, særleg skjegglav.  Når det er mykje snø, et den greiner av einer, selje, osp og rogn.  Dersom den ikkje har tilgang på desse treslaga, kan den ete greiner på gran og furu, og kan då gjere betydeleg skade på barskogen.  Hjortekalven vert til vanleg fødd i juni månad, men stundom kjem dei til verda allereie i april, i  andre tilfelle først i august.  I den første tida etter fødselen ligg hjorten åleine i vegetasjonen.  Han har kvitflekket pels og er derfor noko vanskeleg å oppdage i terrenget, dvs. han har vernefargar.  Normalt  får han besøk av mora 4-5 gonger per døgn for amming.  Den nyfødde kalven reagerer på farar ved å trykkje seg flatt mot bakken og ved å liggje urørleg med redusert hjarte- og pustefrekvens.  Slike kalvar er såleis korkje forletne av mora eller skada eller sjuke.  Rådyr (Capreolus capreolus) finst i størsteparten av Europa.  I Norge finst den i søraustlege delen av landet.  Der er også rådyr nord for Trøndelag. I sumarhalvåret et rådyret først og fremst gras, urter og sopp, medan vinterkosten i hovudsak er knoppar og skot på busker og tre.  Får til vanleg 2 lam om våren.  Rein (Rangifer tarandus) lever i fjellområda  og i fjellbjørkeskogen.  Den finst i Skandinavia og austover gjennom nordlege del av Sovejetunionen og Sibir til Nord-Amerika.  I Norge finst villrein i Finnmark og i dei store fjellområda i Sør-Norge. Dei har breie klover som ber godt på snø, og som også eignar seg som reiskap ved snøgraving. Pelsen er spesielt tett, med tre gonger fleire dekkhår per flateeining enn andre hjortedyr.  Kvart hår har luftfylt margholrom, og dyret kan tole ein temperatur heilt ned i 40 kuldegrader utan å auke stoffskiftet.  Sirkulasjonssystemet er konstruert slik i nase og føtter at varmetapet frå desse stadane er svært lite sjølv i ekstrem kulde.  Dei luftfylte håra gjer også at reinen flyt forholdsvis godt i vatn.  Om vinteren lever reinen for det mesta av lav, særleg gulskinn og kvitkrull.  Den får såleis tilført betydelege mengder med karbohydrat, men lite protein på denne årstida.  Dyret har imidlertid utvikla eit system for resirkulering av uringstoff (urea) og kan med basis i dette stoffet i noko monn produsere aminosyrer og protein på eiga hand.  Lav inneheld bakteriedrepande enzym, og mage-tarmkanalen hos rein inneheld derfor ikkje vanlege fordøyingsbakteriar i vinterhalvået, men store mengder med lavnedbrytande bakteriar.  Reinen kan såleis neppe fordøye anna mat enn lav på denne årstida.  Både hannen og hoa har gevir.  Bukkane brukar geviret i samband med forplantinga, og feller det som oftast i byrjinga av november.  Hoene derimot misser geviret førtst etter at kalven er fødd, dvs. frå midten av mai og utover.  Hoene bruker geviret om vinteren til å true til seg dei beste beiteplassane slik at fosteret får nok næring og kan vekse normalt.  Elg (Alces alces) er det største hjoredyret i verda.  Den  finst over det meste av Skandinavia og austover gjennom  dei nordrussiske skogsområda og Nord-Asia til Nord-Amerika. Det finst nesten ikkje elg i midtre del av Vest-Norge, dvs.  i det skandinaviske hovudområdet for hjort.  Elgen har karakteristisk langstrakt og krumma ansikt med stor, hengande overleppe.  Om vinteren lever den i hovudsak av kvistar.  Den likar best kvistar av vier, osp, rogn og einer, men til vanleg blir hovudføda vinterstid kvistar av furu og bjørk.  Den unngår å ete kvistar med diameter over 0,5 cm då det tek for lang tid å fordøye tjukke kvistar.  Om sumaren et den store, saftige urter og bregner, særleg turt, geiterams, sauetelg, strutseveng og skogburkne.  Den et også gjerne planter i og ved tjørn og dammar t.d. bukkeblad og elvesnelle, truleg for å få tilført salt til kroppen.   Hannen har eit stort og velutvikla gevir som blir brukt i samband med forplantinga.  Førstefødane koller får til vanleg berre 1 kalv, medan eldre koller får tvillingar.  Kalvane kjem til verda i mai-juni og veks ekstremt fort.  Vekta kan auke frå t.d. 12 kg ved fødselen til opp til 135 kg seint på hausten same året. 

 

Hundedyr

Dyra i hundefamilien (Canidae) er kjente for å vere mykje intelligente og lærevillige. Dei er også kjente for å ha ein svært velutvikla luktesans og for å skille ut stoff som dei kommuniserer med.  Hundedyra har dårleg utvikla sveittekjertlar, men dei blir kvitt mykje varme vha. tunga når dei tevar.  Generelt lever mange hundedyr i flokk og dei er svært uthaldane under jakt (langdistanseløparar).  Rev (Vulpes vulpes) er vanleg i Norge, med unntak av på nokre øyar.  Den er også forholdsvis vanleg i tettstadar og byar.  Rødreven har utprega evne til å tilpasse seg ulike miljøtypar og er lite spesialisert i matvegen.  Som namnet viser har den rødfarga pels.  Halen er spesielt tjukk og lang, og Mikkel rev tygder truleg stor rove.  Rødreven jaktar til vanleg enkeltvis. Den fangar smågangarar ved å hoppe på dei og trykke dei til marka med framlabbane.  Når den fangar større byttedyr t.d. hare, smyg den seg langsamt inn på byttet for deretter å springe raskt etter dyret og eventuelt innhente det.  Den kan også drepe lam av sau og rådyr, særleg når den har kvelpar og treng mykje mat. Om hausten et den også ein god del bær og frukter. Rødreven har bustad i underjordiske holer, med minst 2 inngangar.  Hia ligg ofte i solrike dvs. sydvendte  og dermed varme steinrøysar eller jord\sandbankar.  Til vanleg får den 3-5 ungar i april-mai månad.  I gamal tid var ulv farleg for rev.  I våre dagar er det reveskabben (Sarcoptes scabei) som er den største trusselen mot revebestanden.  Dette er ein parasittisk midd med lengd 0,3 mm som kom til Norge i 1976.  Den  gjev svære hudskader hos norsk rev då denne manglar motstandskraft mot skabbmidden.  Ulv eller gråulv (Canis lupus) var fram til 1860 svært vanleg over det meste av Norge.  Den liknar noko på grønlandshund, men skil seg generelt frå hundar ved at den har runde pupillar og hengande hale.  Ulvegemyttet er også mykje ulikt det hos hunderasar.  Ulven skil seg frå alle andre rovdyr i våre område ved at den jaktar i flokk og at dei samarbeidar under jakta.  Medan nokre ulvar jagar etter byttedyret har andre på førehand teke oppstilling  lenger framme i jaktterrenget og spring inn på byttedyret frå sida.  Det heile fungerer som om ulvane har utarbeidd ein strategisk jaktplan på førehand.  Dette gjer den til det farlegaste rovdyret for husdyr og menneske i Norge.   Det er derfor svært forståeleg at menneska etter kvart som dei fekk eignelege tekniske hjelpemiddel jakta intens på dette dyret.  Det vart også brukt gift (stryknin) i kampen mot ulv.  Til slutt var arten praktisk talt utrydda i landet vårt.  Den skandinaviske populasjonen er framleis ekstremt liten, truleg 10-15 dyr så arten er framleis i høgste grad trua, og sjølvsagt freda.  Ulven har av m.a. historiske årsaker eit dårleg omdømme, og einskildindivid vert av ymse grunnar no og då avliva.

Det er elg som er ulven sitt hovudbyttedyr her i landet.

Det har tidlegare eksistert ei rekkje underartar av gråulv (Canis lupus) rundt om i verda.  Svært mange av desse har blitt utrydda sidan år 1900 slik som vist nedanfor.  Årstala viser utryddingsåret:

                Canis lupus hodophilax...........1905

                Canis lupus beothucus............1911

                Canis lupus albas...............   .1915

                Canis lupus monstrabilis.........1920

                Canis lupus nubilus............  ..1926

                Canis lupus youngi............. ..1940

                Canis lupus fuscus.............. .1950

I tillegg vart to underartar av den amerikanske ulvearten Canis rufus utrydda, den eine i 1917 og den andre i 1970.

 

Bjørnedyr

Bjørn (Ursus arctos) tilhøyrer ein eigen familie, bjørnefamilien (Ursidae). Den er eit svært stort og velkjent dyr, men det er svært få menneske som får oppleve å sjå den ute i naturen.  Hannen kan ha kroppslengde opp til 2,4 m og vekt opp til 350 kg.   Den jaktar m.a. på elg, og er med rette kjent for å vere svært sterk.  Under jakt kan den regelrett slå byttedyret t.d. elg så kraftig med labbane at det dør momentant.  Elles kan den også bite svært kraftig, og kan drepe byttedyret ved å bite det i nakke og hovud.  Men bjørnen kan også ete betydelege mengder med plantekost, spesielt bær.  Om hausten kan den såleis sette til livs store mengder med kreklingbær.  Bjørnen går til vanleg i hi om vinteren, ofte i oktober-november. Den er då forholdsvis feit, og treng derfor ikkje eta medan den ligg i hiet. Under vintersøvnen går kroppstemperaturen ned 4-5 ° C og held seg mellom 31 og 35 °C. Hjartefrekvensen vert redusert frå 40-60 slag per minutt til 8-12 slag per minutt.  Pustefrekvensen vert også betydeleg redusert.  Dei fysiologiske endringane fører til redusert energibruk.  Sømnen er likevel ikkje djupare enn at bjørnen snur på seg no og då i hiet.  Den drikk ikkje når den ligg i hiet, og skil heller ikkje ut urin. Vatnet som blir produsert ved forbrenninga, vert brukt om att i kroppen, og urinstoffet som blir produsert ved aminosyrenedbrytinga vert brukt om att ved produksjonen av nye aminosyrer.  I løpet av vinteren vert kroppsvekta kraftig redusert.  Sjølve skjelettet og muskulaturen synest ikkje bli skada eller svekka av den lange inaktive perioden.  Bjørnen går normalt ut av hiet igjen i april månad, eventuelt i byrjinga av mai månad.  Norge har  gode naturforhold for bjørn, og i gamle dagar var her til dels svært  mykje bjørn  i landet.  I midten av førre århundre vart såleis den norske bjørnebestanden estimert til 2500 individ.  Den gjorde då store innhogg i husdyrflokkane, og vart jakta på over heile landet.  Etterkvart som det kom betre og meir nøyaktige gevær, vart jakta meir effektiv og ikkje minst sikrare for jegeren.  Det vart også brukt sakser og gift i kampen mot dette rovdyret. I slutten av 1960-åra var det berre om lag 25 bjørnar i Norge, dvs. bestanden var nesten utrydda.  Pga. freding har bestanden auka betydeleg, og var i perioden 1983-1986 på om lag 100-150 dyr.  Arten er såleis ikkje lenger direkte trua slik som ulv.

 

Fugl

 

Meiser

Meisefamilien (Paridae) har 7 representantar i Norge: kjøttmeis, blåmeis, svartmeis, toppmeis, granmeis, lauvmeis og lappmeis.  Karakteristisk kjenneteikn  for kjøttmeis og blåmeis er gulfarga bryst.  Kjøttmeisa skil seg frå blåmeisa m.a. ved å ha eit markert svart midtstripe på brystet.  Svartmeisa liknar kjøttmeisa, men manglar den gule brystfargen.  Den har dessutan ein stor kvit, firkanta nakkeflekk.  Granmeisa og lauvmeisa er temmeleg like, men den førstnemnde arten lever ført og fremst i barskog eller i bjørkebeltet, medan lauvmeis lever i lauv- og blandingsskog.  Toppmeis  har lang hovudtopp. Karakteristisk for meisene, med unntak av kjøttmeis og blåmeis, er at dei hamstrar mat i stor stil i sommarhalvåret, særleg om hausten.  Først og fremst hamstrar dei frø, men også insekt og edderkoppar.  Til vanleg gøymer dei berre eitt objekt, t.d. frø, på kvar gøymeplass.  Ei granmeis kan truleg ha opp til 60 000 gøymeplassar spreidde over eit stort skogsområde.  Mykje tyder på at dessse frøa inngår i eit stort felles matlager for vedkommande meiseart. Om vinteren lever meisene ofte saman i flokkar.  Til vanleg er det fleire meiseartar i kvar flokk.  Dessutan er det ofte også ikkje-meiser i flokken, t.d. trekrypar og fuglekonge.  Ein kan ofte sjå slike flokkar i skogen i vinterhalvåret.  Fuglane  flyg då frå tre til tre på leiting etter mat.  Fleire av meiseartane har lager av mat i trea, og toler vinteren forholdsvis godt.  Artar som ikkje hamstrar mat t.d. kjøttmeis, er mykje meir sårbar i streng vinterkulde.  Kjøttmeis (Parus major) har karakteristisk gul-grøn bukside og er svært vanleg i Sør-Norge. Kjøttmeis har fleire typar song.  Den kan bestå av langstrekt ping ping ping, eller tu ti  tu ti  tu ti  tu ti eller titi tu  titi tu  titi tu.  I alle tilfelle er tonen høg og krystallklar.  Kjøttmeis er standfugl og byrjar med vårsongen allereide tidleg i januar.  Granmeis (Parus montanus) er vanleg i heile landet både i barskog og i lauvskog inklusiv fjellbjørkeskog. Lauvmeis (Parus palustris) trivest best i lauvskog i låglandet nord til Helgeland. Dei to artane har mørkt hovud, med stor kvit kinnflekk.  Lauvmeis har større kinnflekk enn granmeis.  Alt i alt er det vanskeleg å skille dei to artane etter utsjånad.  Ei "gråmeis" i barskog eller i fjellbjørkeskog er imidlertid nesten alltid ei granmeis.  I tettstadar og byar er det derimot ofte reine lauvmeispopulasjonar. Toppmeis (Parus cristatus) har karakteristisk fjørtopp på hovudet, derfor namnet.  Svartmeis (Parus ater) har kvit nakkeflekk.  Begge desse artane lever i barskog.

Det er også andre fugleartar som har meis i namnet, men som ikkje tilhøyrer meisefamilien.  Stjertmeis (Aegithalos caudatus) tilhøyrer stjertmeisfamilien (Aegithalidae), og har karakteristisk lang stjert.  Den har lys kropp med mørke venger, og vandrar rundt i småflokkar.  Spettmeis (Sitta europaea) tilhøyrer spettmeisfamilien (Sittidae) og har forholdsvis stor, lys kropp med gråblå overside, rødbrun kroppside og kvit underside. Den et insekt o.l. på trestammar, og klatrar både oppover og nedover stammane. Den klatrar utan å støtte seg på halen. Både når den klatrar oppover og nedover på stammen fester den seg til stammen med den foten som til ei kvar tid er øverst, medan den støttar seg på den andre foten.  Spettmeis  er såleis ekstremt tilpassa til å kunne bevege seg på loddrette trestammar.

 

Finkar

Fuglane i finkefamilien (Fringillidae) har karakteristisk kjegleforma nebb og kraftige kjevemusklar.  Dei er tilpassa å leve av frø. Bokfinken (Fringilla coelebs) er truleg den nest vanlegaste fuglen i store område av landet.  Karakteristisk kjenneteikn er to kvite tverrband på kvar venge.  Songen liknar mykje på songen hos lauvsongaren, men den er grovare eller røffare.  Strofene dør ikkje hen slik som hos lauvsongaren, man har ei tonemessig komplisert og karakteristisk avslutning.  Ein kan etterlikne bokfinkstrofa ved raskt å seie  fru fru fru frrrrr Borkgrevink, der Borkgrevink er den karakteristiske strofeavslutninga. Kvar sangstrofe varer i 2,5 sekund. Om våren kan ein høyre den karakteristiske bokfinksangen over alt i skog og mark frå tidleg morgon til sein kveld. Denne fuglen oppheld seg ofte i bøkeskog om vinteren, og varselsignalet er fink, fink, truleg derfor namnet bokfink. Bokfinken et hovudsakleg bær og frø.  Trekkfugl som kjem i mars-april og som reiser i september-oktober.   Overvintrar også ved kysten i Sør-Norge.  Dompap (Pyrrhula phyrrhula) er ein typisk skogsfinkefugl.  Hannen har karakteristisk rødt brystparti.  Hekkar i barskog over heile landet, men er lite vanleg i Nord-Norge. Dompap er standfugl, som et frø, kjernar av bær (t.d. rognebær), knoppar av busker og tre.  Grønfink (Carduelis chloris) lever i open skog, ofte nær dyrka mark.  Den har ei grøn eller grøngul fjørdrakt, og karakteristisk sang.  Bjørkefink (Fringilla montifringilla) er vanleg i høgareliggjande barskog og særleg i fjellbjørkeskogen.  Hannen har om sommaren markert svart hovud og rygg, rustgult bryst og strupe og kvit buk.  Gråsisik (Carduelis flammea) er ein forholdsvis liten og grå finkefugl.  Den har eit karakteristisk rød, blodflekkliknande parti på panna.  Den lever først og fremst av bjørkefrø i fjellbjørkeskogen.  Populasjonsstorleiken er sterkt avhengig av bjørkefrømengda.

 

Svaler

Fuglane i svalefamilien (Hirundinidae) har lange venger med karakteristisk kløfta hale.  Dei er særs flinke flygarar som fangar insekt når dei flyg.  Dei er knytte til kulturlandskapet og dei mest kjente artane er oftast knytte til bygningar i hekkeperioden.  Desse artane trivest best på gardar med husdyrhald, då det her er mykje insekt.  Dersom driftsforma på ein gard vert lagt om frå husdyr til t.d. korn, forsvinn som oftast også svalene frå garden.  Låvesvale (Hirundo rustica) har glinsande svart overside og mørkt hovud og strupe.  På panna og øverst i strupen er det imidlertid eit karakteristisk rødt parti.  Denne arten byggjer reir inne i bygningar, spesielt låvar.  Taksvale (Delichon urbica) har kvit strupe og underside og manglar rødt parti.  Den byggjer oftast reir på utsida av bygningar.  Ofte er det fleire taksvalereir i samme område på bygningen.  Arten er såleis kolonihekkar. Både låvesvale og taksvale er flyttfuglar som overvintrar i Afrika.  Dei kjem ofte tilbake til samme reir som dei brukte året før.

 

Erler

Av fuglane i erlefamilien (Motacillidae) er linerla (Motacilla alba) velkjent. Årsaka til dette er at den er sterkt knytt til dyrka mark og at den er svært lite sky overfor menneske.  Den har karakteristisk svart hette og strupeflekk og elles grå og kvite fargar.  Linerla er først og fremst insektetar og er derfor flyttfugl som til vanleg overvintrar i austlege Middelshavsland, Nordvest-Asia og Nordaust-Afrika. Ein del individ kan overvintre langs kysten.  Ordet lin i namnet har samanheng med gammle tru om at dersom den første linerla som vart observert på garden om våren, sat høgt oppe, så vart linen låg, dvs. linavlinga vart dårleg.  Også  piplerkene høyrer til erlefamilien og er såleis ikkje lerker.  Piplerkene har slik som erlene, slank kropp med lange bein og lang hale.  Fjørdrakta er imidlertid brunleg med mørke strekar. Trepiplerke (Anthus trivialis) er vanleg i skogsområda.  Den har svakt gult bryst med mørke striper og forholdsvis lys buk.  Heipiplerke (Anthus pratensis) lever, som namnet indikerer, i ope landskap t.d. på heier i fjellet.  Den er lysare bukside og fleire bryststriper enn trepiplerke

 

Trostar

Trostefuglane (Turdidae) er små til middels store fuglar som ofte lever av både dyr og planter.  Trostefamilien vert delt i to grupper: småtrostane og stortrostane. Rødstrupe (Erithacus rubecula) tilhøyrer småtrostane.  Den har karakteristisk rødfarga brystparti, store auge og forholdsvis tjukkfallen kropp.  Rødstrupen er ofte trekkfugl, men reiser seint og kjem tilbake tidleg (t.d. slutten av mars). Svarttrost (Turdus merula) tilhøyrer stortrostane.  Den vert ofte rekna for å vere den flinkaste songaren i skogen.  Hannen er svart med gult nebb og gul augering.  Hoa har brunleg farge med svartbrune flekkar i strupe og brystparti. Songen er melodiøs med klåre og mjuke fløytetonar.  Hannfuglen sit oftast i toppen av eit tre når den syng.  Svarttrost er svært vanleg i Sør-Norge, spesielt på Vestlandet.  Den lever av insekt, meitemakk, snegl og bær.  Trekkfugl som kjem i overgangen mars-april og som reiser i november.  Ein del svarttrost overvintrar.  Gråtrost (Turdus pilaris) har karakteristisk grå og rødbrun overside.  Den er til dels svært vanleg  og et store mengder bær om hausten.  Har elles ein variert kost.  Den er ein dårleg songar. Måltrost (Turdus philomelus) er vanleg i Sør-Norge.  Den lever også over store område i Nord-Norge.  Den har gråbrun overside og kvit underside med trekantforma, mørkebrune flekkar. Har ein høg, melodiøs og variert song og skil seg fra dei andre trostane ved at den gjentek same songstrofe fleire gongar etter kvarandre.  Den kan også lage hermelydar.  Rødvengetrost (Turdus iliacus) er den minste trosten i Norge.  Den har karakteristisk rødbrun side under vengene og er vanleg i alle typar skog over heile landet. Ringtrost (Turdus torguatus) har halvmåneforma, kvit brystflekk, derfor namnet.  Kroppsfargen er elles mørk, særleg hos hannen.  Ringtrost er mest vanleg ved kysten og på fjellet.

 

Stær

Stærfamilien (Sturnidae) har berre ein representant i Norge: stær (Sturnus vulgaris). I tropiske område er det svært mange og fargerike fuglar som tilhøyrer denne familien.  Også vanleg stær har intense, metalliske fargar som skil den frå alle andre norske fugleartar.  Den er ein typisk kulturfugl, som finn det meste av maten (meitemakk o.l.) på dyrka jord som er beita eller slått.  Karakteristisk for stær er at den samlar seg i store flokkar om hausten.  Det kan vere opp til 100 000 individ i ein slik flokk.  Stær er ofte flyttfugl, men reiser forholdsvis seint og kjem tidleg tilbake.  Den har, slik som gråspurv, blitt sett ut i andre kontinent og har der spreidd seg raskt og utvikla svært store populasjonar.

 

Spurvar

Spurvefamilien (Passeridae) består av små fuglar med tett, kraftig kroppsbygnad og kort, tjukt nebb.  Dei lever for det meste av frø. Gråspurv (Passer domesticus) er ein utprega kulturfugl som har fulgt menneska sine vandringsvegar.  Den er ein hardfør fugl med ei fantastisk tilpassingsevne til ulike menneskeskapte miljø.  Den er derfor svært vanleg i byar, tettstadar og bygder, medan den er sjelden i den ville naturen. Den vart utsett i nye verdsdelar m.a. Amerika og Australia, i førre århundre og finst no med store populasjonar over det meste av desse kontinenta.  Den er såleis i dag den mest utbreidde landfuglen i verda.  Pilfink (Passer montanus) liknar svært mykje på gråspurv, men har mørk flekk på gråkvitt kinn, medan gråspurv manglar slik flekk.

 

Buskspurvar

Buskspurvfamilien (Emberizidae) består av finkeliknande fuglar med kraftig, kjegleforma nebb.  Dei er frøetarar og har meir langstrakt kroppsform enn finkane. Gulspurv (Emberiza citrinella) er ein buskspurv med karakteristisk sang: tsi tsi tsi tsi tsi tsi   tsyyyyyyyyyyyyyyyyy. Det høyrest ut som fuglen tel til sju og at den syng lenge på siste talet. Fuglen har karakteristisk gulfarge og held seg ofte skjult, men sangen er lettkjenneleg. Typisk låglandsfugl som et frø og korn. Stand-eller streiffugl.

 

Songarar

Fuglane i songarfamilien (Sylvidae) er alle små, med spinkelt rett nebb. Dei lever i hovudsak av insekt.  Som namnet viser er dei flinke songarar. Det finst mange typar songarar i Norge. Dei er alle små fuglar som kan vere vanskelege å oppdage i trea.  Kvar art har karakteristisk og tydeleg song. Lauvsongar (Phylloscopus trochilus) er truleg den mest vanlege fuglen i Norge om sumaren.  Likevel er den ikkje særleg kjent då den er lik dei andre songarartane, spesielt gransongaren (Phylloscopus collybita).  Songen består av mjuke, klåre og  høge fløytetonar som til slutt dør hen.  Om vårkveldane  kan ein over alt høyre denne songen i skog og mark.  Lauvsongaren lever av insekt og bær.  Den kan fange insekt også når den flyg.  Den er trekkfugl som overvintrar i tropiske og sørlege Afrika.  Den kjem til Norge i april-mai og reiser i august-september.  Tornsongar (Sylvia communis) lever først og fremst i ope landskap, medan hagesongar (Sylvia borin) og munk (Sylvia atricapilla) er forholdsvis vanlege i høg, tett lauvskog.  Gransongar (Phylloscopus collybita) lever i middels mogen\høg granskog, medan fuglekongen (Regulus regulus), som er Norges minste fugl, er vanleg i gammal granskog.  I motsetnad til dei andre songarane, overvintrar ein del stammar av fuglekongar i Norge. Om vinteren overnattar til vanleg fleire individ tett saman for å halde på varmen.

 

Kråkefuglar

Fuglane i kråkefamilien (Corvidae) er betydeleg større enn fuglane omtala ovanfor. Dei er kjente for å vere både lure, oppfinnsame, lærenemme og intelligente, og hadde m.a. av den grunn stor plass i den gamle folketrua.  Ein del artar er også kjente for å kunne lære å lage hermelydar t.d. ord og setningar. Skjor (Pica pica) er i stor grad tilknytt kulturlandskapet.  Den har lettkjenneleg svart og kvit drakt med metallfarga hale. Skjor er altetande og har evne til å tilpasse seg ulike miljø.  Skjorereiret skil seg frå andre kråkefuglreir ved at det har tak. Kråke (Corvus corone) er den vanlegaste kråkefuglen i Norge.  Den er grå med svart hovud, bryst, venger og hale og er altetar.  Den er kjent for å ha felles overnattingsplassar der det om vinteren kan vere opp til til tusen individ. Kråka er rekna for å vere ein av dei mest intelligente fuglane i verda. Ramn (Corvus corax) er ein heilsvart kråkefugl og er den største av kråkefuglane. Den er altetar, men har også i stor grad spesialisert seg på å leve av åtsel inklusiv larvar og biller i åtselet.  Den drep også sjuke og skadde dyr. Ramn har lett for å lære hermelydar.

Alle fugleartane omtala ovanfor tilhøyrer ordenen spurvefuglar (Passeriformes).  I heile verda er det om lag 5300 artar fugl i denne ordenen.  Det er om lag halvparten av fugleartane i verda.  I Norge hekkar om lag 100 artar spurvefugl.

           

Gauk

Gauk (Cuculus canorus) høyrer til ein eigen orden, gaukefuglordenen (Cuculiformes),og er litt større enn ei gråtrost.  Den har forholdsvis lang hale og fargemønsteret er haukliknande.  Gauk er mest kjent for sine karakteristiske lydytringar: ko-ko frå byrjinga av mai og utover i Sør-Norge, og noko seinare nordover i landet.  Det er berre hannen som lagar denne lyden.  Både hannen og hoa kan elles lage boblande, småspoveliknande lydar.  Ein del gaukeindivid reiser til overvintringsplassen i tropisk og sørleg Afrika allereie i juli månad.  Gauk har i stor grad spesialisert seg på å leve av sommarfugllarvar, særleg hårete larvar t.d. av spinnarar.  Ingen andre fuglar et slike larvar, då håra har  irriterande verknad og ofte direkte giftverknad.  Larvehåra set seg fast i mageslimhinna hos gauk og denne får etter ei tid ein pelsliknande utsjånad.  Gauken gulpar imidlertid med jamne mellomrom opp slimhinna med larvehår  og vert såleis kvitt avfallet.  Gauk skil seg elles også frå andre norske fuglar ved at den er reirparasitt, dvs. den legg egga i andre fuglar sine reir.  Det finst fleire stammar gauk og kvar stamme har spesialisert seg på å leggje egg i reira hos berre 1 fugleart.  Spesialiseringa er komen så langt at gaukane i kvar stamme legg egg med storleik, form og fargemønster som liknar sterkt på egga hos den aktuelle vertsfuglen.  Heipipelerke synest å vere den mest vanlege vertsfuglen, men det finst også gaukestammar som legg egg i reir hos t.d. linerle, rødstrupe, buskskvett og hagesangar.  Gaukegga vert klekte på særs kort tid (10-12 dagar).  Dette sikrar ofte at gaukegget vert klekt før dei andre egga. Den nyklekte gaukungen kastar så ut dei andre egga.  Vha. eit stort, rødt gap stimilerer den kraftig matingsinstinktet hos vertsfuglparet, og får såleis mykje mat og veks raskt.  Også tilfeldig forbipasserande fuglar av ymse artar kan bli stimulerte til å hente mat til gaukungen.  Forholdet gauk-vertsfugl har utvikla seg over svært lang tid slik som dei fleste parasittiske relasjonar.  Ein del fugleartar har gjennom tidene avslørt gauken, og angrip den svært hissig så snart dei får auga på den. Det haukliknande fargemønsteret hos gauk synest å vere eit mottiltak mot dette ved at det får fuglane til å tru at gauken er ein farleg hauk.  Det er såleis eit døme på mimikry.

 

Spetter

Spettene tilhøyrer ein eigen orden, spettefuglar (Piciformes).  Spettene er forholdsvis vanlege i skogen og i områda rundt skogen.  Karakteristisk kjenneteikn er at foten har 4 tær, 2 som vender framover og 2 som vender bakover.  Den ekstra tåa bakover gjev fuglen støtte når den står på ein trestamme. Grønnspett (Picus viridis) lever for det meste av maur.  Den kan hakkar sund maurtuer.  Denne spetta er forholdsvis lite sky.  Flaggspett (Dendrocopos major) tek insekt, spesielt biller i barksprekker eller morkne trestammar i sumarhalvåret.  Om vinteren tek den frø frå konglar som den har kila fast i barksprekker.

 

Rovfuglar

Av rovfuglane er haukane og uglene forholdsvis vanlege i skogen. Dei er plasserte i eigne ordenar, høvesvis haukeordenen (Accipitriformes)  og ugleordenen (Strigiformes). Dei mest kjente haukane er hønsehauk (Accipiter gentilis) og spurvehauk (Accipiter nisus).  Hønsehauken fangar mindre pattedyr (mus, ekorn og hare) og både små og litt større fuglar.  Spurvehauken, som er vel halvparten så stor som hønsehauken, fangar småfugl, m.a. mykje trost.  I tillegg tek den meir tilfeldig mus, rotter og insekt.    I  1980 åra var det tal hekkande par hønsehauk og spurvehauk i Norge  høvesvis om lag 2500 og 5000.     

Det er fjellvåk (Buteo lagopus)  som er den vanlegaste rovfuglen i Norge med opp mot 10 000 hekkande par i  smågnagaråra.     Som namnet viser er dette ein fjellfugl,  og det er derfor først og fremst fjellvandrar som kjenner den.   I hekketida lever fjellvåken først og fremst av fjellrotter og markmus.   Den et forholdsvis lite lemen truleg fordi den ikkje liker lemensmaken.    Fjellvåk er trekkfugl som overvintrar m.a. i  Aust-Europa.

Falkane skil seg frå haukar og våkar m.a. ved at dei har ei spiss utbukting i overnebbet,  den såkalla falketanna.     Både dvergfalk (Falco columbarius) og tårnfalk (Falco tinnunculus) er forholdsvis vanlege i store område av landet med tal hekkande par høvevis opp til 2000-6000  og 1000-3000.    Elles er   jaktfalk  (Falco rusticolus) og  vandrefalk  (Falco peregrinus)  velkjente falkeartar,  men tal hekkande par for desse artane har i lang tid vore lågt,  særleg for vandrefalk.    Sistnemde art er i hovudsak knytt til kysten,  og  har vore nær ved å bli utrydda i Norge.

Ein kan bestemme om ein dagrovfugl er ørn, våk, hauk eller falk ved m.a. å studere undersidesiluetten av fuglen.  Ørnar og våkar har vifteforma hale under flukt, dvs. halen aukar i breidde bakover.  Dette gjev ekstra oppdrift for desse fuglane, som er langdistanseflygarar.  Ørnane er større enn våkane.  Haukar og falkar har lang hale med jamn breidde.  Falkane skil seg frå dei andre dagrovfuglane ved at den har spisse venger.  Dessutan har dei, som nemnt ovanfor,  falketann på nebbet.

Uglene er mest kjente for skrika som dei lagar om kvelden og natta. Hubroen (Bubo bubo) er den største ugla i Norge. Populasjonen av denne arten er mykje redusert i dag, men framleis er det livskraftige  hubrostammar på Vestlandet og i Nordland.  Kattugle (Strix aluco) er forholdsvis vanleg i låglandet i  Sør-Norge.  Den er meir knytt til kulturlandskapet enn  dei  andre uglene. Hannen si  karakteristiske lydytring ho ho  hoh ho-o-o kan ein høyre frå februar til mai månad og om hausten.  Kattuglene jaktar i mørkret og  fangar først og fremst mus og rotter.  Dessutan tek dei ein del fugl, frosk, fisk, meitemakk og insekt.

 

Sjøfuglar

Ved kysten lever mange artar sjøfuglar.  Nokre har tilhald ute på havet det meste av året, men hekkar på land i fuglefjell.  Andre held seg på kysten heile året, eller er flyttfuglar. Mest kjente er måkefuglane (måkar, terner, ljoar) og alkefuglane (alke, lomvie, teist og lunde).  Nokre måkeartar oppheld seg også ofte i innlandet.  Hos vadefuglar (t.d. tjeld, vipe, heilo) og andefuglar (t.d. ærfugl, stokkand, krikkand) lever  nokre artar ved kysten medan andre lever ved ferskvatn.

 

Krypdyr

Firfisle (Lacerta vivipara) er forholdsvis vanleg i Sør-Norge.  Den lever også i Nord-Norge, og er det krypdyret i verda som går lengst mot nord.  Det held til i små jordholer, og lever av makk og insekt.  Er mest vanleg i fuktige, solrike område nær vatn, men lever også i sanddyner, steinrøyser o.l. Den har 3-10 ungar i kullet. Firfisle er kjent for evna til å kunne kaste den opphavelege halen (autotomi).  Det veks ut ny hale, men denne manglar ryggradsknoklar,

Hoggorm (Vipera berus) er den einaste giftslangen i Nord- Europa.  Manglar lemmer, men kjem seg fram vha. bukskjel og ved å bukte kroppen.  Er vanleg både i fuktige og tørre skogsområder til Sømna i Nordland.  Lever av firfisler, padder, frosk, markmus o.l.  Byttedyra vert drepene vha. gift.  Denne er farleg også for menneske, men sjeldan dødeleg.  Hoggorm har 5-20 ungar i kullet.

 

Amfibium

Vanleg frosk (Rana temporaria) lever i heile Norge.  Den held til i sumpar, fuktig eng, åkrar og parkar.  Individtalet i kulturlandskapet er sterkt redusert pga. drenering og giftstoff.  Lever av insekt og andre smådyr, særleg snegl.  Den legg klumpar av egg i vatn.  Kvar klump inneheld 3000-4000 egg.  Etter ei tid utviklar egga seg til rumpetroll.

Padde (Bufo bufo) lever i Norge sør for polarsirkelen.  Skil seg frå frosk m.a. ved at huda på ryggen er full av store vorter.  Desse produserer giftstoffet bufonin, som vernar padde mot rovdyr.  Padde lever av insekt og andre smådyr, m.a. snegl. Den legg ei lang (3-5 m), bukta snor av egg i vatn.  I snora er det opp til 6800 egg.  Etter ei tid utviklar desse seg til rumpetroll.

 

Dyrespor

På turar ute i skog og mark kan ein ofte sjå dyrespor t.d. fotavtrykk, gnagspor, matrestar og ekskrement.  Slike spor er temmeleg vanlege og ein ser dei oftare enn sjølve dyra, spesielt når det gjeld nattaktive dyr.

Fotavtrykk ser ein lettast i snø.  Spora etter hare er velkjente, men revespor og musespor er også vanlege. Når haren spring, vert bakbeina plasserte framfor  frambeina.   Mårdyra  t.d. røyskatt har karakteristiske parspor.  Fotavtrykk etter rype er uskarpe grunna dei fjørkledde tærne.   Storfugl derimot, set skarpe fotavtrykk.

Om vinteren er det mange pattedyr som gneg bark av trea.  Dei brukar barken som mat.  På denne årstida er barken godt festa til veden, og det blir derfor tydelege tannmerker på stammen. Ut frå storleiken på tannmerka kan ein så avgjere om det er hjortedyr, hare eller mus som har gnege bark.  Ekorn gneg vanlegvis ikkje bark om vinteren, pga. at barken er næringsfattig på denne årstida.  Dersom gnaget er eit musegnag og det er avgrensa til område heilt nede ved bakken, er det truleg markmus som har laga det.   Musegnag høgare oppe på stammen og på greiner er laga av klatremus.

Om sumarhalvåret kan barken vere forholdsvis laust festa til veden.  Hjortedyr kan då skrelle av store barkflak frå stammar og låge greiner utan at dei set tydelege tannmerke i veden.  Også ekorn kan skrelle av slike flak, men berre frå stammar.  

Haren har kraftige kjevar og tenner, og kan derfor bite av forholdsvis tjukke greiner.  Snittflata er skrå og ofte heilt jamn som om den var skoren med skarp kniv.   Hjortedyra bit også av greiner på trea, men snittflata er ofte svært frynsete.

Bartrefrø og hasselnøtter er næringsrik mat for ekorn og mus. For å få fatt i bartrefrøa må ekorn og mus gnage av kongleskala.  På ein slik matplass ligg det derfor mange frie kongleskal og dessutan konglestilkar som heilt eller delvis manglar skal.  Grankonglestilkar som er vorte handsama av ekorn, er temmeleg frynsete, med forholdsvis lange trevlar i den butte enden.  Tilsvarande stilkar handsama av skogmus og klatremus, manglar trevlar i den butte enden, og er generelt lite frynsete.  Alt i alt gjer musene eit langt "penare" arbeid enn ekorn når dei gneg på bartrekonglar.

Ekorn gneg ein sprekk i den spisse enden på hasselnøtter, og stikk så framtennene i underkjeven inn i sprekka. Dei kløyver så nøtta på langs og et kjernen.  Skogmus og klatremus gneg eit forholdsvis stort, rundt hol i skalet og gneg så på kjernen.  Musene kløyver såleis ikkje nøtta på langs.

Hasselnøtter med uregelmessig opning er hakka sund av fugl, t.d. spetter.  Grankonglar med skal som spriker i mange retningar, er også handsama av spetter. Store hol i maurtuer skuldas grønspett,  som  et  maurpupper i tua.

Ekskrement er velkjente dyrespor, med karakteristisk form, innhald og farge. Rovdyra har avlange, bølga ekskrement der eine enden er trekt ut til ein spiss.  Ofte er det hår frå byttedyra i ekskrementa. Grasetarar har ofte runde eller ovale ekskrementperler, med jamn overflate og gulaktig farge.  Ofte er der mykje korte grasstrå i ekskrementa frå desse dyra.  Hareperlene er oftast runde, medan perlene frå hamsterdyr som markmus og lemen er ovale.  Ekskrementa frå ekte mus som skogmus og klatremus er også avlange, men overflata er noko ujamn. Eine enden er såleis ofte uttrekt til ein spiss.

Ekskrementa frå orrfugle og rype er sylinderforma og svakt boga.  Om vinteren er dei tørre og faste og består av større og mindre plantedelar.  Fargen er ofte gulbrun eller mørkebrun, og dei er såleis lett synlege på snøen.  Rovfuglar gulpar opp ufordøyelege matrestar t.d hår, hornmateriale, bein og stein.  Ofte legg dei frå seg eit par oppgulp per dag.  I ugleoppgulpa er det alltid mykje skjelettstrukturar frå byttedyra, då fordøyingsvæskene hos desse fuglane ikkje løyser opp bein.  I oppgulpa frå t.d. haukar er det til vanleg ikkje bein, men mykje hår. Også måkar, kråke og skjor produserer oppgulp.

 

Variasjonar hjå tre, planter og dyr gjennom året

Avstanden mellom Jorda og Sola er  152 100 000 km ved solsnu i juni månad og 147 100 000 km ved solsnu i desemeber månad, dvs. avstanden er i dag størst på den tida det er sommar på den nordlege halvkule, for 11 000 år sidan var forholdet omvendt.  Det  er jordaksen sin helling i høve til normalen på Jorda site baneplan som er årsaka til årstidene.  Denne  varierer mellom 22o 1,  og  24o 5,  i løpet av 40 000 år.    I dag er denne vinkelen  23o 30. Om vinteren vender den nordlege halvkule bort frå sola, medan den vender mot sola om sommaren. 

Plantene og dyra er nøye tilpassa dei ulike årstidene (sjå omtalane under dei einskilde plante- og dyreartar.   Lauvtrea  trekkjer klorofyllfargestoffet frå blada og  inn i stammen og feller så blada; dette for hindre uttørking om vinteren (oretra feller grøne blad).   Når trerøtene er omgjevne av frosa jord (tele) har dei ikkje tilgang på vatn.  Dersom blada hadde vore på om vinteren, ville trea tørka ut grunna fordampinga frå blada.  Vinterknoppane er dekte av knoppskal for å hindre at dei ørsmå bladspirane dør av kulde.  Knoppskala er ofte dekte og forsegla av eit lag harepiks for å hindre fordaming og dempe kulden i knoppen.   Dei fleste bartre og nokre lyngartar har blad også om vinteren.  Slike blad er nålforma, t.d. einer, gran og furu eller sterkt krumme t.d. krekling og grepplyng, og har vanlegvis  tjukt vokslag for å hindre fordaming.  Bjørn og grevling  legg seg i hi om vinteren og søv vintersømn.   Kroppstemperatur, puls og pustefrekvens er her berre redusert noko under det normale. Insektetande pattedyr og fugl kan vanskeleg overleve den norske vinteren; først og fremst fordi det er lite insekt om vintern, men også fordi denne typen pattedyr og fugl har ein liten kropp, dvs. kroppsoverflata er stor i forhold til kroppsvolumet og varmetapet til omgjevnadene er derfor ekstra stort.  For å kompensere for varmetapet har slike dyr ein ekstra høg kroppstemperatur, vanlegvis godt over 40 grader i dei indre kroppsdelane.   Piggsvin og flaggermusartane går imidlertid  i ekte dvale om vinteren, der kroppstemperatur, puls og pustefrekvens er  sterkt redusert; hjå piggsvin kan temperaturen vere ned mot 5 grader og  pusten vere stansa i opptil ein time under dvalen.  Dermed brukar slike dyr svært lite energi i vinterhalvåret.  Dei fleste insektetande fugl, t.d. svaler og ymse artar songarar unngår den norske vinteren ved å vere flyttfuglar.

Pattedyr og fugl som er aktive om vinteren utviklar varmeisolerande vinterdrakt, ofte med vernefarge/kamuflasje. Både hare, røyskatt, snømus og rypeartane får kvit vinterdrakt for å vere minst mogeleg synlege om vinteren;  haren for å unngå rovdyr, røysekatten for at byttedyra ikkje skal oppdagen den på den kvit snøen.  Pelsen hos pattedyr består av ullhår og dekkhår, i vinterpelsen er ullhårdekket langt tettare og dekkhåra lengre enn i sommarpelsen.  Hos rein har vinterdekkhåra ei kjerne av luft, dette gjev ein ekstra isolerande verknad slik at reinen byrjar å frysa først når temperaturen har passert 40 kuldegrader.  Fugl har varmeisolerande dunfjør under dekkfjørene, hos t.d. ryper gjev desse til saman ein svært god verknad mot vinterkulden i fjellet.  Ryper har også fjørklednad på føtene for å hindre frostskader på desse.

Små pattedyr t.d. markmus, lemmen og spissmus lever under snøsjiktet om vinteren, her er temperaturen langt høgare enn i lufta over snøen.  Grupper av småfuglarten gjerdesmett kan opphalde seg tett saman i bol i harde kuldeperiodar; dei sit då i ring med hovuda vendt mot kvararandre for til saman å varme opp bolet og kvarandre.  Også sume vekselvarme dyr, t.d. hoggorm overvintrar i grupper; stundom opp mot hundre ormar i kvart bol.  Vekselvarme dyr har dei til ei kvar tid  kroppstemperatur berre litt over temperaturen i omgjevnandane.  Frosk har ofte vinterdvalen i gjørmelaget på botnen av innsjøar.

Insekt overvintrar som  egg, larve eller som vaksen; mange artar  har ei frysevæske (glyserol) i kroppen om vinteren slik at cellene ikkje frys, andre har utvikla andre mekanismar (antifryseprotein) for å hindre frost og  frostskader.  Nokre insekt t.d. spretthalar i fjellet, kan på denne måten ligge innefrosne i is i mange månader, og levnar til at så snart isen smeltar. Mange av løpebillene og liknande artar overvintrar som vaksne under snøen, og er her viktig mat for spissmusene gjennom den lange og kalde vinteren.  Nokre få dagsommarfuglartar, t.d. neslesommarfugl og sitronsommarfugl overvintrar som vaksne; dei er derfor på vengene tidlegare om våren enn noko annan art i denne gruppa.  Admiralsommarfugl derimot er ein ekstra flink flygar og greier derfor å  trekkje til sørlege strøk om hausten, og kan såleis unngå den harde, norske vinteren på den måten. 

 

Naturnamn 

Gamle former og uttrykk som ofte inngår i naturnamn i Norge. Dei gammalnorske formene er skrivne i kursiv. For mange av orda finst det fleire tolkingar enn det som er oppgjeve her.  Finn ut kva naturnamna tyder på stader som du besøker på turar i skog og fjell.

Anger              angr                 vik, fjord

Bekk                brunnr             brunn, kjelde, oppkomme

Blæje               blæja/blægja klede, duk, åklede, laken, linklede

Botn                botn                 botn (det inste) i fjord eller dal

Brekke             brekka             stor bakke

Brun                brún                 kant, egg

Byrge              byrgi                borg, skanse, festning, inngjerding, kve

Dike                díki                  dike, blautmyr, pøl

Dott                 dottr                 vesal skapnad

Djup                djúp                 djup , djup stad, djupt vatn

Drive               drífa                 drive, snødrev, snøfokk

Ekre                 ekra                 åkerland

Fen                  fen                   blautmyr, dike, dam, sjø

Fete                 fit                     flat eng, helst attmed vatn

Fles                  fles                   flatt skjer

Flet                  flet                   golv, særleg opphøgd bordgolv eller benk langs veggene, hus

Flog                 flog                  bratt fjell

Flu                   fluð                  flatt skjer som det flør over

Foss                 fors                  foss, brottsjø

Gadd               gaddr               pigg, odd

Gard                garðr               gard, gjerde

Geil                 geil                  gjel eller trong dal, trong eller inngjerd veg

Gjel                 gil                    gjel, bergkløft

Gjerde            gerði                 jorde, inngjerdt jordstykke

Glenne            glenna              opning, mellomrom

Gòte                gata                 gate, veg

Grande                        grandi              sand-øyr, sandbanke

Hop                 hópr                 lita vik

Høl                  hylr                  kulp

Jare                  jaðarr              kant

Keile                keila                 kil, smalt sund

Kil                   kíll                   trong vik

Kleiv               kleif                  (veg i) bratt bakke

Klepp              klepp                klump

Klett                klettr                koll, berkknatt

Kleve               klefi                  lite rom (kove)

Klove              klofi                 kløft

Krik                 krikr                 krok (lår)

Kvam              hvammr           liten dal

Kvie                kví                    inngjerding for fe, trong gang

Kyllar              kyllir                pose, sekk

Kylpe              kylp                  djup og grong innsenking i landskapet

Kyte                kýta                  kul, pose

Led                  (h)lið                port, opning

Legd                -----                  noko som er lagt ned eller inn (Innlegda)

Lende              lenda               jordeigendom

Lægd               lægð                låg stad i landskapet

Mork               mork                mark, skog

Nipe                gnípa               nut som hallar fram

Rane               rani                  bergrygg, odde

Reine               rein                  åkerkant, engstrimmel

Rås                  rás                   laup, gang

Råk                  rák                   gangsti, trakk

Set                   set                    pall

Set                   setr                  bustad

Skagar             skagari            ein som stikk fram

Slok                 slok                  renne

Smott              smátta              smal inngang

Stig                  stígr                 bratt, ulent gangveg

Strind             strind               stripe, kant

Sva                  svað                 glatt stad, flatt berg

Sve                  sviða                stykke i skogen som er rydda ved brenning

Sæld                sæld                 liten senking

Sæte                sæti                  sete, sess

Såte                 sáta                  liten haug

Taske               taska                taske, pose

Tuft                 topt                  stad der hus står eller har stått

Tveit                þveit                 rydning, avskore stykke

                                         yste odde på nes

Vad                 vað                  vadestad

Vang               vangr               voll, open plass

Varde              varði                oppstabla steinar til merke

Voll                 vollr                 grasslette

 

Naturmiljø

Naturkjensle er først og fremst evna til å legge merke til detaljer i naturmiljøet, og evna til å kunne oppleve naturen med opne sansar.

Det er viktig at barna får høve til å utvikle og styrke natur­kjensla.  Dette gjev dei trygg identitetskjensle og kjensle av tilknyting til miljøet.  Det gjev dei også ei aktiv og positiv haldning  til naturen og forståing for samanhengar i naturen.

I det moderne samfunnet er det særleg viktig å legge forholda til rette slik at barna kan oppleve naturen direkte med eigne sansar, då mange barn får for lite slike røynsler.  Barn treng sansestimulering  frå dei er heilt små.  Den mest allsidige stimulering skjer i naturmiljøet.  Naturkjensla vert då skapt og utvikla gjennom naturopplevingar og naturoppdagingar.

 

Variert sansestimulering

Det er viktig at barna tidleg kjem i kontakt med forskjelli­ge naturmaterial som vatn, sand, jord, leire og snø.  Dette styrkjer evna til å kjenne igjen ulike naturgjenstandar.  Umedvite lærer barna korleis deira eigen kropp vekselverkar med omgjevnadane.  Større barn får størst sansestimulering ved at dei blir tatt med til forskjellige naturområde der dei kan leike fritt.  Gjennom leiken vil dei oppdage mange nye ting både i den livlause og levande naturen og få variert sansestimulering gjennom syn, hørsel, hudsans (varme, kulde, lett trykk, stort trykk, smerte), lukt (fleire tusen luktvari­antar) og smak (salt, søtt, surt og bittert). Barn som får høve til å utfolde seg på denne måten, får den sansetrening som er nødvendig for ei harmonisk utvikling.

Døme:For dei minste barna: Leike i sandkasse der det er forskjellige naturmaterialar. Krabbe fritt rundt på forskjellige underlag som mjuk mose, eng og fin sand.

For dei større barna: Leike på ei opa slette i skogen.  Samle  kvistar, blad, blo­mar, konglar, mose, lav, stein, som så blir sorterte. Samtale om naturgjenstandane (umetvite begrepslæring).         Gå barbeint på forskjellige underlag som mose, gras, sand, grus, småstein, tørt berg, kvistar, snø.

Samtale om korleis det kjennest å  gå på desse underlaga.

 

Ein trygg leikestad

Barna har ein tendens til å søke tilbake til dei same lei­kestadane.  Daglege opplevingar på ein slik stad gjer at dei vert særleg godt kjente der.  Dei kjenner igjen naturdetaljar som berg, steinar, stubbar, ymse tre og busker, elvar, dam­mar, sandgroper og bergholer.  Nøyaktig kjennskap til alt som finst innanfor området gjer at barna kjenner seg trygge, og denne tryggleiken er det beste grunnlaget for vidare harmonisk utvikling.  Etter kvart blir området utvida og barna gjer nye røynsler.  Barna opplever mangfaldet i naturen ved sjølve å vere i den.

Det er viktig for barna at det er ein eller fleire slike varierte leikeplassar i nærleiken av barnehagen.  Dei første turane dit kan bli svært slitsame for personalet pga. barna sin virketrong.  Men når dei er blitt kjente med området, vil det heile roe seg mykje ned, og ein bør då gjerne gå dit kvar dag når veret er godt nok.  Grunneigaren må  gje løyve til at området kan brukast som leikeplass (gjeld også for utmark).

Staden der ein bur dei førstre 10 åra av livet får ein heilt spesiell betydning for alle menneske, og blir på mange måtar den eigentlege heimstaden gjennom heile livet.  Dette viser kor viktig stad, natur og omgjevnader er for menneska i denne perioden.  Mange vaksne søkjer tilbake til områda der dei leikte som barn, truleg fordi dei vil oppleve kjenslene av tryggleik og livsglede  som dei opplevde som barn, og for å få oversikt over sin eigen identitet og utviklingsvegen for per­sonleg­domen.

 

Utsiktsstad

Barn søkjer ofte oppover i terrenget til frittliggjande sta­dar.  Dei får dermed oversikt.  Små barn kjenner ikkje til kart og dei har behov for direkte oversikt over naturen for å få inntrykk av korleis dei forskjellige elementa (berg, stein, treklynger, hus, vegar, dammar, elvar osv.) er plasser­te i forhold til kvarandre.  Barna får frå slike utsiktspunkt også kjensel av å vere store og mektige.  Skrik og høge rop kan vert uttrykk for dette.  Synsinntrykka frå utsiktsplassen stimulerer barna sine evner til å tenke i heilskap, og gje dei enkle refleksjonar om den plassen dei sjølve har i denne heilskapen.  Dette styrkjer sjølvopplevinga og opplevinga av identitet og virkelegheit.

Dersom det er ein god utsiktsstad i rimeleg avstand frå barne­hagen, bør ein  gå dit regelmessig med barna, slik at dei kan få oppleve heile landskapet gjennom årstidene.

Tema på utsiktspunktet kan vere:

a) Veret i dag.   Samtale der himmel, sol, skydekke, sikt i lufta, nedbør, temperatur osv. blir omtala. (Sansetrening og umedvite om­grepslæring).

b) Tid og stad:  Ein samtale om forandringane i naturen som har skjedd sidan sist ein var på utsiktspunktet. (Sansetrening, hugsetrening og umedvite omgrepslæring).

c) Det ein ser frå utsiktspunktet.  Det er svært mange syns­sanseinntrykk på utsiktsstaden.   Av pedagogiske omsyn bør ein derfor avgrense sanseinntrykka når ein skal samtale om dei. Ein kan t.d. først sjå på det som ligg i austleg retning, så i sørleg, så i vestleg og så i nordleg retning, med vidare inndeling ved først å sjå på det fjerne og så det nære. Samtale om det ein ser. (Sansestimulering og umedvite om­grepslæring).

d)  Det ein høyrer på utsiktsstaden:  Barna lyttar etter lydar frå  aust, sør, vest og nord, med vidare inndeling i fjerne og nære lydar.  Barna bør også lytte etter svært svake lydar. Samtale om det ein høyrer. (Sansestimulering og umedvite omgrepslæring).

Ein kan vidare fotografere på utsiktsstaden.  På ruskevers­dagar kan barna sjå på desse bilda, saman med gamle bilde frå same staden.  Samtale om dei forandringane som har skjedd rundt utsiktsstaden gjennom åra.  Gjev barna trening i å sjå seg sjølve og naturen i heilskap.  Gjev trening i å oppleve avstand i rom og tid.

 

Omgrepsdanning

Eit barn på 2 år ser for første gang ein hund og går bort il den og stryk den.  Dei vaksne brukar uttrykket "hund".  Ved seinar høve når barnet ser hundar,  brukar foreldra det same uttrykket.  Før eller seinare vil barnet sjølv bruke uttrykket når det ser ein hund.  Barnet har då fått danna eit omgrep.  Gjennom nye røynsler vert omgrepet klårare og meir eintydig.  Barnet vil etter kvart lære å skille hundar frå t.d. kattar og kaninar.  Seinare lærer det også å skille mellom forskjel­lige typar hundar (hunderasar).  Barn lærer omgrepa umedvite.  For å sikre innlæring av omgrep for grupper av barn kan ein gå fram på følgjande måte:

 

Konkret oppleving med allsidig sansestimulering

Døme:  Fri leik på t.d. ei skogflate slik at barna blir godt kjente og føler seg trygge.  Deretter innsamling av kvistar med lauv frå forskjellige tre i skogen.

 

Sortering og omgrepsinnlæring

Døme:  Sortere ut og legge kvistar frå t.d. bjørk i ein haug, og frå t.d. selje i ein haug osv.  Barna brukar fleire sansar ved sorteringa dvs. dei ser  på bladform, nerveform, bladfarge, kvistfarge osv., kjenner  korleis blada er å ta på (glatte, ru, hårete) og luktar dei karakteristiske luktene frå dei ymse blada og frå borken på kvistane.  I barnehagen bør dei finaste kvistane bli limte opp på papplater, eitt treslag på kvar plate.

 

Omgrepsbruk

Døme:  Tur til skogen.  Ei papplate til kvar barnegruppe, som så skal finne tre i skogen av same art som på plata.  Samtale om dei forskjellige trea i skogen, der begrep som tre, lite tre, stort tre, kvist, lys kvist, mørk kvist, blad, lite blad, stort blad, stivt blad, mjukt blad, grønt blad, grått blad, glatt blad, hårete blad, blad med lukt, blad utan lukt, over­side, underside osv. kan bli nemnde.  Barna skal også få for­talt namna på trea dersom dei spør etter det.

På ruskeversdagar kan så barna bruke bøker med bilde og fortellingar  om skogen og trea og dyra der.  Ved seinare turar kan ein ta med papplatene igjen og la barna få leike vidare med dette temaet.  Opplegget kan utvidast med at barna samlar inn kvistar med lauv frå tre som dei enno ikkje kjen­ner.

 

Levande og ikkje levande

Barn i alle aldrar har vanskar med å skille mellom desse to begrepa.  Røynslebakgrunnen er her heilt avgjerande for  korleis barna forstår desse omgrepa.  I barnehagar der dei har hatt terrarium med skrukketroll, svarar til vanleg alle barna at skrukketroll er levande.  Årsaka til rett begrepsforståing her, er at barna har mata skrukketrolla og sett at dei har ete, og dei har sett at skrukketrolla har vakse og fått ungar, som igjen har vakse.

Generelt meiner barnehagebarn at ting som rører seg er levan­de.  Dei fleste meiner såleis at luft, skyer, vind, elv, tog, b­ilar, eld og fjernsyn er levande.

Sidan dei sjølve er levande, blir det ofte  begrepet ikkje levande som blir vanskeleg og tungt å lære eller forstå.

Det beste grunnlaget for å utdjupe desse begrepa er at barna får oppleve og leike direkte med levande organismar (dyr, tre, plantar) og med den livlause naturen  (vatn, snø, luft, leire sand, stei­nar osv.).

 

Frøspiring

Både barn og vaksne er usikre på om plantefrø er levande eller ikkje levande.  Svaret er at praktisk talt heile frøet er levande.  Frøet består av 2 komponentar: plantefoster og frøkvite. Plantefosteret består i hovudsak av ei lita rot og eitt frøblad (grasartar) eller to frøblad (dei vanlege blom­sterplantane). Frøkviten inneheld mykje opplagsnæring i form av stive og\eller feitt saman med dei cellene som har pro­dusert denne næringa.  Hos mange artar er det lite frøkvite og det er sjølve frøblada som inneheld opplagsnæringa. Frø frå ville plantar og tre i Norge inneheld om hausten eit spirehemmande stoøff.  Dette stoffet hindrar frøa i å spire i mildversperiodar om hausten.  Spirande plantar om hausten blir fort drepne på kalde dagar.  Det spirehem­mande stoffet vert gradvis øydelagt når det er kaldt om vin­teren, og er praktisk talt borte når våren kjem.  Frøa kan då spire uhem­ma, og dei har no ein lang vekstsesong framfor seg.

Frøa treng både vatn, varme, oksygen og ofte litt lys for å byrje å spire.  Eventuelt lyskrav sikrar at frø langt nede i jorda ikkje spirer, dei ligg for djupt nede i jorda til å nå bakken.

Nøyare gransking har vist at det berre er hos ein del planter t.d.  furu, bjørk, revebjølle og timotei at frøa har lyskrav ved spiringa.   Hos andre artar t.d. bergflette spirer frøa i mørkret,  medan hos andre artar t.d. havre og kveite spirer frøa både i lys og mørkre.

Mange frø frå planter og tre spirer berre om våren  og sommaren.   Hos slike frø er det innebygde mekanismar som hindrar spiring  elles i året.    Det finst ei rekkje spirehemmande mekanismar:

1)  Frøskalet kan hindre opptak av vatn og oksygen.  Slikt opptak kan då først skje når frøskalet er nedbrote av mikroorganismar.

2)  Frøet kan ha kjølebehov.    Spiring kan her skje berre etter at fuktige frø har vore utsett for låg temperatur t.d  2-5 C  over ein kortare eller lengre periode.  Mange av treslaga t.d. bjørk,  lønn, gran og furu har frø med kjølebehov.  

3) Spirehemmande stoff t.d kumarin og abscisinsyre  kan hindre spiring.   Spiring kan då tidlegast skje når desse stoffa er nedbroten eller fjerna frå frøet.    Hos ein del frø verkar fleire av faktorane nemde ovanfor samtidig.    Bjørkefrø har både  tett frøskal, kjølebehov,  lysbehov og spirehemmande stoff.

Generelt sikrar spirekrava at frøa spirer berre på den årstida då sjansen for vellukka spiring og vidare utvikling er     størst.   Imidlertid kan frøa frå eitt og same individ ha noko varierande spirekrav slik at nokre av frøa kan spire  i godversperiodar om hausten.    Ofte vert desse unge plantene drepne av haustkulden,  men dette representerer ikkje nokon fare for arten då dei fleste frøa overvintrar grunne spirekrava og mange gjennomfører vellukka spiring  neste vår

Ein del artar har frø som berre har vatn,  oksygen og varme  som absolutte spirekrav.  Dersom desse krava er oppfylte, spirer dei så snart som dei er falt ned på bakken. Selje, vier og osp  har denne typen frø.    Imidlertid er frøa hos desse treslaga kortliva.   Hos selje lever frøa berre i nokre få dagar når spirekrava ikkje er oppfylte, medan dei hos osp lever i nokre veker.    Også almefrøa  dør etter nokre veker når dei ikkje får høve til å spire.

Meldestokk har 2 slags frø:  små og brune frø som spirer om hausten,  og  større, svarte frø som har kuldekrav og derfor spirer først om våren.

Nokre planter og tre har svært langliva frø.    Ein har såleis fått hønsegrasfrø som har lege 300 år i jorda,  til å spire.   Mykje tyder på at desse frøa hadde spirt sjølv om dei hadde lege t.d. 500 år i jorda.

Generelt startar spiringa ved at plantefosteret produserer eit hormon som får celler i ytre del av frøet til å produsere store mengder enzym av gruppa hydrolase.  Desse enzyma spal­tar næringa i frøkviten eller frøblada til enkle sambindingar:  druesukker, aminosyrer, arvestoffsyrer, feittsyrer og gly­serol.  Fosteret tek så opp desse næringsstoffa og kan dermed vekse .

Døme: Nedbrytinga av stive under frøspiringa skjer vha. hydrolaseenzym av typen amylase.  Eigentleg trengst det 2 amylaseenzym - alfaamylase og betaamylase - for at stive skal bli nedbrote.  Alfaamylasen vert produsert under spiringa og den kappar opp greinene på stivemolekylet.  Betaamylasen ligg lagra i frøet og kappar opp langkjeden i stivemolekylet når alfaamylasen har fjerna greinene.  Ubehandla stive blir blåfarga av jod, stive behandla av alfaamylase  dvs. stive utan sidegreiner i molekylet, blir brunrødfarga av jod, medan stive behandla med begge amylasetypane blir nedbrote og gjev dermed ingen fargereaksjon med jod.

Så snart spiren er komen opp av molda, skal den ha godt lys, men mindre varme enn under sjølve spiringa.  Lyset er i første omgang nødvendig for at det skal bli produsert klorofyllkorn i plantecellene.  Grønfarge i spirene  viser at det er blitt laga klorofyll. Når planten har fått kloro­fyll, startar den opp med fotosyntese, dvs. den lagar druesukker på eiga hand.  Av druesukker lagar den alle andre orga­niske stoff som den treng, t.d. stive, aminosyrer, arvestoff­syrer, feittsyrer, glyserol, cellulose,  osv.  Spiren må såleis greie seg på eiga hand, då den no har brukt opp  opplagsnæringa i frøet.

Dersom planten vert ståande i eit mørkt rom etter at den er kommen opp av molda, held den fram med å vekse raskt oppover utan å utvikle vanlege blad.  Den raske veksten er eit forsøk på å nå opp i lyset slik at den kan få produsert klorofyll­korn og starte opp med fotosyntese.

I barnehagen kan ein sette mange typar frø til spiring.  Barna kan t.d. finne frø i skogbotnen, t.d. av lønn eller hassel. Dei kan også vere med på å lage til luftig plantejord, t.d. ved at ein blandar godt ein del god skogmold med ein del sand. Generelt bør ein skylle bort fruktsafta på skogsfrø, og der­etter tørke dei før såing.  Barna kan plante t.d. 3 lønnefrø i kvar blomster­potte.  Frø av lønn spirer svært lett, og minst eitt av frøa i kvar potte spirer.  Barna kan t.d. ta dei små løn­neplantene med seg heim og plante dei der.  Kanskje kan det bli eit minne for livet.  Eventuelt kan småtrea plantast i barnehagen, til glede for barna som er der no og for dei som kjem seinare.

Vidare kan dei barna som har interesse for det, eksperimentere vidare ved å så frø frå t.d. kirsebær, plomme, eple, appelsin, grapefrukt, paprika og fersken.

 

Dyrking av grønnsaker og krydder

Det kan også vere morosamt og lærerikt for barna å stelle i ein kjøkkenhage.  Dersom det er ein grønnsakhage, kan dei også få stetta trongen til å smake på plantene.  Det er mange grønnsakartar som ein kan plante i ein slik hage t.d. gulrot, kålrot, selleri, rødbete, reddik, kvitkål, rødkål, blomkål, spinat, hagesalat, hagebønner og hageerter.

I ein krydderhage kan ein t.d. så persille, dill, karve, fennikel, karse, purre, gulløk og grasløk. Dei krydderplantane som blir dyrka og brukte i Norge, er først og fremst persille, grasløk, dill og karve.

Persille er det mest brukte krydder i Norge. Det finst to typar persille: rotpersille og kruspersille. Rota av den før­ste vert brukt i supper, medan blada av kruspersille vert brukt som krydder og som pynt på serveringsfat.  Begge artane spirer seint.

Grasløk er ei fleirårig plante som er hardfør og lite krav­full.  Blada vert brukte rå som krydder. Rik på A- og C vita­min. Lett å dyrke. Karve  er ei toårig skjermplante, som også veks vilt i Norge.  Karvefrø spirer  fort.  Blada blir brukte i suppe, karvekålsuppe.  Fruktene har sterk aromatisk lukt pga. eteri­ske oljar.  Dei blir brukte som krydder m.a. i ostar og kokte kålret­tar.

Karseplanter  er  lette å dyrke.  Dei har skarp, fin smak og vert brukte som krydder eller som pynt på smørbrød.

Mange av krydderplantene kan også dyrkast i potter inne i hus. Elles kan ein ha hardføre stoveplanter, t.d. grønnrennar, og svigermors tunge i barnehagen.   Vidare kan stoveplanter av t.d. typane begonia  og pelar­gonia med sine store, vakre blomar, pynte godt opp i barnehagen, og vere med på å gjere det fysiske miljøet trygt og hyggeleg for  alle som er der.

Barna må aldri smake på stoveplanter.

 

Akvarium i skule og barnehage

Eit akvarium kan vere til både nytte og glede for mange av barna i ein skule eller barnehage.  Dei får då sjå og oppleve korleis livet i ein dam\innsjø fungerer.  Spesielt synest dei at det er interessant og morosamt å sjå på fiskane i akvariet. Dei likar også godt å gje fiskane mat og sjå på at fisken et.

Når ein skal starte opp med eit akvarium, må ein ha kjennskap til ei rekkje tekniske detaljar.  Desse finn ein lettast i akvariebøker t.d. Ward, B.: Akvarieleksikon, Schibsted, Oslo, 1987.

Eit akvarium med vatn, dyr og planter, er eit lite økosystem, dvs ei samling av levande og livlause delar som er knytte saman med krinsløp.  Det største biologiske problemet som ein står ovanfor når ein skal starte opp eit akvarium, er å få krinsløpa i dette økosystemet til å fungere skikkeleg.  I praksis er det berre eit av nitrogenkrinsløpa som kan skape vanskar.  Årsaka til desse vanskane er mangelen på nitritt­bakteriar og nitratbakteriar i eit nystarta akvarium.  Den enklaste og sikraste måten å løyse dette problemet på, er å kjøpe slam frå eit av akvaria i akvariebutikken.  I dette slammet er det store mengder av dei to bakterietypane nemnde ovanfor.  Dessutan er der andre viktige bakteriar.

Akvariet med sand, slam, plantar, luftpumpe, varmekolbe (24 C) og lys, bør stå fullt montert nokre dagar før ein har fisk opp i vatnet.  Vanleg lystid per døgn er 12 timar.

Det er no utvikla store mengder bakteriar i sandlaget og desse kan omforme giftig ammoniakk frå fisken til plantenærings­saltet nitrat.  Bakteriane dør dersom dei får for lite oksy­gen. Akvariepumpa må derfor aldri vere slått av meir enn  ein halvtime om gongen.

For at eit akvarium skal bli pent må det ha plantar.  Fremst bør det vere små plantar, i midtre del middels høge plantar og høge plantar i bakre del.  Akvarielysrør gjev rett lystype for fotosyntese, og dei avgjev lite varme.  Lyset skal nå heilt ned til botnen.  Plantane produserer oksygen under fotosynte­sen. Dersom det er lite fisk i vatnet, produserer plantane nok oksygen til både bakteriane og fiskane.

Dei fleste akvarieplantar og akvariefiskar er tropiske orga­nismar, og krev såleis både høg og jamn temperatur.  Dette oppnår ein ved å bruke termostatstyrt varmekolbe som ein innstiller på t.d.  24 C.  Sidan dette er eit elektrisk apparat som skal under vatn , må brukstilvisinga lesast nøye.  Barna må ikkje leike med varmekolben.

Når ein skal velge fisk, bør ein studere ei akvariebok på førehand, gjerne saman med barna.  Siklidefiskane er både store og fargerike og høver derfor godt i barnehageakvariet. Elles er guppy, platy og gullfisk mykje brukte som akvarie­fiskar.  Spesielt for guppy (Poecilia reticulata) er at dei ikkje legg egg (rogn), men føder levande ungar.  Det vil vere interessant for barna å følge med i utviklinga hjå ein guppyfa­milie.  Observasjonane kan danne grunnlag for samtale om tema forplanting\fødsel.

Ved oppstarting av akvarium støyter ein også på fysiske og kjemiske problem.  Posen med nyinnkjøpt fisk skal såleis liggje å flyte i akvarievatnet i 0,5 time før fisken vert sleppt ut i vatnet.  Dette skal gjerast for å hindre at fisken får tem­peratursjokk. Vidare skal ein i løpet av denne halv­timen etappevis skifte ut posevatnet med akvarievatn, slik at det når halvtimen er over er meir akvarievatn i posen enn av det opphavelege vatnet.  Dette gjer ein for å hindre kjemisk sjokk, spesielt pH-sjokk for fisken.  Trass i  dette si­kringsopplegget er fisken ofte temmelege utslått den første timen i akvariet.  Motstandskrafta mot sjukdomar er redusert, og ikkje sjeldan dør ein del av fiskane.  Om fiskane skal trivast avheng i alle høve av om dei blir tekne godt imot av dei andre fiskane i akvariet.  Observasjonane kan danne grunn­lag for samtale om korleis barna skal vere mot kvarandre og mot framande barn og flyktningar.

Det er mange organismar som trivest i lyst og varmt akvarie­vatn.  Det kan fort bli svært mange sneglar i eit akvarium. Dersom det er mykje lys og næringssalt, blir det sterk grø­nalg­vekst i akvariet.  Når det er lite lys og mykje nærings­salt, blir det oppblomstring av brunalgar. Algelaget på akva­ri­egla­set kan fjernast med algeskrape.  Elles kan algeetande fisk, t.d. black molly vere med på å halde akvariet reint for algar.  Sjå elles i akvariebøker om vedlikehald av akvariet, skifting av vatn osv.

Også fiskeparasittar (sopp, flagellatdyr, bakteriar og virus) trivest godt i akvarie­vatnet.  Vanlege sjukdomsteikn på fisken er kvite eller røde flekkar i huda, eventeuelt kvite bo­mullsliknande vedheng  frå huda eller finnar, og at fisken ikkje et, men berre står stille i vat­net. Ofte er alle fiskane av same art smitta.  Dersom du vha. handbøker greier å stille rett diagnose, kan  sjukdomen kure­ra­st vha. medisin, som du får kjøpt i akvari­ebutikken.  Barna bør vere med på dette arbeidet å sjå korleis utviklinga går. 

Observasjonane her kan danne grunnlag for samta­le om tema sjukdom\død.

Fiskar som dør, må straks fjernast frå vatnet, då all fisk i akvariet fort kan bli forgifta av ned­brytingsprodukta t.d. ammoniakk frå den døde fisken.